Opplæringsforskrifta
§ 9-39 Bortvising frå eksamen
Elevar, og privatistar som hindrar eller forstyrrar gjennomføringa av eksamen, kan visast bort. Før dei kan visast bort, må dei ha fått ei åtvaring og moglegheit til å endre oppførsel.
Rektor sjølv avgjer om elevar skal visast bort. Fylkeskommunen avgjer om privatistar, dei som har læretid i bedrift og praksiskandidatar skal visast bort. Før det blir gjort vedtak om bortvising, skal den det gjeld få uttale seg om saka.
I vidaregåande opplæring vil elevar og dei som har læretid i bedrift, etter bortvising, ha rett til ny eksamen etter § 9-37. Privatistar og praksiskandidatar som får medhald i ei klage på eit vedtak om bortvising har også rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.