Opplæringsforskrifta
§ 9-38 Særskild eksamen for elevar i den vidaregåande opplæringa
Elevar i den vidaregåande opplæringa som får karakteren 1 som standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen.
Retten til særskild eksamen gjeld berre dersom elevane ikkje er trekte ut til eksamen i faget, og gjeld også for fag der det vanlegvis ikkje blir halde eksamen.
Dersom elevane består særskild eksamen, fell retten til meir opplæring i faget bort, jf. § 5-2 første ledd.