Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

Innhold og søk

Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

§ 5-6 Opplæring i framandspråk

Elevar som held fram med det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag nivå II.

Elevar som byrjar med eit nytt framandspråk, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag nivå I.

Elevar som ikkje har hatt opplæring i framandspråk på 8. til 10. trinn, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag nivå I og nivå II.

Merknader til forskriften

Endret 25.09.2025: Andre avsnitt ble lagt til.

Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 1‑6 fjerde ledd, og viderefører § 1-10 første ledd i den tidligere forskriften.

Tredje ledd gjelder de som følger læreplanen for fremmedspråk fellesfag nivå I og nivå II. Med dette menes fremmedspråk I+II slik det er beskrevet i relevante læreplaner.