Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

Innhold og søk

Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)

§ 15-29 Dokumentasjon i vidaregåande opplæring for vaksne

Reglane om vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring og særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram i § 9-46 første ledd, § 9-49, § 9-50 og § 9-51 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar.

For å få vitnemål gjeld dei same krava som i § 9-46 andre ledd, med unntak av opplæring i kroppsøving, jf. § 14-5. Dette gjeld likevel ikkje for

  1. dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 14-4
  2. dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 15-15 og § 15-16
  3. dei som fell under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 15-1, jf. § 9-48
  4. dei som har fått dispensasjon etter § 15-7 og § 15-25, jf. § 9-40.

Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse i fag. Kompetansebeviset skal i tillegg innehalde modulkarakterar og godkjend realkompetanse i modular.

Reglane i § 9-50 gjeld for deltakarar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring for vaksne.

Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.

Merknader til forskriften

29.09.2025: Kunnskapsdepartementet har endret første ledd i paragrafen, slik at også § 9-49 er tatt inn. 

Endret 16.10.2025: Siste avsnitt i merknaden er endret i tråd med forskriftsendringen. 

Paragrafen er gitt med hjemmel i opplæringsloven § 19‑1 tredje ledd og viderefører §§ 4‑31 til 4‑33 i den tidligere forskriften.

Paragrafen gjelder rett til vitnemål, kompetansebevis og særskilte regler om dokumentasjon i yrkesfaglige utdanningsprogram i videregående opplæring for voksne.

Se ellers merknad til §§ 9‑46, 9-49, 9‑50 og 9‑51.