Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

Innhold og søk

Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

§ 3-2 Organisering av røystinga om skifte av hovudmål

Kommunen skal fastsetje tid og stad for røystinga og sørgje for å kalle inn dei røysteføre med minst fire vekers frist. Innkallinga skal ha med opplysningar om

  1. kva røystinga gjeld
  2. kven som har røysterett
  3. når og kvar røystinga skal haldast
  4. når og kvar førehandsrøystinga skal haldast.

Røystinga skal vere skriftleg.

Dei som har rett til å røyste, men ikkje kan vere til stades ved røystinga, har rett til å røyste på førehand.

Merknader til forskriften

Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 15‑2 andre ledd. Paragrafen viderefører §§ 9‑3 og 9‑4 i den tidligere forskriften.

Paragrafen regulerer det praktiske rundt selve folkeavstemningen og setter noen krav til kommunens gjennomføring av denne. Kommunen kan selv avgjøre om det skal gjennomføres drøftingsmøte i tilknytning til folkeavstemningen.