Opplæringsforskrifta
§ 9-40 Annullering av eksamen på grunn av feil ved gjennomføringa
Dersom det er gjort formelle feil ved gjennomføringa av eksamen, eller dersom eksamen av andre grunnar ikkje er avvikla i samsvar med reglane, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.
I vidaregåande opplæring har dei som har fått eksamen annullert, rett til ny eksamen etter § 9-37.
Utdanningsdirektoratet skal etter søknad gi dispensasjon frå kravet om bestått eksamen for den eksamenen som er annullert. jf. § 9-46 andre ledd. Slik dispensasjon kan berre gis til elevar, og berre dersom eleven har oppnådd bestått standpunktkarakter i faget.