Opplæringsforskrifta
§ 4-5 Lokal forskrift om inntak
Fylkeskommunen skal fastsetje ei lokal forskrift om inntak som skal innehalde reglar om korleis inntaket skal gjennomførast, mellom anna reglar om
- kva for inntaksområde som gjeld
- korleis fylkeskommunen skal behandle søknader som kjem inn etter søknadsfristane
- særskilde inntakskrav for einskilde utdanningsprogram i tråd med § 4-6
- korleis inntak til opplæring i fylkeskommunale vidaregåande skolar, som er statleg finansierte og godkjende av departementet (landslinjer) skal gjennomførast
- korleis inntak til dei statlege vidaregåande skolane skal gjennomførast.
Den lokale forskrifta kan innehalde utfyllande reglar om inntak av søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1, og som ikkje bur i fylket.