Opplæringsforskrifta
§ 15-25 Bortvising og annullering av eksamen
Reglane om bortvising frå eksamen i § 9-39 og annullering av eksamen i § 9-40 til § 9-42 gjeld for vaksne deltakarar og vaksne privatistar så langt dei passar.
Kommunen eller fylkeskommunen avgjer om nokon skal visast bort frå eksamen, og om eksamen skal annullerast etter § 9-41 og § 9-42.