Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

Innhold og søk

Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

§ 9-46 Vitnemål i vidaregåande opplæring

Vitnemål i vidaregåande opplæring skal givast som dokumentasjon på bestått opplæringsløp. Skolen eller fylkeskommunen skal utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til elevar som har hatt opplæring i eller på samisk, og privatistar som har tatt eksamen i eller på samisk, og til dei som ber om det.

For å få vitnemål må ein ha bestått alle nødvendige fag og eksamenar i samsvar med læreplanverket. Dette gjeld likevel ikkje for

  1. dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9
  2. dei som er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 5-10
  3. dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23
  4. dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-49
  5. dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 eller § 9-40.

Endra ved forskrift 22 juni 2026 nr. 1184.

Merknader til forskriften

Endret 30.06.26: Henvisning til bokstavene i andre ledd er justert etter fritak fra opplæring i fremmedspråk ble lagt til i listen ved forskriftsendring 22.06.26. 

Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 5‑4 andre ledd og viderefører deler av § 3‑39 og § 1‑13 andre ledd i den tidligere forskriften.

Første ledd første punktum angir retten til vitnemål. Retten til vitnemål gjelder uansett hvilket opplæringsløp som er bestått.

Andre punktum angir når vitnemål skal gis på samisk. Andre elever kan også få vitnemål med norsk og samisk tekst dersom de ber om det.

Listen i andre ledd bokstav a til e er uttømmende.