Årsrapport 2021

Del III Aktivitetane og resultata for året

Vi har primært omtalt bidraga og vurderingane våre under brukareffektmåla, men i det følgande vil vi gi ein kort status for måloppnåinga og vise til korleis vi vurderer at brukareffektmåla våre bidreg til å støtte opp om sektormåla.

Spesielt om covid-19

Også 2021 har vore prega av pandemi i sektorane våre. Det er brei einigheit om at barn og unge skal skjermast frå inngripande smitteverntiltak, men omfanget av tiltak i løpet av pandemien har likevel gitt store konsekvensar. Vi har gjort oss mange erfaringar sidan pandemien starta i mars 2020, og i dag har vi eit godt kunnskapsgrunnlag om smitteverntiltak og konsekvensar av tiltaka i barnehage og skole.

Det har vore store variasjonar i smittetrykket ulike stader i landet. I Oslo og Viken, og i områda rundt ein del av dei store byane, har pandemien ført til inngripande tiltak retta mot barn og elevar over veldig lang tid.

Gjennom heile pandemien har det vore vekslingar mellom nasjonale, regionale og lokale vedtak om smitteverntiltak i barnehagar og skolar. Vi har ikkje ei detaljert oversikt som viser totalbildet av smitteverntiltak rundt i landet, men statsforvaltarane har i den jamlege dialogen med oss fortalt at det er store forskjellar rundt om i landet, også i 2021.

Pandemien har gitt ei sterkare forståing av kor viktig barnehagen og skolen er i livet til barn og unge. I tillegg til å vere avgjerande for læring og utvikling er barnehagen og skolen viktige arenaer der mange barn og unge får tilgang til viktige tenester. Ved inngangen til 2022 har pandemien ramma tre skoleår og snart to år av livet til barn og unge. Barn og unge har blitt påverka negativt av smitteverntiltaka under pandemien, og verknadene av smitteverntiltaka har ramma ulikt gjennom heile perioden som pandemien har vart.

Mykje av kunnskapsgrunnlaget vi har, tyder på at eit stort innslag av digital heimeskole gjer at elevane mistar gneisten og motivasjonen, og at lærarane mistar den kontakten med elevane som dei ønsker å ha. Det kan gå ut over læringsresultata. Det er framleis for tidleg å sjå langsiktige konsekvensar av pandemien i den statistikken vi vanlegvis bruker for å vurdere læringsresultat og gjennomføring, men eit breitt kunnskapsgrunnlag viser at barn og unge har blitt påverka negativt av smitteverntiltaka under pandemien, og verknadene av smitteverntiltaka har ramma ulikt gjennom heile pandemien. Vi er særleg merksame på korleis pandemien har gjort mange barn og unge meir sårbare.

Sektormål

Sektormål for barnehagen

  • Alle skal ha eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø.
  • Barn som treng hjelp, skal få det tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt.
  • Dei tilsette i kunnskapssektoren skal ha høg kompetanse.
  • Alle skal ha god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

Barnehagen er ein del av utdanningssystemet og ein arena som er viktig for at barn skal utvikle seg allsidig gjennom omsorg, leik og læring. Det er brei politisk einigheit om at barnehagane skal vere tilgjengelege for alle barn. Ulike moderasjonsordningar legg til rette for at alle barn skal ha moglegheit til å gå i barnehage.

Ved utgangen av 2021 gjekk 268 465 barn i barnehage. I aldersgruppa 1–5 år går 93 prosent av barna i barnehage. Til samanlikning er OECD-gjennomsnittet for prosentdelen 1–5-åringar i barnehage på 83 prosent. Den delen av barnekulla som går i barnehage, aukar jo eldre barna blir. I Noreg går 77 prosent av 1-åringane i barnehage, mens prosentdelen blant 3–5-åringane er heile 98 prosent.

Dei siste ti åra har vi sett nesten ei dobling i talet på minoritetsspråklege barn i barnehage. I alt er 19 prosent av barna i barnehagen minoritetsspråklege. I dei fleste av dei ti største kommunane er delen over landsgjennomsnittet. Drammen og Lillestrøm har flest minoritetsspråklege barn, målt i del av alle barn i barnehage. 19 prosent av dei minoritetsspråklege barna får styrkt norskopplæring i barnehagen. I motsetning til det som gjeld i grunnskolen, har ikkje minoritetsspråklege barn i barnehagen nokon lovfesta rett til norskopplæring, men kommunar med mange minoritetsspråklege barn får tilskot til å gi slik opplæring.

Det har vore ei vesentleg forbetring av bemanningstettleiken etter innføringa av bemanningsnorma. Ved utgangen av 2021 var det tilnærma full etterleving av norma (99 prosent). Det har også vore ei betydeleg forbetring av barnehagelærartettleiken. Likevel er det framleis 3 av 10 barnehagar som ikkje oppfyller pedagognorma. Det kjem først og fremst av at det er vanskeleg å rekruttere barnehagelærarar.

I 2021 hadde 9725 barn vedtak om spesialpedagogisk hjelp, noko som svarer til 3,6 prosent av barna i barnehagen. Dei siste fem åra har det vore ein svak, men jamn auke i prosentdelen barn som får slik hjelp.

Ifølge rammeplanen skal barnehagen fremme eit inkluderande og stimulerande miljø der alle barn opplever å bli sett og kan delta i leik. Miljøet skal støtte opp om lyst til å leike, utforske, lære og meistre. Det psykososiale miljøet i barnehagen kan definerast som dei kulturelle og relasjonelle forholda i barnehagen som har noko å seie for utvikling, leik, læring, sosial tilhøyrsel, helse og trivsel for barn.

Totalt sett er foreldre godt fornøgde med korleis barna deira har det i barnehagen. Noko av det foreldra er mest fornøgde med, er at barna trivst, at dei er trygge på personalet, og at det er mogleg å oppnå sosial utvikling. Berre 2 prosent av foreldra er ganske eller svært misfornøgde med barnehagen totalt sett. Vurderingane til foreldra tyder på at dei aller fleste barna har eit godt barnehagemiljø.

Over 97 prosent av foreldra svarer at barna deira trivst og er trygge på personalet i barnehagen. 95 prosent opplever at dei tilsette er engasjerte i barnet og tek omsyn til behova til barnet.

Ein nordisk studie (EPSI-rating 2021) viser at norske barnehageforeldre generelt er meir tilfredse med barnehagetilbodet enn foreldre i dei andre nordiske landa. Studien viser at norske foreldre skårar best både på kor fornøgde foreldra er, og trivsel i barnehagen.

Sektormål for grunnopplæringa

  • Alle skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø.
  • Barn og unge som treng hjelp, skal få det tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt.
  • Dei tilsette i kunnskapssektoren skal ha høg kompetanse.
  • Alle skal lykkast i opplæringa og utdanninga.

Det er rett og plikt til tiårig grunnskoleopplæring i Noreg, og kvar haust startar i overkant av 60 000 barn i første klasse. Tendensen går mot færre og større skolar, men geografiske forhold gjer at det framleis er mange små skolar. Som følge av norma for lærartettleik (lærarnorma) og auka løyvingar har det blitt færre elevar per lærar dei siste åra på dei lågare trinna.

Målt i årsverk var det 40 900 lærarar i ordinær undervisning i offentlege grunnskolar skoleåret 2021–22. Etter at norm for lærartettleik blei innført, har det blitt betydeleg fleire lærarårsverk, og i 2020 opplyste tre av ti skoleleiarar at dei har rekruttert lærarar som ei følge av norma. Likevel viser utrekningar at det framleis manglar omtrent 700 årsverk for at alle skolar skal oppfylle norma. 17 prosent av skolane oppfyller ikkje norma. Dette gjeld særleg store skolar i folkerike område.

Hausten 2021 fekk nesten 8 prosent av elevane i grunnskolen spesialundervisning, noko som utgjorde 49 200 elevar. 68 prosent av elevane som får spesialundervisning, er gutar. Dette talet har vore ganske stabilt over tid. Delen gutar som får spesialundervisning i grunnskolen, er noko lågare enn delen gutar som får spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.

Det har dei siste åra vore ein jamn auke i prosentdelen som får spesialundervisning i den ordinære klassen, noko som har vore ei ønskt utvikling. Nærmare halvparten av elevane som får spesialundervisning, får det hovudsakleg i klassen. I 2013 var delen 28 prosent. 39 prosent får spesialundervisning hovudsakleg i grupper, og 13 prosent får det hovudsakleg aleine.

Prosentdelen elevar som får spesialundervisning, aukar gjennom skoleløpet. På 1. trinn får 3,5 prosent av elevane spesialundervisning, mens talet på 10. trinn er 10,5 prosent, altså nesten tre gonger så mykje. Dette mønsteret har halde seg over tid. Prosentdelen går litt ned i overgangen frå barnetrinnet til ungdomstrinnet.

6 prosent av elevane i grunnskolen fekk særskild norskopplæring skoleåret 2021–22. Delen har minka gradvis dei siste fem skoleåra. Elevar som har rett til særskild norskopplæring, har også, etter behov, rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Av elevane som får særskild norskopplæring, får 26 prosent anna særskild språkopplæring i tillegg. Det utgjer 10 374 elevar. Sidan 2015–16 har det vore ein nedgang på 26 prosent i talet på elevar som får tospråkleg fagopplæring, morsmålsopplæring eller anna tilrettelagd opplæring. Nedgangen kan henge saman med endringar i innvandrarbefolkninga og kommunale prioriteringar.

Blant lærarane med godkjend lærarutdanning er det mange som ikkje oppfyller kompetansekrava for faga dei underviser i. Hausten 2021 er delen størst i engelsk, der 31 prosent av lærarane ikkje oppfyller kompetansekrava. I matematikk er prosentdelen 19 prosent, mens han er lågast i norsk, med 14 prosent. I norsk teiknspråk og samisk er det høvesvis 21 og 17 prosent som ikkje oppfyller kompetansekrava.

Elevane i grunnskolen har fått betre karakterar dei siste åra. Det gjennomsnittlege talet på grunnskolepoeng auka vesentleg frå 2019 til 2020. Vi kjenner ikkje heile årsaksbildet, men koronapandemien og avlyste eksamenar har sannsynlegvis spelt inn. Også våren 2021 auka talet på gjennomsnittlege grunnskolepoeng litt. Elevane på 10. trinn hadde i gjennomsnitt 43,3 grunnskolepoeng, noko som er 0,1 poeng meir enn i 2019–20. I 12 av dei 13 største faga er gjennomsnittskarakteren lik som førre skoleår, mens karakteren i naturfag har gått ned med 0,1 poeng. Grunnskolepoenga blir påverka av at eksamen blei avlyst både i 2020 og i 2021. Analysar viser at eksamenskarakterar i snitt trekker ned karaktersnittet og derfor påverkar utrekninga av grunnskolepoenga til elevane. I Noreg har alle rett til vidaregåande opplæring etter fullført grunnskole, ein rett dei fleste i dag også nyttar seg av. 98 prosent av elevane som fullførte grunnskolen i 2021, gjekk rett over i vidaregåande opplæring.

Dei gjennomsnittlege standpunktkarakterane i dei største faga i vidaregåande skole er i 2020–21 i stor grad på nivå med karakterane i 2019–20. Jentene har høgare snitt enn gutane i ni av dei ti største fellesfaga. Forskjellen varierer frå 0,2 til 0,6 karakterpoeng avhengig av fag. I kroppsøving for vg3 har gutane 0,1 karakterpoeng meir enn jentene.

Fleirtalet av elevane – 87 prosent – trivst godt eller svært godt på skolen, ifølge Elevundersøkinga. Den same undersøkinga viser at 10 prosent trivst litt på skolen, og at 3 prosent ikkje trivst. Desse resultata omfattar elevar frå 5. trinn til vg3. Trivselen er nokså stabil fram til ungdomsskolen, der han blir litt dårlegare, før han blir betre igjen på vg1. Det er små forskjellar i trivselen mellom gutar og jenter. Norske elevar ser ut til å trivast noko betre på skolen enn elevane i dei nordiske nabolanda våre.

Sjølv om dei fleste trivst på skolen, er det også funn som kan tyde på at skolemiljøet har blitt dårlegare for ein del elevar. 19 prosent av elevane på ungdomstrinnet føler at dei ikkje passar inn blant elevane på skolen. Funnet blir støtta av PISA-undersøkinga frå 2018 og er ikkje ein særnorsk tendens. Frå 2003 til 2018 har alle OECD-land sett ein gradvis auke i prosentdelen elevar som ikkje opplever tilhøyrsel.

Det er også andre funn som peiker i negativ retning. I Ungdata-undersøkinga for 2021 svarer for eksempel 73 prosent av elevane at dei kjedar seg på skolen. Denne delen har auka over tid og var på 70 prosent i 2019 og 2018. 25 prosent av ungdommane seier dei ofte gruer seg til å gå på skolen. Det er også mange ungdommar som opplever skolestress. Prosentdelen har auka dei siste åra, særleg blant jentene. I 2020 svarte 48 prosent av elevane at dei ofte eller svært ofte opplevde skolekvardagen som stressande. I 2021 har delen auka til 53 prosent av elevane. Meir enn seks av ti jenter og tre av ti gutar seier dei ofte eller svært ofte blir stressa av skolearbeidet.

Av elevane som svarte på Elevundersøkinga hausten 2021, opplyser 7,9 prosent av elevane på 7. trinn og 5,7 prosent av elevane på 10. trinn at dei har opplevd å bli mobba på ein eller annan måte, enten digitalt eller av andre elevar eller vaksne på skolen. For 7. trinn er dette ein liten auke frå 7,2 prosent i 2017–18. For 10. trinn har talet gått ned frå 8,3 prosent i 2017–18.

Aldri har fleire ungdommar fullført og bestått. 79,6 prosent av dei som begynte i vg1 i 2014, fullførte med studie- eller yrkeskompetanse innan to år etter normert tid. Gjennomføringa er høgare på studieførebuande enn på yrkesfag. Resultat frå grunnskolen er den viktigaste enkeltfaktoren som kan predikere om elevar vil gjennomføre vidaregåande opplæring.

Utdanningsdirektoratet følger utviklinga for grunnopplæringa tett og har ei rekke sentrale verkemiddel for å bygge opp under måloppnåinga på sektormåla. Læringsmiljøet til elevane er nærmare omtalt under brukareffektmål 1. Verkemiddel for å støtte skolane i arbeidet med å finne eigne tiltak omtaler vi under brukareffektmål 3. Også under brukareffektmål 2 omtaler vi ei rekke kompetansetiltak som har som mål å styrke læringsmiljøet.

Kompetansetiltak som vidareutdanningsordningane og dei skolebaserte tiltaka er store satsingar som er knytte til kompetansen dei tilsette har. Desse er nærmare beskrivne under brukareffektmål 2. I brukareffektmål 3 og 4 beskriv vi tiltak som skal styrke forståinga og etterlevinga av regelverket, og tiltak som skal heve kompetansen i analysearbeid. Brukareffektmål 5 handlar mellom anna om å heve kompetansen i opplæring i digital kompetanse og utvikling av ein profesjonsfagleg digital kompetanse. Her omtaler vi også utviklinga av digitale fellesløysingar og gir ei vurdering av den digitale tilstanden.

Under brukareffektmål 1 omtaler vi det vidare arbeidet med fagfornyinga og utviklinga av prøve- og eksamensfeltet. Her omtaler vi også tilskotsforvaltninga. Under brukareffektmål 4 viser vi korleis vi legg til rette for å utvikle skolesektoren på ein kunnskapsbasert måte.

Kjelde: basert på tekst frå Utdanningsspegelen 2021 og tal frå Utdanningsdirektoratet.

Brukareffektmål

Vi vil her omtale måloppnåinga innanfor kvart av dei fem brukareffektmåla og vurdere korleis vi har innretta verkemidla våre og ressursbruken vår. Fleire av innsatsane frå direktoratet bidreg til måloppnåinga fleire stader. I hovudsak omtaler vi desse innsatsane éin stad.

Rolla til direktoratet er todelt. Verkemidla våre og verkemiddelbruken vår er retta mot sektorane våre, og mykje av dette er omtalt her. Samtidig har vi ei rådgivande rolle overfor departementet og den politiske leiinga. I dette arbeidet bidreg vi med faglege vurderingar gjennom utgreiingar, i utviklinga og formidlinga av kunnskap og kunnskapsgrunnlag, gjennom innspel til statsbudsjettprosessane og som forvaltar av tilskota til sektorane.

Mål 1: Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagestyresmakter tek seg av utviklinga, læringa og trivselen til barn og unge i barnehagar, skolar og lærebedrifter

Skolen skal bidra til at elevane utviklar kunnskap, evner og haldningar slik at dei meistrar livet og kan delta i arbeid og fellesskap. Vi veit at pandemien har hatt negative konsekvensar for barn og unge. Indikatorane vi normalt brukar til å måle dette, gir oss ikkje nøyaktig informasjon om korleis smitteverntiltaka faktisk har verka inn på utvikling, læring og trivsel. Samtidig har vi eit godt kunnskapsgrunnlag om kva som er føresetnader og nødvendige rammer for ein god barnehage- og skolekvardag. Betydninga av barnehagar og skolar som ein viktig arena i livet til barn og unge er derimot godt dokumentert. Under pandemien har desse rammene og føresetnadene blitt utfordra. Frå direktoratet si side har det derfor vore viktig å prioritere å halde barnehagar og skolar opne, og at barn og unge skal skjermast frå inngripande smitteverntiltak så langt det er mogleg.

Utvikling i dei grunnleggande ferdigheiter og den faglege kompetansen til elevane 

Hausten 2021 blei det gjennomført nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk på 5., 8. og 9. trinn. I tråd med tidlegare år viser analysar av resultata at gutane presterer litt betre enn jentene i rekning, mens jentene presterer litt betre enn gutane i lesing. Samanlikna med året før presterer gutane noko sterkare i rekning og engelsk, mens jentene presterer noko svakare i rekning.

Analysar av resultata på 5. trinn tyder på at prestasjonane til elevane i engelsk har blitt betre dei to siste åra, og prosentdelen elevar som presterer på høgaste meistringsnivå er nesten to prosentpoeng høgare enn i fjor. Denne delen har stige sidan vi starta å måle utvikling i grunnleggande ferdigheiter over tid, men har vore størst dei siste to åra. 

Prestasjonsforskjellen mellom gutar og jenter i rekning på 5. trinn har blitt større og er no den største sidan vi starta å måle utvikling over tid. Dei fire siste åra har gutane prestert to skalapoeng betre enn jentene. Denne forskjellen auka til fire skalapoeng ved gjennomføringa i 2021. 

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at utdanningsnivået til foreldra har noko å seie for resultata for elevane på nasjonale prøver. Prosentdelen elevar på lågaste meistringsnivå er vesentleg større blant elevar som har foreldre med grunnskoleutdanning eller inga fullført utdanning, enn blant elevar som har foreldre med høgare utdanning. Denne forskjellen er spesielt tydeleg i lesing og rekning og mindre i engelsk.

Årets avgangselevar i grunnskolen fekk i gjennomsnitt 43,3 grunnskolepoeng. Det er ein auke på 0,1 poeng frå året før. Sidan eksamen for alle grunnskoleelevar blei avlyst både skoleåret 2019–20 og 2020–21, er grunnskolepoenga for desse åra berre baserte på standpunktkarakterar. I alle grunnskolefag bortsett frå naturfag er gjennomsnittleg standpunktkarakter den same som i 2019–20. 

Statistisk sentralbyrå (2021) fann at standpunktkarakterane til elevar som presterer på det lågaste meistringsnivået på nasjonale prøver, har blitt løfta under koronapandemien. For elevar som presterer på meistringsnivå 1 på nasjonale prøver i rekning, har delen som får standpunktkarakter 1 eller 2 i matematikk, minka frå 2019 til 2021. Sjølv om dette er interessante funn, gir ikkje statistikken i seg sjølv tilstrekkeleg grunnlag for å kunne seie noko sikkert om kva betydning pandemien har hatt for utviklinga i dei grunnleggande ferdigheitene og den faglege kompetansen til elevane. Avlyst eksamen kan ha gitt meir rom for læring, samtidig som digital undervisning og heimeskole kan ha påverka vurderingsgrunnlaget til læraren. I tillegg er nasjonale prøver og standpunkt to heilt ulike vurderingsformer som måler ulike ting. Resultata kan derfor ikkje samanliknast direkte.

Også for elevane i vidaregåande opplæring er dei gjennomsnittlege standpunktkarakterane i fellesfaga for skoleåret 2020–21 på nivå med dei frå 2019–20. I programfaga går fleire av karakterane opp frå året før. Jentene har høgare snittkarakter enn gutane i ni av ti av dei største fellesfaga. 

Utviklinga vi har sett dei siste åra med høgare gjennomsnittlege standpunktkarakterar, held også fram under pandemien. Det er vanskeleg å slå fast årsakene til dette. Rambøll (2021) peiker på ulike faktorar som kan ha spelt inn. For eksempel kan avlysing av skriftleg eksamen ha ført til meir tid på skolen og til standpunktvurdering. I tillegg peiker Rambøll på at heimeskole kan ha bidrege til at ein del elevar fekk betre arbeidsro og moglegheit til å konsentrere seg om skolearbeidet. Tilgang på hjelpemiddel heime kan også ha påverka karakterane. At gjennomsnittlege standpunktkarakterar har blitt høgare under pandemiåra, blir også observert i land som Frankrike, Spania og Italia (OECD, 2021). 

Avlagde fag- og sveineprøver 

Nedgangen vi såg i 2020 i talet på lærekontraktar og fag- og sveinebrev, har i 2021 teke seg opp igjen, og er på eit høgare nivå enn vi såg før pandemien. I 2021 var det meir enn 30 300 som søkte om læreplass i Noreg, 1600 fleire søkarar enn i 2020. Prosentdelen søkarar som fekk læreplass auka frå 76 prosent i 2020 til 78 prosent i 2021, ein auke på 2000. 82 prosent av søkarane starta opplæring i bedrift som lærling eller lærekandidat i 2021. Det betyr samtidig at nesten 20 prosent av søkarane ikkje fekk læreplass i bedrift før utgangen av året. 2021 blei, som 2020, prega av koronautbrotet. Mange bedrifter har hatt utfordringar med å halde drifta i gang, og lærlingar har blitt permitterte. Omfanget av permitteringar og koronatiltak var likevel mykje mindre i 2021 enn i 2020. Det kan også vere andre grunnar til at søkarar ikkje får læreplass. Hindringar for å få læreplass kan handle om at bedriftene ikkje opplever søkarane som kvalifiserte eller klare for overgangen til lære, at talet på skoleplassar ikkje samsvarer med talet på tilgjengelege læreplassar, eller at bedriftene manglar motiv for å ta inn lærlingar.

I 2021 var det fleire nyutdanna fagarbeidarar enn på lenge. Totalt bestod 29 500 fag- og sveineprøva i perioden 2020–21. Det er 3000 fleire enn i 2019–20. Av dei som bestod prøva, var 62 prosent lærlingar og 33 prosent praksiskandidatar. Praksiskandidatar er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid.

Fleire gjennomfører vidaregåande opplæring

Aldri før har fleire ungdommar fullført vidaregåande opplæring. Dette har vore eit prioritert område over lengre tid, fordi å fullføre vidaregåande vil gi kvar enkelt større fridom i vidare karriereval og moglegheita til å skape eit godt liv. Sidan innføringa av læreplanverket for Kunnskapsløftet i 2006 har delen som har gjennomført vidaregåande skole, stige jamt. For kullet som starta på vg1 i 2014, ligg prosentdelen gjennomførte på 79,6 prosent, mens prosentdelen som gjennomførte for 2006-kullet, var 72 prosent. 

Delen som fullfører, fordeler seg ujamt mellom utdanningsprogramma, med 89,1 prosent på studieførebuande og 68,3 prosent på yrkesfag. Det er også store variasjonar mellom dei ulike yrkesfaga; elektro og datateknologi har høgast prosentdel, med 77 prosent, mens restaurant- og matfag har lågaste prosentdel, med 49 prosent.

Det er grunnskoleresultata for eleven som er den viktigaste enkeltfaktoren for om eleven gjennomfører vidaregåande opplæring. Dette omfattar både grunnskolepoeng og resultat frå nasjonale prøver, der grunnskolepoeng har mest å seie. 

Sjølv om prosentdelen som gjennomfører, er høgare enn nokon gong, vil vi halde fram med å arbeide for å nå målet til regjeringa om at ni av ti fullfører og består vidaregåande opplæring innan 2030. I 2021 la regjeringa fram Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, som dannar grunnlaget for det vidare arbeidet vårt. I påvente av oppdragsbrev frå departementet knytt til fullføringsreforma har vi i 2021 gjennomført eit forarbeid for å sikre ei heilskapleg tilnærming som er i tråd med ambisjonar og intensjonar i meldinga. 

Læreplanverket 

Våren 2021 blei læreplanar på vg2 og vg3 fastsette og publiserte. Dette omfattar 53 programområde på vg2, 19 særløpsfag og omtrent 180 lærefag og yrkeskompetanseløp innanfor 10 yrkesfaglege utdanningsprogram. Innanfor studieførebuande utdanningsprogram omfattar det 49 nye læreplanar frå utdanningsprogramma kunst, design og arkitektur, medium og kommunikasjon, musikk, dans og drama og studiespesialisering. 2021 har vore det andre innføringsåret for LK20 og det første året for nye læreplanar for 10. trinn og vg2. Som i 2020 gir statsforvaltarane, partane i strategien for fagfornyinga og fylkeskommunane tilbakemeldingar om at det er krevjande for skolesektoren å finne nok tid til å jobbe felles og systematisk med dei nye læreplanane samtidig som ein skal handtere smittevernsituasjonen. Sjølv om mange skoleeigarar og skolar har førebudd og arbeidd med fagfornyinga over fleire år, ser vi det som viktig å følge med på konsekvensar både for skolar og for elevar av at begge dei første innføringsåra har vore prega av pandemien. Vi ser at det er ein risiko for at forskjellar i kapasitet og kompetanse som også er der i ein meir normal situasjon, kan bli forsterka. I 2021 har Utdanningsdirektoratet dialogen sin med aktuelle aktørar i sektoren vore ekstra viktig, og vår vurdering er at dette er viktig også framover for å få ei felles forståing av situasjonen og vurdere behov for eventuelle tiltak. I kommunikasjonen vår til sektoren har vi lagt vekt på skoleeigaren sitt ansvar for å legge til rette for at det nye regelverket skal takast i bruk, samtidig som vi viser forståing for at pandemien gir krevjande vilkår for utviklingsarbeidet. Vi har også peikt på dei moglegheitene som ulike hjelpeverktøy gir.

Innføring av nytt læreplanverk 1

I 2021 har vi gjort ferdig og vidareutvikla nasjonale tiltak for å støtte innføringa av fagfornyinga. Tiltaka består av digitale nettressursar på udir.no, kompetansepakkar og bruk av sosiale medium. Vi ser tiltaka i samanheng med kompetanseordningane og vidareutdanningstiltak. Vi har lagt vekt på at tiltaka skal vere ei hjelp for sektoren til å forstå og bruke LK20 og LK20S. Tiltaka skal også støtte opp under sentrale intensjonar med fagfornyinga. Vidare skal dei bidra til didaktisk refleksjon i profesjonsfellesskapa framfor å gi ferdige løysingar eller gripe for mykje inn i det lokale handlingsrommet. Det skal komme tydeleg fram at ressursane og ordningane er frivillige å bruke, og at dei kan brukast på ulike måtar, ut frå kva som er behova lokalt.

Føremålet med kompetansepakken for innføring av nytt læreplanverk er å auke læreplanforståinga og kjennskapen til LK20/LK20S. Størstedelen av lærarane og leiarane i norsk skole har brukt kompetansepakken, og totaltalet på brukarar per januar er 88 494. Dette viser at kompetansepakken er godt kjend, men så langt veit vi lite om korleis skolane har arbeidd med hen. Det er lågare deltaking i vidaregåande opplæring enn i grunnskolen. Kompetansepakken er i 2021 vidareutvikla med to nye modular, ein om vurdering og ein med praksiseksempel frå fag, og med tillegg som forsterkar relevansen for programfaga i vidaregåande opplæring, både yrkesfag og studieførebuande fag. Kompetansepakken om programmering og algoritmisk tenking har per no om lag 6500 brukarar.

I 2021 er det også utvikla kompetansepakkar som skal støtte lærebedrifter, prøvenemnder og fylkeskommunane i innføringa av nytt læreplanverk for opplæring i bedrift. Kompetansepakkane blei publiserte 3. januar 2022. 

Den digitale læreplanvisninga skal synleggjere samanhengar og stimulere lærarar og instruktørar i bedrifter til å bruke heile læreplanen. Planleggingsverktøyet gjer det mogleg å planlegge undervisning i fag og på tvers av fleire fag i samarbeid med andre lærarar og dele innhald med elevar og foreldre, og er mest brukt på grunnskolen. Tidlege rapportar frå evalueringa av fagfornyinga peiker på at det er viktig å følge med på om støtteressursar i praksis kan verke meir styrande enn intensjonen er.

Forvaltning av læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 og 2020S 

Vi har i 2021 arbeidd vidare med å utvikle ei kunnskaps- og erfaringsbasert læreplanforvaltning, eit arbeid som starta i 2020. Vi prioriterer innhenting og samanstilling av ulike typar kunnskap og erfaringar om korleis læreplanane blir brukte og forstått. Kunnskapen vil danne grunnlag for å vurdere tilstanden, foreslå tiltak eller justeringar og fange opp eventuelle nye kunnskapsbehov. 

Foreløpig er det avgrensa kor mykje vi veit om korleis læreplanane blir brukte og forstått. Eit visst inntrykk har vi fått, gjennom tidlege rapportar frå evalueringa av fagfornyinga, og gjennom kontakt med og spørsmål frå sektor. Tema som går igjen, er at det er spørsmål rundt kva tverrfaglege tema og kjerneelement i læreplanverket inneber for praksis, og korleis enkelte kompetansemål skal tolkast. Vi får også ein del spørsmål og innspel som gjeld eksamen og standpunktvurdering etter nye læreplanar. Elevstemmer i sektoren er opptekne av at styrkinga av elevmedverknad i fagfornyinga blir følgd opp i praksis på gode måtar. Andre innspel som går meir på det praktiske rundt innføringa, har vi forbetra informasjon om undervegs. Dette gjeld for eksempel informasjon om gyldigheit og innføringstakt, informasjon om fagkodar og overgangsordningar og omsetting av læreplanar.

Yrkesfagleg tilbodsstruktur 

Tilbodsstrukturen for yrkesfaglege utdanningsprogram er i dynamisk forvaltning, og Udir skal, saman med dei faglege råda, anbefale endringar i tilbodsstrukturen som kan bidra til at opplæringa i større grad fyller det framtidige kompetansebehovet i samfunnet og arbeidslivet. 

Hausten 2021 blei det lansert ein ny søkarportal for endringar i den yrkesfaglege tilbodsstrukturen. Formålet med denne portalen er å gjere det enklare å sende inn og handtere søknader om endringar i tillegg til at han skal bidra til å rettleie søkarane undervegs i søknadsprosessen. 

Rammeplan for SFO 

I 2021 har den nye nasjonale rammeplanen for skolefritidsordninga (SFO) blitt fullført og fastsett, og han blei sett i kraft 1. august 2021. Som hjelp til innføring har vi utvikla støtte- og rettleiingsmateriell til alle kapitla i rammeplanen. Dette er i første omgang særleg retta mot leiarar i SFO og skal bidra til kvalitetsutvikling. Støtta skal vere lett tilgjengeleg og nå ei brei tilsettgruppe. Det er lagt vekt på at støttemateriellet skal gi inspirasjon og bidra til refleksjon og vidareutvikling av eigen praksis. Vi har laga ein eigen kompetansepakke om trygt og godt miljø i SFO. I tillegg til desse ressursane har vi trykt opp rammeplanen og halde ein digital konferanse om innhaldet i rammeplanen og innføringsarbeidet. 

Gjennom høyring av rammeplanen og anna involvering av sektoren har vi erfart positivt engasjement rundt det at SFO får ein nasjonal rammeplan. Mange av innspela til høyringa legg vekt på ulike vilkår for at den nasjonale rammeplanen skal få noko å seie for praksis. For eksempel peiker nokre på at viss det blir for lite tid til felles utviklingsarbeid og planlegging, vil arbeidet med å innføre planen bli meir krevjande. Mange er også opptekne av føresetnader som ligg utanfor mandatet til rammeplanen, for eksempel tid til planlegging, bemanningsnorm og kompetanseheving. Innspela synleggjer behovet for å støtte og mobilisere skoleeigarar og leiarar i arbeidet med å innføre ein ny rammeplan. Sidan rammeplanen nettopp er innført, har vi ikkje så mykje kunnskap om innføringa enno. Vi går ut frå at fleire SFO-ar har dei same utfordringane som høyringsinnspela peiker på, og at desse utfordringane kan vere endå meir krevjande under ein pandemi.

Vi har sett i verk ei evaluering av arbeidet med å innføre rammeplanen som skal vare fram til 2023. Evalueringa skal undersøke kva endringar som skjer i SFO som følge av ein nasjonal rammeplan. I tillegg til å undersøke korleis rammeplanen blir sett i verk i praksis, skal evalueringa mellom anna sjå på korleis rammeplanen blir fortolka, operasjonalisert og erfart av aktørar på ulike nivå i sektoren, regionalt og lokalt.

Rammeplan for barnehage 

Innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er forskriftsfesta i rammeplan for barnehagen. I 2021 har Udir jobba vidare med forvaltning av rammeplanen, og hovudvekta har lege på å ta i bruk kunnskapsgrunnlaget og å støtte barnehagane i å forstå og bruke rammeplanen vidare.

I 2021 kom første delrapport i evalueringa av arbeidet med å innføre rammeplanen (Homme mfl., 2021). Hovudfunna er at rammeplanen er teken i bruk, og at han har brei legitimitet i sektoren. Barnehagane prioriterer i høg grad å jobbe med overgangar, men arbeidet med å inkludere dei samiske rettane skjer i svært varierande grad. Rammeplanen blir oppfatta som tydeleg og klar og ein god styringsreiskap, men det blir peikt på utfordringar med å føre tilsyn på bakgrunn av han (Homme mfl., 2021). Udir vil jobbe vidare med funn frå rapporten i 2022, både gjennom formidling via eiga temaside for evalueringa på udir.no og ved å bruke rapporten som kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid.

Udir har i 2021 jobba vidare med å utvikle støtteressursar til rammeplanen. Innhald har blitt valt og prioritert på bakgrunn av ulike kunnskapskjelder som evalueringa, Spørsmål til Barnehage-Norge og andre forskingsrapportar, innspel frå statsforvaltarar og referansegrupper frå barnehagesektoren. I 2021 har vi utvikla 7 nye filmar og ein kompetansepakke om barnehagemiljø. Tilbakemeldingane har vore positive, men vi opplever også at støtteressursane ikkje er godt nok kjende i sektoren. Dette tek vi med oss vidare inn i 2022.

Læringsmiljø 

Barnehagemiljø 

Ifølge rammeplanen skal barnehagen fremme eit inkluderande og stimulerande miljø der alle barn opplever å bli sett og kan delta i leik. Barnehagen har mellom anna ansvar for å førebygge, stoppe og følge opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønster. Plikta barnehagen har til å jobbe systematisk for å førebygge utestenging og mobbing, er forsterka i kapittel VIII i barnehagelova som tredde i kraft 1. januar 2021. I 2021 har vi utvikla ein digital kompetansepakke om trygt og godt miljø i barnehagen som skal bidra til at personalet kan auke kompetansen sin på trygt og godt psykososialt barnehagemiljø innanfor det gjeldande regelverket. I tillegg er plassen til barnehagen i Læringsmiljøprosjektet styrkt, og det er no like mange plassar til barnehagar som skolar i prosjektet. 

Vidare arbeid med utvikling av kompetanse- og støtteressursar for arbeid med trygt og godt barnehagemiljø vil halde fram gjennom 2022. Erfaringar frå brukarane skal samlast inn for å vidareutvikle og tilpasse ressursane våre i tråd med deira behov. 

Tal frå foreldreundersøkinga i barnehagen 2021 viser at foreldre i hovudsak er fornøgde med barnehagetilbodet, og dette har vore stabilt dei siste fire åra. Heile 97 prosent av foreldra svarte at dei var svært eller ganske fornøgde med trivselen til barna, og 96 prosent av foreldra er fornøgde med sikkerheit i barnehagen. 1,5 prosent svarte at barna deira ikkje trivst i barnehagen. 

Skolemiljø

Eit trygt og godt skolemiljø er ein føresetnad for læring og for at skolane skal kunne oppfylle mandatet sitt. Skolen skal sørge for eit inkluderande fellesskap som fremmar helse, trivsel og læring for alle. I Elevundersøkinga 2021 siger 86 prosent av elevane frå 5. trinn til vg3 at dei trivst godt eller svært godt på skolen. 11 prosent trivst litt, og 3 prosent seier at dei ikkje trivst på skolen. Trivselen går noko ned på ungdomsskolen. Det er små forskjellar i trivselen mellom gutar og jenter. 

Udir har fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å vidareutvikle kompetansetiltak for trygge og gode skolemiljø. I 2021 har vi mellom anna starta arbeidet med å vidareutvikle Læringsmiljøprosjektet, som er eit kompensatorisk tiltak for barnehagar og skolar som har utfordringar, og som treng støtte i læringsmiljøarbeidet. Det er også utvikla ein ny kompetansepakke om trygt og godt skolemiljø som skal hjelpe tilsette og leiar i å auke kompetansen sin om trygt og godt skolemiljø. Udir har også tildelt midlar til arbeid i skolen med negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.

Sjølv om dei fleste trivst på skolen, er det også funn som kan tyde på at skolemiljøet har blitt dårlegare for ein del elevar. Elevundersøkinga viser ein tendens til at elevane har blitt mindre motiverte, frå 2016 og framover, særleg på 5. trinn. Elevundersøkinga viser også eit fall i trivselen til elevane og i opplevinga deira av meistring over tid.

Sjølv om skolane har vore prega av ulik grad av smitteverntiltak, ser det ikkje ut til at dette har påverka svaret til elevane i undersøkinga. Det vil ikkje nødvendigvis seie at pandemien ikkje har påverka læringsmiljøet til elevane, men at eventuelle endringar ikkje har blitt plukka opp. Undersøkinga viser at elevane generelt opplever at læringsmiljøet har blitt dårlegare på 5. og 7. trinn over tid. Det er først og fremst ved skolar som har eit godt læringsmiljø, at forverringa har vore størst.

Arbeidet med å utvikle kompetanse- og støtteressursar for arbeid med trygt og godt skolemiljø vil halde fram i 2022. Vi vil særleg vere opptekne av å undersøke behovet tilsette i vidaregåande opplæring har for kompetanseutvikling innanfor læringsmiljøfeltet, og følge opp og støtte kompetanseutvikling i grunnskole og SFO. Vi vil også systematisere kunnskap og erfaringar for å vidareutvikle og tilpasse ressursane våre i tråd med behova til brukaren.

Mobbing 

Tal frå Elevundersøkinga 2021 viser at 5,9 prosent av elevane opplyser at dei har blitt mobba to til tre gonger i månaden. Det vil seie at dei i ein eller annan kombinasjon har blitt mobba av medelevar, digitalt mobba av nokon på skolen og/eller mobba av vaksne på skolen. Tilsvarande tal for 2020 var 5,8 prosent. Prosentdelen som opplever mobbing, minkar med alderen. Det er ein større del jenter enn gutar som opplyser at dei blir mobba, på 6. til 10. trinn. Sjølv om forskjellane er små, har dei blitt større i jentene sin disfavør. I Elevundersøkinga 2021 er det rundt ein tredel av elevane som utset andre for mobbing, som også sjølve blir utsette for mobbing. Samla sett er det svært små endringar i resultata frå Elevundersøkinga 2020 til Elevundersøkinga 2021. 

Våren 2021 var det 744 saker som blei melde til statsforvaltaren. Det er ein auke frå i fjor vår, då 590 saker blei melde inn. Korleis pandemien har verka inn på desse tala, veit vi ikkje sikkert. 

Udir har i 2021 mellom anna utvikla eit nytt felles nasjonalt tilsyn med internkontrollen til kommunen knytt til skolemiljø, handtert klager på avgjerdene til statsforvaltaren i skolemiljøsaker, fremma forslag til ei vidare organisering av mobbeombodsordninga og fungert som sekretariat for eit fornya Partnarskap mot mobbing.

Arbeids- og læringsmiljø for lærlingar 

Lærlingar har krav på eit godt arbeids- og læringsmiljø, slik at dei lærer det dei skal, og når måla i læreplanen. Lærlingundersøkinga frå 2021 viser at lærlingane i stor grad trivst, og 9 av 10 svarer at dei er motiverte for å lære på arbeidsplassen. På vg1 og vg2 legg faget yrkesfagleg fordjuping opp til at elevane skal ha praksis i bedrift. 84 prosent av lærlingane opplyser at dei var i praksis i vg1 eller vg2, og over halvparten var i praksis på både vg1 og vg2. 16 prosent svarer at dei ikkje var ute i praksis i det heile. 73 prosent av dei som har hatt praksis i bedrift, svarer at praksisen gav viktig kjennskap til arbeidslivet. Helse- og oppvekstfag er det utdanningsprogrammet der høgast prosentdel har vore i praksis på både vg1 og vg2, med 83 prosent. Det er også i helse- og oppvekstfag at flest er einige i at yrkesfagleg fordjuping har gitt viktig kjennskap til arbeidslivet.

Det er 3,6 prosent av lærlingane som opplever å bli mobba på arbeidsplassen to til tre gonger i månaden, éin gong i veka eller fleire gonger i veka. Halvparten av dei som blir mobba, opplever dette to til tre gonger i månaden, og halvparten opplever det omtrent éin gong i veka eller fleire gonger i veka. Tendensen er ein svak nedgang dei siste tre åra i prosentdelen som opplever å bli mobba.

Oslo har høgast prosentdel som blir mobba, og Vestfold og Telemark har lågast. Det er flest som blir mobba i restaurant- og matfag og færrast i elektro og datateknologi. Av dei som blir mobba, svarer 65 prosent at dei har blitt mobba av andre kollegaer, mens 23 prosent svarer at dei har blitt mobba av leiinga.

Fråvær 

Koronapandemien har påverka føring av fråvær også i 2021. Det blei innført midlertidige endringar i fråværsreglane for grunnskolen og vidaregåande skole skoleåret 2020–21. Endringane innebar mellom anna at fråvær av helsegrunnar dokumentert av foreldre (eller med eigenmelding for elevar over 18 år) etter 23. august og ut skoleåret ikkje skulle førast på vitnemål eller kompetansebevis. Det er med andre ord ikkje mogleg å seie noko om det reelle fråværet til elevane skoleåret 2020–21. Fråværet har generelt vore høgare grunna koronapandemien, men heile bildet blir ikkje fanga opp i statistikken. 

Sidan helserelatert fråvær ikkje skulle førast på vitnemålet frå og med 23. august 2020 og ut skoleåret, er det ikkje overraskande at dagsfråværet har gått ytterlegare ned i 2020–21 både blant elevar på 10. trinn og blant elevar på vidaregåande skole. På vidaregåande har likevel timefråværet gått opp med éin time, men er framleis lågare enn før koronapandemien.

På grunnskolen var medianen for talet på dagar fråvær berre éin dag skoleåret 2020–21, mot seks dagar før pandemien (2018–19) og fire dagar i 2019–20. Talet på timar er også mykje lågare, med ein median på to timar mot fem timar dei to siste åra før pandemien, og tre timar i 2019–20. 

 2015–162016–172017–182018–192019-202020-21
Median dagar 5,03,03,03,04,0 1.0
Median timer12,09,010,011,03,0 2.0

Timar og dagar fråvær dei siste fem åra på 10. trinn

 2015–162016–172017–182018–192019-202020-21
Median dagar fravær5,03,03,03,02,0 0,0
Median timer fravær12,09,010,011,07,0 8,0

Timar og dagar fråvær dei siste fem åra på vidaregåande skolar 

I overkant av 5000 elevar blei ståande utan vurderingsgrunnlag (IV) i minst eitt fag skoleåret 2020/2021. Det er på same nivå som 2019–20. 42 prosent av desse fekk berre IV i eitt fag, mens 58 prosent fekk meir enn éin IV. Det er ein liten nedgang frå 1,3 prosent til 1,2 prosent som fekk IV i berre eitt fag skoleåret 2020–21. Prosentdelen elevar som får IV, har halde seg stabilt gjennom koronapandemien.

Utvikling av inkluderande praksis i barnehage og skole

Udir held arbeidet fram med å utvikle inkluderande praksis i barnehage og skole, som ei oppfølging av tiltak i Meld. St. 6. Eit viktig tiltak er å prøve ut alternative modellar for inkluderande praksis. Gjennom Piloter for mer inkluderende praksis i barnehage, skole og SFO – del 1, som går frå 2020 til 2022, følger forskarar frå ideas2evidence og Høgskolen i Østfold modellutprøving i fem ulike kommunar. Del 2 blir gjennomført av NTNU Samfunnsforsking i perioden 2020–2025 og inneber ei systematisk utprøving og evaluering av modellar.

Pilotane handlar om å prøve ut og vidareutvikle modellar for meir inkluderande praksis i skole, barnehage og SFO. Fellestrekk ved modellane er at PPT og støttetenester rundt barn og elevar blir knytte tettare på barnehage og skole og jobbar meir førebyggande overfor barn og elevar. Eitt av formåla med pilotane er at dei skal bidra til betre tilrettelegging innanfor det ordinære tilbodet og redusere behovet for spesialpedagogiske tiltak og spesialundervisning.

Pandemien har ført til noko forseinking i enkelte av pilotane. Delrapport frå pilotar – del 1 viser at kommunane organiserer arbeidet med pilotane ulikt. Det er likevel mange fellestrekk mellom pilotane. Fleire har hatt behov for å bruke tid på å forankre arbeidet og utvikle dei spesifikke tiltaka og forståinga av inkluderande praksis og kva som ligg i dette. Del- og sluttrapportane frå pilotane kan bidra med erfaringar og kunnskapsgrunnlag som kan stimulere til praksisendringar lokalt og gi grunnlag for endringar i nasjonal politikk.

Nasjonale prøver og kartleggingsprøver

Nasjonale prøver blei gjennomførte som normalt hausten 2021, og vi hadde ingen spesielle utfordringar knytt til gjennomføringa. Resultata viste stabilitet i lese- og rekneferdigheitene til elevane, mens ferdigheitene til elevane i engelsk har blitt noko betre over dei to siste åra.

Til liks med året før har 2021 vore prega av mykje utviklingsarbeid i det nye prøvegjennomføringssystemet til Udir. Dette skal vere heilt klart til første gjennomføring av nasjonale prøver hausten 2022. Sidan det tek rundt to år å utvikle ei nasjonal prøve, vil gjennomføringa hausten 2022 også vere den første etter nytt læreplanverk. Desse endringane vil føre med seg eit brot i trendmålingane som vi starta med i 2014 for rekning og engelsk og i 2016 for lesing. 2022 vil derfor bli eit nytt «år null» for nasjonale prøver når det gjeld måling av utvikling over tid.

Våren 2021 gjennomførte vi kartleggingsprøver i lesing og rekning på 1.–3. trinn og engelsk på 3. trinn. I utgangspunktet skulle prøvene gjennomførast mellom 8. mars og 14. april, men sidan skolane på dette tidspunktet framleis var prega av pandemien, blei det til liks med året før vedteke å forlenge gjennomføringsperioden til 14. mai.

I 2021 har vi jobba vidare med utviklinga av nye kartleggingsprøver, slik at også desse skal vere tilpassa det nye læreplanverket. Dei nye, digitale prøvene er i lesing og rekning og vil vere obligatoriske på 3. trinn og frivillige på 1. trinn. Første gjennomføring vil vere i 2022, med unntak av prøvene i lesing (norsk og samisk) på 1. trinn. Arbeidet med desse prøvene er noko forseinka, og i 2022 vil vi jobbe vidare med å klargjere for første gjennomføring i 2023.

Utviklinga av prøvefeltet

I 2020 publiserte Udir rapporten Prøver i fagfornyelsen – hvilke behov skal prøvene dekke?, der det blei foreslått ein vidare prosess for utviklinga av prøvene i framtida. Ny regjering vil i 2022 sette ned eit utval som skal gå gjennom dagens kvalitetsvurderingssystem. I påvente av nye oppdrag vil vi halde fram med å utvikle og gjennomføre dei prøvene vi har i dag, men tilpasse innhaldet til nye læreplanar.

Eksamen 2021

Eksamensgjennomføringa har også i 2021 vore prega av koronapandemien. I forkant av våreksamen greidde Udir ut moglegheitene for å gjennomføre eksamen for elevar. Eksamen blei likevel avlyst for elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring, mens privatistar og elevar med behov for særskild tilrettelegging av eksamen fekk gjennomføre under smitteverntiltak. Våren 2021 blei det avlagt 25 eksamenar i grunnskoleopplæringa for vaksne. I vidaregåande opplæring blei det avlagt 43 700 eksamenar. Av desse var omtrent 2,5 prosent eleveksamenar og 97,5 prosent privatisteksamenar. Hausteksamen blei gjennomført i samsvar med normalkvardag med auka beredskap. Fleire eksamenslokale hadde likevel styrkte smittevernrutinar som beredskap for lokale tiltak. Hausten 2021 blei det avlagt til saman 31 600 eksamenar i vidaregåande opplæring, og då var 94,9 prosent privatisteksamenar, mens dei andre blei avlagde av elevar med rett til enten særskild, utsett eller ny eksamen.

Udir gjennomførte også i 2021 digital sensorskolering med stor deltaking. Tilbakemeldingar frå sensorane tyder på at den digitale arenaen tek hand om og utviklar tolkingsfellesskapet. Vi tek med oss erfaringane i planlegginga av sensorskoleringa våren 2022, der sensorskoleringar etter LK06 i regi av Udir vil gjennomførast digitalt.

Vidareutvikling av eksamen etter fagfornyinga

Tre grunnleggande behov for fornying av eksamen grip inn i vårt forvaltningsansvar for sentralt gitt eksamen. For det første har fagfornyinga gitt oss nye læreplanar som får konsekvensar for korleis oppgåvene til eksamen bør vere. For det andre gjer den nye gjennomføringsløysinga at eksamen blir meir digital. For det tredje viser kunnskapsgrunnlaget at det er behov for å styrke den metodiske kvaliteten på eksamen.

Dei nye læreplanane har eit utvida kompetanseomgrep og legg til rette for djupnelæring med større vekt på utforsking og kritisk tenking. Vi har i 2021 publisert nye eksempeloppgåver i fleire fag etter nye læreplanar. Dei skal gjere det mogleg for lærarar og elevar å førebu seg på eksamen. I tillegg har vi bede om tilbakemeldingar for å bidra til å forbetre dei. Utvikling av eksamen og eksempeloppgåver har vore eit gjennomgåande tema i møta med referansegruppa for vurdering. Tilbakemeldingane vi har fått, har vi brukt til justere eksempeloppgåvene.

Eksamen etter fagfornyinga blir utvikla i ny gjennomføringsløysing for alle trinn. Digitalisering av eksamen har gitt nye moglegheiter i oppgåveutviklinga og gjer at vi kan prøve kompetanse på meir varierte måtar. Våren 2021 blei dei første eksamenane i matematikk og engelsk etter LK20 avlagde i det nye systemet. For første gong var ikkje eksamen i matematikk todelt, slik han har vore under LK06. Denne endringa blei likevel møtt med kritikk, og ein justert modell blei vedteken for våren 2022. I samarbeid med ei arbeidsgruppe med medlemmer frå mellom anna lærarorganisasjonane vil vi greie ut ei ny løysing, og i mellomtida vil eksamen bli gjennomført i det gamle gjennomføringssystemet.

På bakgrunn av anbefalingar frå rapporten til eksamensgruppa, og dessutan kunnskapsgrunnlaget om kvaliteten på dagens sensur, vil vi gjere endringar for å forbetre kvaliteten på eksamen etter fagfornyinga. I arbeidet med å styrke rutinar for kvalitetssikring prøver vi ut oppgåver på elevar i fleire fag. Dette har gitt oss betre innsikt i om elevane opplever at oppgåvene er tydelege, og korleis dei opplever vanskegraden på oppgåvene.

Eksamensbrevet har utdjupande informasjon om årets arbeid med eksamen og omtale av prioriteringar for 2022.

Standpunktvurdering

Våren 2021 var det første året det blei fastsett standpunkt etter læreplanar for fag i LK20 i vg1 og valfag på 9. trinn. I nokre fag har vi fått ein del spørsmål om standpunktvurdering etter nye læreplanar, og på bakgrunn av desse spørsmåla har vi vidareutvikla rettleiande tekstar på udir.no. Utdanningsdirektoratet og statsforvaltarane har teke initiativ til å sjå på korleis vi vidare kan samarbeide om standpunktvurdering og klagebehandling ut frå nye læreplanar.

Som ei følge av koronapandemien blei det fastsett ei midlertidig forskrift som ut frå visse vilkår gav moglegheiter til å tilpasse fag- og timefordeling og avvike frå visse kompetansemål. Dette opna for at kompetansemål som eleven ikkje hadde fått opplæring i, kunne få fritak i vurderingsgrunnlaget for standpunktvurderinga våren 2021. Det blei også gjort unntak i forskrifta for tidspunkt for fastsetting av standpunktkarakter, for å gjere det mogleg å forlenge opplæringsperioden. Tilbakemeldingar frå mellom anna statsforvaltarane tyder på at føresegna i liten grad blei brukt, noko som kan komme av at skoleeigarar og skolar ikkje var kjende med henne eller var usikker på korleis ho kunne takast i bruk.

Utdanningsdirektoratet gjennomførte våren og hausten 2021 tre dialogmøte med statsforvaltarane med formål om å skape felles forståing av standpunktvurderinga i vår og behandling av klager på standpunkt etter nye læreplanar. I tillegg handla møta om å vurdere vidare behov for støtte til skoleeigarar.

I slutten av 2021 sette Utdanningsdirektoratet i gang eit forarbeid som skal legge grunnlaget for eit meir langsiktig arbeid med standpunktvurdering. Dette arbeidet skal gjerast i dialog med læreprofesjonen, skoleleiarar, elevorganisasjonen, skoleeigarar, statsforvaltarar og andre relevante fagmiljø. Målet er å vidareutvikle kvaliteten i standpunktvurderinga.


1 Gjennomført betyr å ha fullført opplæringa innan to år etter normert tid – det vil seie fem år for studieførebuande og seks år for yrkesfaglege utdanningsprogram. Fullført blir her brukt om elevar/lærlingar som har bestått alle årstrinn i vidaregåande opplæring som fører til vitnemål eller fag- eller sveinebrev. 

Mål 2: Barnehageeigarar og skoleeigarar har tilsette med kompetanse som fremmar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge

Ambisjonen om å sikre god barnehage, skolegang og opplæring for alle barn og unge uavhengig av føresetnader er høg. Tilsette i barnehage, skole, SFO og lærebedrifter må ha den kompetansen som skal til for å realisere dette breie samfunnsoppdraget. Vi forvaltar eit breitt spekter av verkemiddel, verktøy og tiltak som skal bidra til å bygge nødvendig kompetanse. Nokre av desse tek utgangspunkt i nasjonale behov og satsingsområde, mens andre er retta inn mot lokale behov og prosessar. Oppgåva vår er å utvikle verkemidla våre slik at dei tek omsyn til mangfaldet blant barn og elevar, og vurdere om det er behov for nye verkemiddel.

Tildelingsbrevet for 2021 peikte på behovet for å styrke arbeidet med tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage, skole og SFO. Ansvaret for å sikre rettane til barn og unge er fordelte mellom fleire departement, regionale og kommunale aktørar, partane i arbeidslivet og enkeltbedrifter, og det er nødvendig at fleire aktørar samarbeider på tvers av sektorar og forvaltningsnivå for å møte utfordringane på utdanningsområdet.

Oppfølginga av Meld. St. nr. 6 (2019–2020), og dei konkrete tiltaka, har påverka korleis vi jobbar med alle verkemidla våre. Eit fellestrekk for dei viktigaste tiltaka i meldinga er å føre kompetansen nærmare barna og elevane. Barnehagar, skolar og det lokale støttesystemet har den viktigaste rolla når det gjeld å fange opp og følge opp barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging. I 2021 har vi særleg hatt merksemd på arbeidet med å vurdere behov for og bygge kompetanse lokalt gjennom kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Arbeidet med å styrke nettbasert støtte om spesialpedagogikk og inkluderande praksis er godt i gang. Udir utviklar og forvaltar kompetansepakkar, informasjonsmateriell, rettleiingar, filmar og webinar.

Vidareutdanning i barnehage og skole

For å halde oppe god kvalitet i vidareutdanningstilbod for lærarar og leiarar i barnehage og skole er vi avhengige av å halde oss oppdaterte og fornye kunnskapsgrunnlaget vårt. Vi gjennomfører mellom anna deltakarundersøkingar og evalueringar. Vi er også tett på ny forsking på feltet, og innanfor vidareutdanning for skoleleiarar er det sett i gang eit forskingsprosjekt som er initiert av direktoratet.

Deltakarundersøkingar

Det er gjennomført deltakarundersøkingar for barnehagelærarar, lærarar, og yrkesfaglærarar som skoleåret 2020–2021 har delteke i vidareutdanningstilbodet til direktoratet.

Alle tre undersøkingane viser til at deltakarane er godt fornøgde med tilboda, og studentane framhevar at dei har hatt eit godt læringsutbytte. Dei fleste opplever at utdanningane er relevante og praksisnære og har høg kvalitet. Deltakarane uttrykker at vidareutdanninga bidreg til å styrke motivasjonen og engasjementet og det faglege utbyttet, og at ho fører til endringar i pedagogisk praksis i barnehagen og i undervisninga i skolen. Koronapandemien har påverka studia ved at det har blitt færre fysiske samlingar og større grad av nettstudium enn planlagt. Det ser ut til at dette ikkje har påverka kvaliteten i utdanningane. Mange seier at dei fekk meir ut av den nettbaserte vidareutdanninga enn det dei hadde forventa, og er meir positive til eit fullstendig nettbasert utdanningstilbod no enn før. Nettbasert undervisning blir vurdert å vere både tids- og kostnadssparande og kan for eksempel lettare kombinerast med ein travel arbeidskvardag og familielivet. Men det kjem også fram i undersøkinga for lærarar at nettbasert undervisning ikkje kan erstatte fysisk undervisning. Samla sett kan dette tale for utvikling og tilrettelegging av meir hybride løysingar.

Dei fleste deltakarane opplever at leiarar i barnehagen eller skolen ønsker at dei skal ta vidareutdanning, og forventar at dei deler det dei har lært, med kollegaer. Det er likevel færre som opplever at leiarane aktivt spør etter eller legg til rette for at dei deler ny kunnskap. Skoleleiinga ber i større grad yrkesfaglærarane dele det dei har lært, enn andre barnehagelærarar og lærarar som tek vidareutdanning. Det synest å vere eit potensial for å sette i verk eit meir systematisk arbeid med kunnskapsdeling ved ein del barnehagar og skolar.

Direktoratet innfører frå 2022 oppfølgingsundersøkingar for vidareutdanningstilboda for barnehagelærarar, lærarar og yrkesfaglærarar som kan gi kunnskap om delingskultur og på kva måtar vidareutdanning får noko å seie for praksisen i kvar enkelt barnehage og skole. Undersøkingane vil innehalde spørsmål retta til deltakarar som tok vidareutdanning førre skoleår, og leiarane deira.

Deltakarundersøking – vidareutdanning for styrarar

NIFU gjennomførte i 2021 deltakarundersøking for styrarutdanninga. Eit klart fleirtal av styrarane er motiverte for vidareutdanning og opplever at vidareutdanninga har vore relevant for eige arbeid, at teori og praksis har vore kombinert på ein god måte, og at det faglege nivået har vore godt. I alt peiker svara på at utdanningane har vore i tråd med behovet til styrarane.

Undersøkinga peiker, til liks med undersøkingane for lærarar, på at koronapandemien har hatt konsekvensar for styrarutdanningane. Svært mange opplyser at det blei færre fysiske samlingar enn planlagt, og at meir av studiet har gått føre seg på nett, samtidig som jobben deira som styrar har blitt travlare i perioden med pandemi.

På same måten som for lærarar i barnehage og skole innfører Utdanningsdirektoratet i 2022 oppfølgingsundersøkingar som kan gi kunnskap om delingskultur og på kva måtar vidareutdanning får noko å seie for praksis vidare for den enkelte styraren og praksis i barnehagen. Oppfølgingsundersøkinga for styrarar vil bli gjennomført hausten 2022.

Evaluering av nasjonal styrarutdanninga og forsking på leiing i barnehagen

Fafo skal i perioden 2021–2024 på oppdrag frå direktoratet evaluere nasjonal leiarutdanning for styrarar og forsking generelt på leiing i barnehagen. Den første delrapporten i evalueringa er levert og tek utgangspunkt i å kartlegge styrarutdanningane. Rapporten viser at det er faste rammer i utdanninga, men rom for særpreg og variasjon i studietilbodet. Mykje er likt i organiseringa av dei ulike studia. Det er likevel stor variasjon i arbeidsmetodikk og i kva slags analyseverktøy studentane nyttar seg av. Studentane er generelt fornøgde med innhaldet i studiet, uavhengig av studiestad. Neste delrapport kjem i slutten av 2022, og sluttrapporten skal etter planen ligge føre ved utgangen av 2024.

Forsking på den nasjonale skoleleiarutdanninga

OsloMet har, i samarbeid med Høgskolen i Innlandet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, laga ei kunnskapsoversikt om skoleleiing og skoleleiarprogram. Denne kunnskapsoversikta utgjer delrapport 1 i eit større forskingsprosjekt der målet er å få fram eit betre kunnskapsgrunnlag for å utvikle skoleleiarutdanningane.

Eit hovudfunn er at utvikling av skolar krev stor grad av samhandling mellom leiarar og lærarar. For å få til endring i skolen må skoleleiaren ha merksemd på kompetanseutvikling og kollektive læringsprosessar blant dei tilsette. I tillegg er det viktig å forstå og utvikle eiga leiarrolle og eigen maktposisjon. Dette inneber mellom anna å bli meir klar over kva verdiar som ligg til grunn for eigen leiingspraksis, og å bli meir klar over korleis motstand påverkar eigen leiingspraksis.

Kunnskapsoversikta viser at ei sentral utfordring i leiaropplæringsprogramma er i kva grad programma set avtrykk i praksis. Utprøving av praksis synest å vere ein læringskomponent som nettopp kan bidra til å knyte band mellom opplæring og praksis, og som kan kople teori og praksis saman. Opplæringa i program blir retta mot kvar enkelt skoleleiar, men læringa til den enkelte skoleleiaren læring kan styrkast om ho skjer innanfor ei gruppe. Utvikling av refleksjon blir peikt på som den avgjerande læringskomponenten, både for å forstå samanhengen mellom kontekstvariablar som påverkar handlingsrommet til leiarar, og for å fremme forståinga av eiga leiarrolle og utviklinga av ein leiaridentitet, i kombinasjon med rettleiing og coaching.

Med bakgrunn i kunnskapsoversikta vil forskarane i det vidare arbeidet undersøke kva som karakteriserer den nasjonale skoleleiarutdanninga, kva som kan vere forbetringspotensial for læringsaktivitetar, og korleis aktivitetar og samanhengar mellom dei kan styrkast og forbetrast.

Deltaking i vidareutdanningstilbod for lærarar i barnehage og skole

Vidareutdanning for barnehagelærarar
Studietilbod Registrerte søkararGodkjende søkararSøkarar som fekk tilbod  
Språkutvikling og språklæring129115115
Språkutvikling og språklæring (heilt nettbasert)202187100
Fysisk-motorisk utvikling og aktivitet 595050
Pedagogisk leiing og læringsmiljø182158157
Realfag i barnehagen (heilt nettbasert)796565
Spesialpedagogikk401358105
Tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk15713379
Rettleiarutdanning for praksislærarar429400256
Rettleiarutdanning22019286
Sum1 8581 6581 228

I 2021 blei det arbeidd med tilrettelegging for at barnehagelærarar frå studieåret 2022–2023 også kan søke andre studietilbod enn dei som blir tilbydde gjennom vidareutdanningstilbodet til direktoratet. Faga som blir tilbydde frå direktoratet, er statleg prioriterte og har som mål å påverke kvalitetsutviklinga i barnehagane. Det blir føresett at vidareutdanningstilboda er relevante og forskings- og praksisbaserte. Studietilboda skal gjennomførast med høg fagleg kvalitet, og dei skal organiserast slik at dei er tilpassa arbeids- og studiesituasjonen til deltakarane som er i arbeid i ein barnehage. Digital praksis skal vere del av alle studietilbod. Det inneber å bruke digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet med fagområda saman med barna i barnehagekvardagen, som beskrive i rammeplanen for barnehagen.

I vidareutdanning for barnehagelærarar får fleire avslag på søknaden om studieplass. Det gjeld særleg søkarar til studium i austlandsområdet. I 2021 fekk 430 barnehagelærar avslag på søknaden.

4 av 10 tilsette er barnehagelærarar

Det er totalt 44 prosent barnehagelærarar i grunnbemanninga. 22 prosent er barne- og ungdomsarbeidarar. Prosentdelen tilsette med barnehagelærarutdanning er omtrent lik i private og kommunale barnehagar, mens prosentdelen barne- og ungdomsarbeidarar er vesentleg høgare i kommunale barnehagar. Nær ein tredel av dei tilsette har ikkje høgare utdanning eller fagarbeidarutdanning, og denne delen er høgast i private barnehagar.

Utdanning20172018201920202021
Barnehagelærarar (eller tilsv.)39,7 %41,3 %42,4 %43,1 % 43,6 %
Anna pedagogisk utdanning1,7 %2,0 %1,8 %1,8 %1,7 %
Barne- og ungdomsarbeidar20,1 %20,2 %21,0 %21,7 %22,3 %
Anna høgare utdanning1,9 %2,0 %1,8 %1,9 %1,8 %
Anna fagarbeidarutdanning4,5 %5,0 %4,9 %5,0 %5,2 % 
Annan bakgrunn32,1 %29,5 %28,0 %26,5 %25,5 % 

Det er berre til pedagogiske leiarar og styrarar det blir stilt krav om godkjend utdanning. Dei skal ha barnehagelærarutdanning eller tilsvarande. Lova stiller ingen krav om kor høg del barne- og ungdomsarbeidarar kvar barnehage skal ha.

Prosentdelen tilsette som er barnehagelærarar eller tilsvarande, auka frå 39 til 44 prosent i perioden frå 2016 til 2020. Utviklinga kan sjåast i samanheng med at norma for pedagogisk bemanning (pedagognorma) blei skjerpa i 2018.

Vidareutdanning for lærarar

Studieåret 2021–22 fekk 7099 lærarar tilbod om vidareutdanning med stipend- eller vikarordning gjennom Kompetanse for kvalitet.

Fag Registrerte søknaderGodkjende av eigarenSøkjarar som fekk tilbod  

Engelsk

1670
12641264

Matematikk

190315311531
Norsk15301180 1180
Norsk teiknspråk29 1818
Samisk2112  12
Praktiske og estetiske fag512315   315
Andrespråkspedagogikk525   335  258
Grunnleggande lese-, skrive- og matematikkopplæring1309999
Naturfag328241194
Profesjonsfagleg digital kompetanse534382
245
Programmering850 686 502
Spesialpedagogikk1112    753547
Rettleiarutdanning695    423305
Andre fag1310  846 629 
Sum11 149     80857099

Det var i 2021 omtrent 300 færre registrerte søknader enn i 2020. I dei fleste faga var det fleire godkjende søknader frå skoleeigarar enn året før. Alle godkjende søknader i dei prioriterte faga engelsk, matematikk, norsk, samisk og norsk teiknspråk blei innvilga av Udir. Det same gjaldt søknadene til vidareutdanning i praktisk-estetiske fag, sidan dei hadde øyremerkte midlar. Det var i 2021 størst søking til studia i engelsk, norsk, matematikk, spesialpedagogikk, programmering, profesjonsfagleg digital kompetanse og rettleiarutdanning.

Vi fekk i 2021 inn eit nytt tilbod i studiekatalogen, grunnleggande lese-, skrive- og matematikkopplæring (GLSM). Dette tilbodet skal gi førskolelærarar og barnehagelærarar som er tilsette i skolen, formell kompetanse til å undervise i norsk og matematikk på 1.–4. trinn og kvalifisere til vidareutdanning. 130 søknader blei registrerte på tilbodet i GLSM, 99 av desse blei godkjende av skoleeigarar, og alle blei innvilga frå Utdanningsdirektoratet. I spesialpedagogikk var det i 2021 fleire søknader frå lærarar og fleire godkjende og høgt prioriterte søknader frå eigarar enn i 2020. Udir innvilga også fleire søknader enn i 2020.

Teknologi har dei siste åra endra måten både elevar og lærarar kommuniserer og tileignar seg kunnskap på. Dette har endra lærarrolla og utfordra arbeidsmetodane til lærarane i utviklinga av fagkunnskapane til elevane og grunnleggande ferdigheiter. Dette finn vi igjen i nasjonale styrings- og referansedokument, der det blir stilt forventningar til lærarar og lærarutdanningar på dette feltet. Eit eksempel er Lærerutdanning 2025 – nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene, som framhevar det å styrke profesjonsfagleg digital kompetanse i lærarutdanninga. Strategien peiker på den profesjonsfaglege digitale kompetansen til lærarane som eit område som har store utfordringar.

For å styrke kompetansen til lærarane blir det tilbydd vidareutdanningstilbod innanfor Kompetanse for kvalitet for lærarar i profesjonsfagleg digital kompetanse og programmering. Det har også vore eit tilbod i lærarspesialistutdanning og er eit tilbod i modulbasert leiarutdanning.

Alle tilboda direktoratet tilbyr, skal leggast opp slik at dei er med på å heve den profesjonsfaglege digitale kompetansen til lærarane. Tilboda skal legge til rette for refleksjon om kva den digitale utviklinga har å seie for innhaldet og arbeidsmetodane i faget, og dessutan gi kandidatane erfaring med å nytte digitale ressursar i opplæringa.

Det blir tilbydd ei rekke kompetansepakkar for den digitale kompetansen til læraren. Dette er omtalt under brukareffektmål 5.

Prosentdel av lærarane i grunnskolen som ikkje oppfyller kompetansekrava i undervisningsfaget 

Fag 2017/20182018/20192019/20202020/20212021/2022

Norsk

22 %19 %17 %16 %14 %
Samisk31 %18 %26 %16 %17 %
Norsk teiknspråk20 %21 %21 %17 %21 %
Matematikk31 % 27 %24 %22 %19 %
Engelsk43 %39 %35 %34 %31 %

Vidareutdanning for yrkesfaglærarar

Studieåret 2021–22 fekk 351 yrkesfaglærarar tilbod om stipend- eller vikarordning gjennom strategien Yrkesfaglærarløftet. Dette var 39 fleire godkjende søkarar enn året før. Det blei totalt registrert 456 søknader frå lærarar. Direktoratet godkjende alle søknadene frå skoleeigarane. Søkarane fordelte seg på 22 vidareutdanningstilbod ved 9 universitet og høgskolar. 8 av dessa tilboda er heilt nettbaserte.

Frå hausten 2021 starta vi med ei utprøving ved enkelte vidareutdanningstilbod der både digital og fysisk deltaking (hybrid undervisning) blei tilbydd for lærarane. Dette er for å auke fleksibiliteten for deltakarane og sørge for at smittevern blir teke hand om.

Rapporteringa frå Universitetet i Agder (UiA) viser at hybride undervisningsformer er eit godt supplement til nettbaserte og fysiske samlingar. Dei peiker også på at dette vil bli meir og meir aktuelt framover. Samtidig erfarer dei at hybrid undervisning kan vere utfordrande for undervisarane. Ein ny type didaktisk utfordring må erfarast og utviklast. Klasseromma manglar teknologien for å gjennomføre dette på ein god måte no. I framtidige utlysingar vil desse erfaringane bli følgde opp.

Frå 2022–23 vil ni av vidareutdanningstilboda vere heilt nettbaserte. Dei siste åra har det blitt stadig fleire heilt nettbaserte tilbod på grunn av koronapandemien. Vi vil inngå nye avtalar om vidareutdanningstilbod som vil gjelde frå studieåret 2023–2024. På bakgrunn av ei kartlegging vi har gjennomført av kompetansebehova innanfor vidareutdanning hos yrkesfaglærarane, vil vi vurdere kor stort omfanget av fagspesifikke tilbod skal vere for dei kommande tilboda. Dette vil også bli vurdert opp mot desentralisert ordning for yrkesfag.

Lærarspesialistutdanning og -funksjon

Satsinga på karrierevegar for lærarar blei styrkt med 78 millionar kroner for å gi fleire skolar tilgang til solid og oppdatert kunnskap gjennom lærarspesialistar. Tiltaket skal også bidra til at dyktige lærarar vil halde fram med å undervise framfor å søke seg til administrative stillingar. Dette skoleåret deltek i underkant av 1700 lærarar i funksjon som lærarspesialist, og totalt 484 lærarar er i gang med lærarspesialistutdanninga si. Dei fire fagområda med flest lærarspesialistar var knytte til norsk, realfag, begynnaropplæring og profesjonsfagleg digital kompetanse.

Evalueringa som NIFU har gjort av ordninga, viser mellom anna at fagleg oppdatering er ein kjerneaktivitet for lærarspesialistane, og at det er delte meiningar om ordninga blir opplevd som ein karriereveg. Vel halvparten av lærarspesialistane meiner at funksjonen har motivert dei til å halde fram som lærar ved eigen skole. Her ser både indrestyrte motiv for å ville bli lærarspesialist og oppmuntring frå eigen leiar ut til å spele ei rolle. Enkelte hevdar ifølge evalueringa at det er meir aktuelt å snakke om nye oppgåver enn ein ny karriereveg. Lærarspesialistutdanninga blir i større grad opplevd som karriereutvikling, fordi ho inneber formell kvalifisering i form av studiepoeng.

Sidan dagens utprøving av lærarspesialistordninga er vedteken å gradvis bli avvikla, vil dei som er i funksjon skoleåret 2021–22, og dessutan dei som er i gang med lærarspesialistutdanninga si, få høve til å fullføre.

Utdannings- og rekrutteringsstipend

For å auke tilgangen på kvalifiserte lærarar er det mogleg å søke om stipend for kvalifisering av tilsette i undervisningsstillingar utan godkjend lærarutdanning. Dette er ei ordning som har eksistert sidan 2015.

I 2021 skifta denne stipendordninga namn til utdannings- og rekrutteringsstipend. Dette skjedde i samband med at den tidlegare ordninga med stipend for minoritetsspråklege lærarar blei slått saman med ordninga med stipend til kvalifisering av tilsette utan godkjend lærarutdanning (stipend PPU og YFL). I tillegg blei forsøksordninga med fullføring av tidlegare starta, men avbroten lærarutdanning lagt inn som ein del av stipendordninga. Med utgangspunkt i vurdering av eigne kompetansebehov kan skoleeigarane søke om stipend for sine tilsette. I tillegg til kvalifisering av personar som er tilsette kan skoleeigarar søke om stipend til personar dei ønsker å rekruttere.

Utdanningsdirektoratet forvaltar ikkje eigne studieplassar til utdannings- og rekrutteringsstipend. Dei som får stipend, må sjølve søke seg inn ved institusjonar som tilbyr den aktuelle utdanninga.

I 2021 blei det betalt ut stipend til 485 nye deltakarar i stipendordninga. Av desse var det seks stipend til minoritetsspråklege lærarar og 35 til deltakarar i forsøket med fullføring av lærarutdanning som hadde vore starta opp tidlegare. I tillegg blei det betalt ut stipend til i alt 578 som hadde fullført PPU- og YFL-studium. Dette talet inkluderer også minoritetsspråklege lærarar som tidlegare hadde fått innvilga stipend til studium over fleire år. Til saman utgjorde dette 86,46 millionar kroner.

Talet på stipend til minoritetsspråklege lærarar har gått ned. Årsaka til nedgangen er ukjend, men for å synleggjere denne stipendtypen for aktuelle skoleeigarar vil det bli lagt særleg vekt på dette i samband med marknadsføringa av utdannings- og rekrutteringsstipendet fram mot søknadsfristen for neste studieår.

Vidareutdanning for leiarar i barnehagen – styrarutdanninga
Registrerte søknaderGodkjende av barnehageeigararSøkjarar som fekk tilbod frå Udir 
402366320

I 2021 var det registrert 402 søkarar til styrarutdanninga. 366 blei godkjende av barnehageeigaren. 320 starta på utdanninga hausten 2021. Alle tilbydarar har gjennomført undervisning som planlagt, men har variert mellom fysiske og digitale samlingar. Ut frå tilbydarane si eigenevaluering frå studentane ønsker dei fleste fysiske samlingar og seier at dette gir eit større læringsutbytte. 

Vidareutdanning for skoleleiarar – rektorutdanninga
Registrerte søknaderGodkjende av skoleeeigararSøkjarar som fekk tilbod frå Udir 
584509451

Det var i 2021, som tidlegare år, ei oversøking til rektorutdanninga, med 584 søkarar til 450 studieplassar. I overkant av 500 søkarar blei godkjende av skoleeigaren, og 451 skoleleiarar starta opp på utdanninga hausten 2021. Alle tilbydarane har gjennomført undervisninga som planlagt, men mange av dei fysiske samlingane blei reint digitale eller hybride på grunn av koronaepidemien.

Hausten 2021 blei den første deltakarundersøkinga gjennomført i regi av NIFU. Resultata vil ligge føre våren 2022. Denne undersøkinga er den første for den nye utgåva av rektorutdanninga og kan seie noko om kvaliteten og måloppnåinga til utdanninga. Undersøkinga vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for å vidareutvikle utdanninga.

Modulbasert vidareutdanning for barnehage- og skoleleiarar

Nytt hausten 2021 var igangsetting av felles modular for leiarar av barnehagar(styrarar) og skole. Dette gjeld modulane juss for leiarar og leiing av utviklings- og endringsarbeid. I tillegg blei det i 2021 sett i gang arbeid med utvikling av tilbodet i skolemiljø og leiing, der det frå 2023 skal vere to tilbod: eit for leiarar av barnehagar (styrarar) og eit for skoleleiarar. Tilboda i Digitalisering og leiing og Leiing av lærings- og læreplanarbeid blir førte vidare for skoleleiarar i perioden 2022–2025.

Alle utdanningane blei lyste ut på våren og starta opp hausten 2021, og det kom inn 1071 søknader. Etter opptaket deltek i alt 171 leiarar frå barnehage og 521 skoleleiarar på utdanningane (jf. tabellen nedanfor). Alle modulane gir 15 studiepoeng, har årlege opptak og varer i eitt år. Talet på årlege studieplassar i alt vil vere ca. 750 framover.

Modulbasert vidareutdanning for barnehage- og skoleleiarar
ModulBarnehageleiarSkoleleiar 

Skolemiljø og leiing

 82

Digitalisering og leiing

 135
Leiing av lærings- og læreplanarbeid 92
Juss for leiarar58110
Leiing av utviklings- og endringsarbeid113102

Spørjeundersøkingar til skoleleiarar og skoleeigarar våren og hausten 2021

Våren 2021 fekk leiarar i vidaregåande skole spørsmål om relevansen av studietilbodet for yrkesfaglærarar, kompetansebehovet og innstillinga skolane hadde til ulike former for vidareutdanning og til søknader om vidareutdanning. Over halvparten av skoleleiarane svarte at dei opplevde i stor eller svært stor grad at studietilboda for yrkesfaglærarar var relevante. Dei viktigaste områda der skolane trong kompetanse dei neste åra, var nye læreplanar, ny teknologi i yrkesfag og vurdering.

Hausten 2021 blei det sendt ut spørjing til skoleleiarar og skoleeigarar om arbeidet med kompetanseutvikling, kva planar som ligg føre for etter- og vidareutdanning, kven som blir involverte i arbeidet med planane, kompetansekrav for undervisning og kva prioriteringar som blir gjorde for deltaking i vidareutdanningstilbod Kompetanse for kvalitet-strategien. Det er ein vesentleg høgare del skoleleiarar blant vidaregåande og kommunale skoleeigarar som har ein felles plan for etter- og vidareutdanning, enn blant skoleleiarar i grunnskolen. Spesielt tillitsvalde, men også lærarar, blir involverte i ganske stor grad i arbeidet med kompetanseplanane. Over tre av fire grunnskoleleiarar og kommunar gir lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk, høg prioritet i kompetanseplanane sine.

82 prosent av skoleleiarane i grunnskolen svarer at dei i stor grad har oppfylt kompetansekrava i norsk, 75 prosent i matematikk og 53 prosent i engelsk. 69 prosent av kommunane svarar at dei dei siste åra har late vere å godkjenne søknader til vidareutdanning. Hovudårsakene til dette var at studiet læraren søkte på, ikkje var relevant for kompetansebehovet til skolen, eller at læraren allereie hadde tilstrekkeleg kompetanse/studiepoeng i faget.

Tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling for barnehage og grunnopplæring

I 2021 blei retningslinjene for tilskot til lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring fastsette som forskrift. Tilskotsordninga omfattar regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage, desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande skole og kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Ordninga skal bidra til styrkt kollektiv kompetanse i barnehagar og skolar ut frå lokale behov og gjennom partnarskap med universitet eller høgskolar. Kompetanseløftet har i tillegg eit breiare og tverrsektorielt mål om at alle kommunar, fylkeskommunar, barnehageeigarar og skoleeigarar skal ha tilstrekkeleg kompetanse tett nok på barna og elevane til å kunne fange opp behov og gi eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging.

Delrapport 6 av følgeevalueringa av Kompetanse for fremtidens barnehage blei fullført i 2021 og hevdar mellom anna at regional ordning har bidrege til auka læringstrykk i barnehagesektoren. Samtidig peiker evalueringa på den organisatoriske kapasiteten til barnehagen som utfordrande for kollektiv læring. Kollektiv læring tek ofte utgangspunkt i personale som har låg formell kompetanse, slik at utbyttet kan bli mindre for pedagogisk personale. Det er også krevjande å gjennomføre fordi personalet har lite fellestid til å gjennomføre fagleg utvikling.

OsloMet evaluerer den nye kompetansemodellen og har foreløpig publisert to rapportar: temanotat 1 og delrapport 1. Rapportane viser at ei hovudutfordring er å forankre tiltak i lokale behov på ein måte som involverer lærarane. Alle aktørane er positive til formålet med ordninga, men det er tydelege spenningar mellom aktørane. Samarbeidsforum er ikkje det navet i ordninga som var føresett, mens kompetansenettverk speler ei viktigare rolle enn ein gjekk ut frå. Partnarskapet mellom UH og skoleeigaren blir opplevd som eit av dei mest innovative trekka ved ordninga og blir vurdert som positivt, men det er store forskjellar i tilnærminga UH-sektoren har til ordninga.

Nokre hovudutfordringar for arbeidet med ordninga

Tilrettelegginga for ordningane er krevjande, og små kommunar og små private eigarar har større risiko for å ikkje få utbytte av ordninga. Den kompetansen eigarar, barnehagar og skolar har til å vurdere behov, er fleire stader mangelfull. Det er også ei utfordring å sikre at tiltak blir forankra i lokale behov gjennom prosessar som involverer tilsette i barnehagar og skolar. Vidare har UH ulik kapasitet, kompetanse og tilnærming til ordninga.

Arbeidet med kompetansemodellen i 2021 har vore konsentrert om følgande område:

  • innføring av nytt tilskotsreglement for kompetansemodellen i samarbeid med statsforvaltarane
  • utvikling av nye nettsider om lokal kompetanseutvikling på udir.no
  • samarbeid med ny, partssamansett referansegruppe for tilskotsordninga
  • utvikling av eit felles system for rapportering frå tilskotsmottakarar
  • oppfølging av UH-nettverk for barnehage og for skole, og utlysing av nye oppdrag om nettverk og samarbeid i UH-sektoren

Tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa

Parallelt med nye retningslinjer for barnehage og skole er det utvikla retningslinjer for tilskotsordninga for kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæring. Denne ordninga skal bidra til å auke kompetansen og kvaliteten i vidaregåande skolar, i lærebedrifter og i fylkeskommunar.

Arbeidet med tilskotsordninga i 2021 har vore konsentrert om følgande område:

  • innføring av nytt tilskotsreglement for ordninga i samarbeid med fylkeskommunane og Samarbeidsrådet for fag- og yrkesopplæringa
  • utvikling av nye nettsider om lokal kompetanseutvikling på udir.no
  • vidareføring av nasjonalt nettverk for fylkeskommunane med fleire digitale møte og ei fysisk samling i 2021
  • samarbeid med det nasjonale nettverket for tilskotsordninga gjennom arbeidsutvalet
  • vidare oppfølging av evalueringane av desentralisert ordning for yrkesfag

Tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling er under evaluering, og OsloMet har i tillegg til temanotat 1 levert eit eige notat der dei beskriv særlege utfordringar og moglegheiter innanfor ordninga for yrkesfag. Begge desse viser at fag- og yrkesopplæringa omfattar fleire aktørar, og at det gjer ordninga meir kompleks. Samtidig kan ein rekne med at ordninga har størst potensial dersom ein lykkast med samarbeidet med lokalt yrkesliv. OsloMet meiner å finne kombinasjonen av sentralistisk rammestyring og lokalt partssamarbeid i ordninga for yrkesfag, som også er kjenneteikna ved den norske fag- og yrkesopplæringa.

OsloMet formidlar nokre foreløpige inntrykk av arbeidet med ordninga i det fylkeskommunale nettverket for tilskotsordninga og yrkesfaglærar 2. Dei peiker mellom anna på avgrensa økonomisk omfang av ordninga som eit sentralt tema. Eit anna viktig tema har vore ulike former for erfaringsutveksling mellom fylkeskommunane om forståing og den konkrete handteringa av ordninga, for eksempel samanhengen mellom dei ulike tiltaka som inngår i ordninga, som hospitering og yrkesfaglærar 2-ordninga. I tillegg er det krevjande for fylkeskommunane å ta omsyn til to tilskotsordningar som blir forvalta ulikt – ei for grunnopplæringa (desentralisert ordning for skole) og ei for fag- og yrkesopplæringa (desentralisert ordning for yrkesfag). Tilskotsordninga for kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis omfattar også vidaregåande opplæring.

I temanotat 2 går det fram at sentrale aktørar på fylkeskommunalt nivå er lite involverte i utviklinga og innføringa av ordninga for yrkesfag. Notatet peiker spesielt på yrkesopplæringsnemndene og opplæringskontora. I tillegg har dei nasjonale aktørane i partssamarbeidet i liten grad drøfta ordninga. Det peiker også på at avvegingar mellom ønske om standardisering av kompetansekrav og tilpassingar til lokale behov er krevjande.

OsloMet oppfattar at koronapandemien har hatt store konsekvensar for innføringa av tilskotsordningane for yrkesfag og for arbeidet med fagfornyinga. I 2022 vil vi følge nøye med på utviklinga i dialog med fylkeskommunane og SRY. Vi vil sjå spesielt på dei problemområda som temanotata løftar fram, og det som kjem fram i rapporteringane frå fylkeskommunane i mars 2022.

Årsrapporteringa frå 2021 viser at fylkeskommunane samarbeider med fleire kompetansemiljø om tiltak for målgruppene. Arbeidslivet, opplæringskontor, fagmiljø ved vidaregåande skolar og fylkeskommunane ved administrasjonen er miljø som dei fleste fylkeskommunane bruker i kompetansetiltak. Fagskolane blir derimot brukt i mindre grad, det er berre 4 av 11 fylkeskommunar som oppgir at dei samarbeider med fagskolane om kompetansetiltak.

Tilbakemeldingane frå fylkeskommunane er at ordninga har begynt å sette seg, men det er framleis utfordringar. Desse knyter seg til at Yrkesfaglærar 2 er ei eiga ordning utanfor tilskottsordninga, og fagskoletilbod som gir studiepoeng kan ikkje inkluderast i ordninga. Vidare viser årsrapporten at i tilskottsordning for barnehage og grunnopplæring må kompetansetiltaka og midlar til vidaregåande skolar «konkurrere» med behov og tiltak i grunnskolane i fylket. Dette er ei særskild utfordring for fylkeskommunar som har kombinerte skolar med både yrkesfag og studiespesialiserande fag. Som ei følge av pandemien har fleire fylkeskommunar ikkje fått gjennomført planlagte kompetansetiltak.

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis for barnehage og skole
Frå 2021 har kompetanseløftet vore ein integrert del av tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i alle fylke. I 2021 blei det fordelt 51 millionar kroner gjennom tilskotsordninga. Over 200 kommunar er involverte i ordninga, og dei fleste partnarskapa omfattar både barnehage, skole og PPT og inkluderer private eigarar. Tal frå Spørsmål til Skole-Noreg viser at det er ein stor auke i talet på skoleeigarar som prioriterer fagområdet «inkludering og spesialundervisning» i kompetanseutviklingsplanane sine, frå 20 prosent i 2020 til 66 prosent i 2021.

Utover tilskotsordninga har arbeidet med kompetanseløftet i 2021 omfatta følgande:

  • Det er gjennomført ti digitale regionale konferansar med informasjon og motivering til deltaking i kompetanseløftet.
  • Det er gjennomført ei felles digital oppstartsamling for alle deltakande aktørar.
  • Det er etablert eit tett samarbeid med Statped og KS og med statsforvaltarane, og det er etablert ei breitt samansett referansegruppe for tilskotsordningane.
  • Det er starta eit arbeid med å utvikle ny modul for leiarar i barnehage, skole, PPT og SFO.
  • Det er etablert eit samarbeid med Statped om utvikling av nettressursar og kompetansepakkar. Der er inngått avtale med ein ekstern leverandør om produksjon av innhaldselement til støtte for det faglege innhaldet.
  • UH-nettverk: HVL som nettverkskoordinator for regional og desentralisert ordning har gjennomført tre samlingar om kompetanseløftet for UH-sektoren, i samarbeid med Statped.
  • Oppfølgingsordninga: Det er gjennomført forfase for uttrekk 2020, der PPT er med som aktør i analysearbeidet i kommunen for å sikre at inkludering og spesialpedagogiske emne er del av analysen for å komme fram til tiltak. Erfaringane til kommunane med den utvida målgruppa er samla inn og samanlikna.
  • Følgeevaluering av kompetanseløftet er gitt i oppdrag til NTNU Samfunnsforsking i samarbeid med NIFU og Nordlandsforskning frå 2021–2025.

Nokre av utfordringane i ordninga er knytte til rolla til PPT, det tverrsektorielle samarbeidet, små kommunar og private eigarar, og samarbeidet med UH-sektoren. Når det gjeld vidareutdanning, viser vi til utfordringane med prioritering av vikar- og stipendmidlar. På vidareutdanning i spesialpedagogikk søkte over 1000 lærarar om plass våren 2021. Av desse fekk 527 innvilga søknad frå Udir. Det vil vere avgjerande at vi kan møte behovet og prioriteringane i kommunane også når det gjeld vidareutdanning for å sikre nødvendig spisskompetanse.

Det er vidare grunn til å tru at pandemien har vore hemmande for det lokale arbeidet med kompetanseløftet, og det bør vurderast korleis dette kan kompenserast i det vidare arbeidet. Arbeidet med kompetanseløftet i 2022 vil ta utgangspunkt i dei nemnde utfordringane.

Tiltak for å styrke den spesialpedagogiske kompetansen tett på barn og elevar

PP-tenesta

Udir har vidareutvikla direktoratsrolla si overfor PP-tenesta. Det har vore behov for å betre den digitale infrastrukturen for PP-tenesta. Vi er i sluttfasen med å få på plass eit nasjonalt register for PP-tenestene (NPR) og er i gang med å sikre Feide-pålogging for tilsette i PPT. Udir er også i sluttfasen med å utvikle ein ståstadsanalyse for PP-tenesta, som blir lansert i løpet av våren 2022. Ståstadsanalysen for PPT er eit digitalt verktøy som kan nyttast i lokalt kvalitetsutviklingsarbeid og legge grunnlag for kollektive refleksjonar og forbetring av praksis. Udir har i 2021 også systematisert kunnskapsgrunnlaget om kompetansebehov i PP-tenesta, som grunnlag for å revidere og utvikle støtteressursar og kompetanseutviklingstiltak for PPT som målgruppe.

Nettbasert støtte om spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Udir utviklar ulike typar pedagogisk støtte- og rettleiingsmateriell som kompetansepakkar, tema-/informasjonssider, filmar, rettleiarar og webinar. Som ei følge av endringar i rammene til Statped har Udir i 2021 fått eit utvida ansvar for støtte og rettleiing på det spesialpedagogiske feltet. Udir har i samband med dette kartlagt behovet for støtte- og rettleiingsmateriell innanfor spesialpedagogikk og inkluderande praksis for ulike brukargrupper i barnehage- og opplæringssektoren. PPT og resten av støttesystemet rundt barn og unge blir vurdert som særleg viktig for å lykkast og er derfor ei prioritert målgruppe i arbeidet til Udir. Det er også etablert eit samarbeid med Statped om nettbasert støtte for å bidra til å sjå ulike behov og ressursar i samanheng og dermed sikre ei best mogleg støtte til sektoren.

Udir har i 2021 sett i verk arbeidet med ein kompetansepakke om inkluderande praksis som blir publisert hausten 2022. Kompetansepakken blir utvikla i samarbeid med Statped. Temaet inkluderande praksis inngår også i kompetansepakkar om trygt og godt skolemiljø og barnehagemiljø og i støttemateriell til ny rammeplan for SFO som blei lansert i 2021.

Temaet nettbasert støtte om spesialpedagogikk og inkluderande praksis blei teke inn i spørjingane til Barnehage- og Skole-Noreg hausten 2021 (Sintef, 2021; NIFU, 2021). Rapportane frå spørjingane viser at barnehagestyrarar og skoleleiarar i stor grad er kjend med og bruker støtteressursar frå Udir i rettleiingsarbeidet overfor skolane. Det er noko variasjon i bruk og opplevd nytte av dei ulike ressursane. I skolen skil kompetansepakkane seg positivt ut ved at det er betydeleg fleire som synest desse ressursane er relevante i svært stor grad. 67 prosent av skoleleiarane opplyser at dei i stor eller svært stor grad nyttar kompetansepakkar i rettleiingsarbeidet sitt overfor skolane, mens dei resterande 32 prosentane opplyser at dei i nokon grad gjer det. I barnehagen er bildet noko annleis, og barnehagestyrarar opplyser at dei opplever at filmar er det mest nyttige og relevante, følgt av rettleiingar og tema- og informasjonssidene.

Samarbeid og grenseoppgangar mot Statped

Udir har fleire faglege samarbeid og grenseflater mot Statped, mellom anna i samband med kompetanseløftet. Udir har i 2021 samarbeidd med Statped om å avklare vidare samarbeid og grenseoppgangar mellom verksemdene for å sikre best mogleg heilskap og samanheng i det statlege støtteapparatet (oppdrag 2021-033). Dette gjeld område som læremiddelsamarbeidet, digitalisering og nettbasert støtte. Arbeidet held fram i 2022.

Laget rundt barn og elevar

Udir sette i verk i 2021 fleire faglege utgreiingar som har til formål å bidra til utvikling av relevante støtte- og rettleiingsressursar retta mot sektoren. Dette gjeld mellom anna kartlegging av andre yrkesgrupper i barnehage, skole og SFO og kva oppgåver desse profesjonane kan gjere, og korleis det best kan leggast til rette for det. Udir har også gjennomført ei kartlegging av eigne prosessar i arbeidet med laget rundt barn og unge. Formålet er å samordne innsatsane betre, og få til ein meir målretta bruk av eigne verkemiddel på dette området. Arbeidet held fram i 2022.

Vidare oppfølging av Meld. St. 6

Utdanningsdirektoratet skal halde fram med å styrke arbeidet med spesialpedagogikk og inkluderande praksis i 2022. Kompetanseutvikling, støtte og rettleiing og utvikling av kunnskapsgrunnlaget innanfor spesialpedagogikk og inkludering vil framleis bli prioritert. Udir vil halde fram læremiddelsamarbeidet med Statped og særleg arbeid med å legge til rette digitale læremiddel og ressursar for barn og elevar med spesielle behov. Udir og Statped vil også vidareutvikle samarbeid om kompetanseutvikling retta mot PP-tenesta. Meld. St. 6 (2019–2020) vil bli følgd opp i lys av fullføringsreforma innanfor vidaregåande opplæring (Meld. St. 21 [2020–2021]).

Styrkt samarbeid med UH-sektoren

Direktoratet har eit omfattande samarbeid med UH-sektoren. Samarbeidet er svært viktig for å gi tilsette i barnehage og skole gode kompetanseutviklingstilbod, og det bidreg til å styrke grunnutdanningane for lærarar. Samarbeidet skjer på ulike måtar, mellom anna gjennom ulike referansegrupper, samarbeidsforum vidareutdanningstilbod og andre kompetanseutviklingstiltak som regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage og desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skolen.

Udir gir også støtte til ulike nettverk som omfattar UH og lærarutdanningane, for eksempel nettverk for digitalisering. I samband med den treårige satsinga Digitalisering i grunnskolelærarutdanningane, med fem lærarutdanningsinstitusjonar i front, etablerte Udir eit nasjonalt nettverk for profesjonsfagleg digital kompetanse som omfatta alle lærarutdanningane. Målet var å fremme profesjonsfagleg digital kompetanse gjennom å få deltakarane til å tenke heilskapleg rundt pedagogikk, didaktikk og utforminga av undervisningsrom i samspel med teknologi. Samlingane for nettverket har vore retta mot leiarar, lærarutdannarar, praksislærarar, lærarstudentar og andre som er involverte i lærarutdanning, inkludert barnehagelærarutdanninga. Etter planen skulle Udir si oppfølging av prosjekta og rolla vår i nettverket fasast ut i 2021 og takast over av UH sjølv, men på grunn av pandemien blei siste nettverkssamling i regi av Utdanningsdirektoratet utsett frå oktober 2021 til april 2022.

I tillegg har vi ei observatørrolle i Universitets- og høgskolerådet – lærarutdanning (UHR-LU) og Nasjonalt forum for lærerutdanning og profesjonsutvikling (NFLP), og dessutan sekretariatsansvar for Fagleg råd for lærarutdanning. Direktoratet er også oppdragsgivar for ulike studietilbod og forskings- og evalueringstiltak, noko som også krev god dialog med UH.

I dialogen med UH-sektoren er direktoratet oppteke av å gi tydelege føringar når vi har ein oppdragsgivarfunksjon, og å gi støtte når vi har dialog som ikkje inneber styring. Samtidig legg direktoratet vinn på å etterspørje relevant informasjon frå UH-sektoren, mellom anna for å utvide kunnskapsgrunnlaget for vidare samarbeid. Det at direktoratet nokre gonger er oppdragsgivar og andre gonger ein dialogpart med UH-sektoren, krev gjensidig respekt og at ein har ei avklart ansvars- og rollefordeling.

For å sikre eit godt og velfungerande samarbeid vurderer vi fortløpande behovet for justering. I 2021 gjekk åtte avtalar med ulike UH-institusjonar om koordinering av samarbeid om kompetanseutvikling i UH-sektoren ut. Det er framleis behov for støtte til UH, og vi vil legge vekt på å skaffe koordinatorar frå UH som finn løysingar for samarbeidet ut frå regionale behov. Vi tonar altså ned støtte til nasjonale UH-nettverk, med unntak av eit nasjonalt nettverk for spesialpedagogikk og inkluderande praksis som vi arbeider for å få på plass i 2022.

Mål 3: Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagestyresmakter forstår, formidlar og etterlever regelverket

Også i 2021 har pandemien prega arbeidet på regelverksområdet. Vi har brukt mykje kapasitet på å rettleie om rammene for skole- og barnehagetilbodet og på å hjelpe departementet i å handtere pandemien. Det er vår vurdering at vi har tilfredsstillande måloppnåing på dette området, men vi erkjenner at det er fleire oppgåver som har blitt nedprioriterte til fordel for koronarelaterte oppgåver. Dette gjeld særleg utviklingsoppgåver med lengre tidshorisont, for eksempel utarbeiding av forskrifter til ny opplæringslov og endringar i forskrift til friskoleloven og støtte til innføring av ny opplæringslov. Det gjeld også arbeidet med ein overgripande kontrollstrategi for friskoleområdet. Vidare har nokre av digitaliseringsinitiativa vi ønsker å utforske framover, blitt sette på vent. Tilsynsgjennomføringa, særleg gjennomføringa av stadlege tilsynsbesøk, har også blitt påverka av smitteverntiltak.

Samarbeid med andre styresmakter om pandemihandtering

Vi har jobba tett med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å sikre god samanheng i det midlertidige regelverket vårt og smittevernregelverket. Vi har også brukt mykje tid på felles rettleiing om korleis dei samla krava set rammer for skole- og barnehagetilbodet. Erfaringa vår er at det tette samarbeidet har bidrege til å halde skolar og barnehagar opne, trass i mykje smitte i samfunnet.

Statsforvaltarane har vore sentrale i å følge opp skole- og barnehageeigarar under pandemien

Statsforvaltarane har gjort ein stor innsats med å følge opp barnehageeigarane og skoleeigarane under koronapandemien også i 2021. Det har vore spesielt viktig å følge opp etterlevinga av det midlertidige koronaregelverket og samspelet mellom sektorregelverket vårt og smittevernregelverket. Arbeidet til statsforvaltarane har vore sentralt for å sikre at barn og unge får eit best mogleg tilbod under dei smittevernreglane som har vore gjeldande til kvar tid.

Pandemien har påverka tilbodet til barn og unge på ulike måtar. Oppfølginga som statsforvaltarane gjer, basert på innsikt i situasjonen til kvar enkelt kommune, vil derfor vere svært viktig i tida som kjem, når det gjeld både å gjennomføre kontroll og å gi støtte og rettleiing.

Jamleg informasjon, rapportering og tett dialog har bidrege til at vi har kunna vurdere konsekvensane av smitteverntiltaka raskt og funne gode og tilpassa løysingar til det beste for barn og unge.

Vi samarbeider med statsforvaltarane for å nå målet om betre regelverksforståing og regeletterleving

På rettssikkerheitsområdet er rettleiing om regelverket, klagesaksbehandling og tilsyn med barnehagestyresmaktene og offentlege skoleeigarar delegert til statsforvaltarane. For å nå måla på dette området er vi avhengige av innsatsen frå statsforvaltarane. Årsrapportar for 2021 frå statsforvaltarane ligg først føre 1. mars 2022. Styringsparametrane ved avdekte brot på regelverket, talet på og utfallet i skolemiljøsaker og risikobaserte tilsyn vil vi derfor svare på i samband med oppsummeringsrapporten, som har frist i slutten av april.

Handhevingsordninga – raskare saksbehandling og høg kvalitet på vedtaka

Vi får statusrapportar frå statsforvaltarane to gonger i året om talet på skolemiljøsaker og etterslep m.m. I 2021 blei 1332 skolemiljøsaker melde til statsforvaltarane. Det er 143 fleire saker enn året før, men talet på klager til direktoratet i 2021 låg likevel vesentleg under nivået for åra før. Talet på saker til statsforvaltarane kan ha noko å seie for kor effektiv handhevingsordninga er for rettssikkerheita til elevar som ikkje har det trygt og godt på skolen. Vi vil følge med på utviklinga framover.

Vi veit at embeta bruker mykje tid og ressursar på å behandle saker gjennom handhevingsordninga. Framover vil vi utveksle erfaringar og drøfte med embeta korleis vi kan effektivisere saksbehandlinga utan at det går utover kvaliteten i vedtaka. Dagens saksbehandlingstid er for lang. Vår vurdering sett i lys av talet på saker, saksbehandlingstid, restansar og ressursar er at ordninga treng ytterlegare finansiering for å kunne oppnå ambisjonen om ei rask og rettssikker ordning.

I 2021 som i 2020 har vi vore opptekne av at statsforvaltarane må jobbe meir førebyggande og systematisk med skoleeigarar og skoleleiarar for å bidra til eit trygt og godt skolemiljø. Vi vurderer at kompetansepakkane om skolemiljø som direktoratet har utarbeidd, vil vere gode verktøy å bruke i dette arbeidet.

Saksbehandlingstida, etterslepet og det førebyggande arbeidet vil vere hovudprioriteringa for embeta i 2022. Ambisjonen er at det førebyggande arbeidet fører til færre handhevingssaker på sikt, fordi sakene som oppstår, i staden blir løyste på eit lågare nivå. I tildelingsbrevet for 2022 har vi derfor ført vidare denne tilnærminga.

Felles nasjonalt tilsyn – sikrar internkontrollen til kommunen at skolemiljøregelverket blir etterlevd?

Noverande felles nasjonale tilsyn (FNT) på opplæringsområdet gjekk ut i 2021, og vi har derfor utarbeidd ei ny fireårig satsing gjeldande frå 2022. Ny internkontrollregel i kommunelova tredde i kraft ved årsskiftet 2020–2021, og vi vedtok derfor å lage eit tilsyn der vi undersøker om internkontrollen til kommunen sikrar regeletterleving på skolemiljøområdet. Internkontroll er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel for å oppnå at elevane får rettane sine oppfylte.

Regelverket om internkontroll i kommunane er eit relativt nytt regelverk, og det gjeld alle verkeområda til kommunen. Sjølv om utviklinga av tilsynet har gjort det nødvendig for oss å vere dei første til å konkretisere plikter og rammer for internkontrollen til kommunen, meiner vi likevel at det har vore rett og viktig. Internkontrollen til kommunen er ein grunnleggande føresetnad for å sikre eit trygt og likeverdig tilbod av høg kvalitet på barnehage- og opplæringsområdet. Framover blir ei viktig oppgåve for oss å koordinere tilsynsopplegget vårt med andre aktørar som skal føre tilsyn og rettleie om internkontrollansvaret til kommunen på andre sektorområde. Det er også nødvendig å sørge for at internkontrollen til skoleeigaren blir sett i samanheng med andre verktøy og tiltak som rettar seg mot den heilskaplege oversikta og ansvaret til skoleeigaren. Vi viser i denne samanhengen til tiltaka som underbygger Brukareffektmål 2 om kompetanse og Brukareffektmål 4 om kunnskapsbasert tilnærming.

Vi har i 2021 samarbeidd med statsforvaltarane og testa ut tilsynet slik at det skal bli eit robust tilsyn som er tilpassa risikoen i sektoren. Alle statsforvaltarar deltok i dette arbeidet gjennom heile 2021. Det har vore eit omfattande og intensivt arbeid som har kravd mykje koordinering frå Udir, men vi meiner at dette var nødvendig for å få prøvd ut tilsynet saman og kalibrert vurderingane på tvers av embeta. Samarbeidet har klargjort uklare detaljar og skapt ein arena for drøfting av ulike praksisar. I etterkant av begge pilotfasane har vi justert tilsynet som nødvendig.

Ambisjon om å gjennomføre fleire og meir treffsikre tilsyn

2021 har, som året før, vore eit annleis år for tilsynet vårt med frittståande skolar. Våren 2021 måtte vi gjennomføre store delar av dei planlagde tilsyna skriftleg, men opninga av samfunnet hausten 2021 gjorde det mogleg for oss å gjennomføre fleire tilsyn også med stadlege tilsynsbesøk. Alt i alt gjennomførte vi fleire og meir målretta og treffsikre tilsyn i 2021 enn tidlegare år.

I tildelingsbrevet for 2021 kjem det fram at statsforvaltarane skal ha auka bruk av tilsyn som verkemiddel der risikovurderingane tilseier det. I tillegg slo vi fast at tilsyn skal vere risikobasert og prioritert på område der faren for brot på regelverket er høg, og der det er store konsekvensar for barn, unge, vaksne og lærlingar. Å verne om rettane til barn og unge har vore kjerneoppgåva vår gjennom heile pandemien, og tilsyn har vore eit viktig verkemiddel i dette arbeidet. Pandemien forsterka også behovet for treffsikre og effektive tilsyn. Vi vidareførte styringskrava til statsforvaltarane i 2020 også for 2021. For tilsyna våre med dei frittståande skolane har eit av måla for 2021 vore å ha fleire og meir treffsikre tilsyn, mellom anna ved å føre fleire mindre tilsyn basert på konkrete risikovurderingar. Bakgrunnen for dette målet er at det framleis er ein stor udekt risiko for brot på regelverket. Derfor er det sentralt å bruke tilsynsressursane der dei kjem best til nytte.

I 2021 opna vi 58 tilsyn og utarbeidde 48 foreløpige tilsynsrapportar. Nokre av tilsyna der vi utarbeidde foreløpig rapport, blei opna i 2020. Til samanlikning opna vi 18 tilsyn i 2020 og utarbeidde 31 foreløpige tilsynsrapportar. I 2021 gjennomførte vi seks stadlege tilsyn med tilsynsbesøk, mens vi i 2020 berre gjennomførte eitt stadleg tilsyn.

I tillegg har vi lagt vekt på at tilsyna er særleg retta mot utsette barn og unge. Dette er eit av dei strategiske satsingsområda til direktoratet i perioden 2018 til 2021. I 2021 opna vi derfor fleire tilsyn med gjennomføring av spesialundervisning, planlegging av spesialundervisning og skolemiljø.

Vi opna seks tilsyn der vi såg på korleis skolane gjennomfører spesialundervisning under koronapandemien, og det blei avdekt brot på regelverket i eitt av desse tilsyna. Resten av tilsyna blei avslutta utan at det blei avdekt brot på regelverket, eller fordi risikobildet blei endra etter at tilsynet blei opna.

Dei sju vedtaka vi gjorde i 2020 som handla om handelen til friskolane med selskap med tette band til skolane, blei alle klaga på til departementet i 2021.

Talet på friskoletilsyn 2021 (foreløpige rapportar) 
TilsynTalet på tilsyn

Spesialkompetanse

14

Gjennomføring av EU

11

Økonomiforvaltning: utlån

6
Styreansvar5
Spesialundervisning – gjennomføring under korona4
Spesialundervisning – planlegge2
Økonomiforvaltning – tapt EK2
Skolemiljø – skjerpa aktivitetsplikt2
Styreansvar og spesialkompetanse1
Skoleanlegg1

Vi har etablert tilsynet med og rettleiingsoppgåva om økonomien til private barnehagar

Etter at Stortinget vedtok at det skulle opprettast eit nasjonalt økonomisk tilsyn for private barnehagar våren 2020, starta Udir førebuingane for å bygge denne funksjonen. I 2021 har vi jobba med å etablere ein organisasjon, utvikle system og metode for gjennomføring av tilsyn og rettleiing og ikkje minst utvikle risikobasert tilnærming til tilsyns- og rettleiingsansvaret.

Første tilsette var på plass 1. januar 2021, og i løpet av året har det blitt 17 tilsette pluss to som først begynner i 2022. Bak dei tilsette står det godt over 200 søkarar. Vi har rekruttert frå både offentleg og privat sektor, og vi har erfart at rekrutteringsgrunnlaget har vore svært godt.

Det metodiske utgangspunktet er den etablerte Metodehåndbok for tilsyn. Vi har arbeidd med å tilpasse metodikken til mange tilsyn innanfor det forholdsvis smale feltet som økonomisk tilsyn inneber. For å støtte opp under arbeidsmetodikken er dei digitale verktøya våre for tilsynsgjennomføring også vidareutvikla. Vi har etablert eit eige risikoidentifiseringsverktøy og eit eige verktøy for å samle inn ustrukturert risikoinformasjon som meldingar frå publikum og nyheiter inn i risikoidentifiseringsverktøyet vårt. Alle verktøya er ved avslutninga av 2021 på eit minimumsnivå, og planen er å vidareutvikle verktøya gjennom 2022.

Den risikobaserte tilnærminga er henta frå andre offentlege tilsynsmiljø. Ho beskriv at verkemidla rettleiing og tilsyn må nyttast i samsvar med kvar det er risiko for regelbrot. Denne tilnærminga gir, saman med risikoanalysen vår av sektoren, konkrete kandidatar for tilsyn og rettleiing.

Det er etablert overgangsreglar for å ta hand om ansvarsflyttinga til det nye nasjonale tilsynet med Kunnskapsdepartementet som klageinstans. Arbeidet i 2021 har førebudd oss på å overta tilsyns- og rettleiingsansvaret frå årsskiftet. Per januar 2022 er dei første tilsyns- og rettleiingsoppgåvene sette i verk.

Vi tilpassar rettleiinga etter behovet til brukarane

Vi er oppteken av å tilpasse tenestene våre etter behovet til brukarane. Vi meiner slik tilpassing er heilt nødvendig for at sektoren betre skal forstå og etterleve regelverket, i tråd med målet. Då treng vi tilstrekkeleg innsikt i både hindringar og behov for å utforme tenestene våre på ein måte som tek omsyn til desse rammevilkåra.

Også i 2021 har vi prioritert å bruke mykje ressursar på å informere sektorane våre om det regelverket som er særleg relevant for handteringa av pandemien. Vi har derfor informert sektorane om det midlertidige koronaregelverket. Vi har også avklart og informert om forholdet mellom regelverket vårt og smittevernregelverket. Sidan brukarane våre har ulike behov, har vi også prioritert å informere om regelverket på ulike måtar. Som følge av stadige endringar i regelverket – særleg covid-19-forskrifta – har det også vore behov for hyppige oppdateringar. Oppdateringane av dei fem smittevernrettleiingane har også vore arbeidskrevjande.

Vi har fått mange spørsmål frå fleire av statsforvaltarane om korleis det midlertidige regelverket vårt og/eller smittevernregelverket for barnehage og skole skal forståast, og vi har prioritert å gi statsforvaltarane raske avklaringar. Her vil vi trekke fram at vi har fått god hjelp av Kunnskapsdepartementet ved behov. Med ein del av dei planlagde rettleiingsoppgåvene har vi ikkje komme så langt som vi i utgangspunktet hadde tenkt. Dette gjeld mellom anna støtte til innføring av psykososialt barnehagemiljø, der vi ikkje kom i mål med kompetansepakken som er retta mot statsforvaltarane.

Ny opplæringslov – arbeid med forskrifter og støtte til innføring

Forslag til opplæringslov blei sendt på høyring i august med høyringsfrist 20. desember, og direktoratet har gitt høyringsfråsegn. Direktoratet skal utarbeide forslag til forskrift til ny opplæringslov og forslag til endringar i forskrifter til friskolelova. Vidare skal vi planlegge og sette i verk tiltak for å støtte skolar, kommunar og fylkeskommunar i arbeidet med å bruke, tolke og forstå den nye lova og forskrifta til lova. Dette følger av tildelingsbrevet for 2021. Vi meiner det er sentralt for å sikre framtidig regelverksetterleving i sektoren at det blei vedteke at lova og forskrifta først skal tre i kraft hausten 2024, ikkje hausten 2023. Dette gir oss meir tid både til å arbeide med sjølve forskrifta og til å innføre lov og forskrift.

Forskriftsarbeidet i direktoratet bygger i stor grad på lovarbeidet til departementet og prinsippa som er lagde til grunn for dette arbeidet. Ein sentral del av forskriftsarbeidet framover går ut på å sikre godt samarbeid internt og eksternt og sørge for at språk og struktur er harmonisert med den nye lova. Av omsyn til behovet for å sikre progresjon i arbeidet har vi prioritert arbeidet med forskriftene. Vi starta arbeidet med dei ulike kapitla i 2021. Vi har komme noko kortare enn vi opphavleg hadde planlagt, fordi mykje ressursar har gått med til pandemihandtering. Vi har prioritert arbeid med kapittel som ikkje er så påverka av lovarbeidet.

Vi har oppretta ei referansegruppe med deltakarar frå statsforvaltarane, fylkeskommunane og kommunane for å hjelpe til med struktur og andre overordna spørsmål i forskriftsarbeidet. Vi har også etablert eit samarbeid med Språkrådet. Samarbeidet vil halde fram ut i 2022 og omfattar mellom anna kurs om språk i regelverk, nynorskkurs og hjelp med konkrete tekstar. I 2022 vil vi i større grad involvere mellom anna statsforvaltarar, organisasjonar, SRY, kommunar og fylkeskommunar der det er aktuelt.

For å halde tidsplanen for forskriftsarbeidet er vi avhengig av god informasjon om lovarbeidet til departementet og at departementet prioriterer å gi oss raske og gode avklaringar.

Direktoratet har også gått i gang med arbeid med støtte til innføring av ny opplæringslov med forskrift. Foreløpig har vi jobba med å etablere rammer for arbeidet, prioritere kven vi skal utarbeide materiale for, og kunngjere oppdrag til eksterne for å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag som vil danne utgangspunkt for det vidare arbeidet.

Vi har rettleidd friskolane i arbeidet med nye læreplanar

Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20) blei innført frå hausten 2020. For vg2 og vg3 blei planane innførte frå hausten 2021. Friskolelova stiller krav om at skolane skal drive etter læreplanar som er godkjende av direktoratet. Skolane skal enten følge dei læreplanane som gjeld for offentlege skolar, eller læreplanar som på annan måte sikrar elevane tilsvarande opplæring (alternative læreplanar). Friskolar har teke i bruk nye læreplanar etter fagfornyinga frå hausten 2020 og 2021, og skolar med alternative læreplanar har søkt om godkjenning av nye alternative læreplanar. Utdanningsdirektoratet har i 2021 vurdert og godkjent alternative læreplanar for ulike programfag i vg2 og vg3. Arbeidet med å godkjenne alternative læreplanar som følge av fagfornyinga er med dette fullført.

Vi har styrkt rettleiinga om personvern i barnehagar og skolar

Rett til personvern for barn, elevar og lærarar er noko som blir stadig meir aktuelt. Innføringa av GDPR har sett personvernet høgare på dagsordenen, og digitale løysingar tvingar fram spørsmålet om sikker handtering av personsensitiv informasjon. Sjølv om det er barnehage- og skoleeigarane som er ansvarlege for personvernet, ser vi at det blir eit stadig større behov for rettleiing om personvern i barnehagar og skolar. Dette er også synleggjort i handlingsplanen for digitalisering i grunnopplæringa.

Direktoratet har i 2021 teke eit større ansvar for rettleiing på personvernfeltet ut mot sektoren vår, samtidig som vi sørger for ei formålstenleg arbeidsdeling med mellom anna Datatilsynet og andre sentrale aktørar, som KS.

Arbeidsdelinga er basert på at Datatilsynet er rettleiings-, tolkings- og tilsynsmakt på personvernregelverket, mens KS representerer ein stor del av barnehage- og skoleeigarar, som er behandlingsansvarlege for personvernet i mange barnehagar og skolar. Som behandlingsansvarleg har kommunesektoren eit stort ansvar for å sikre personvernet og informasjonssikkerheita i dei tenestene som blir nytta i barnehagar og skolar. Udir bidreg med rettleiing tilpassa barnehage- og skolekvardagen for å støtte kommunane og andre behandlingsansvarlege med å ta hand om ansvaret sitt.

Direktoratet har styrkt rettleiinga om personvern til sektoren ved å gi generell og spesifikk rettleiing på udir.no. For å styrke rettleiinga om personvern på spesifikke område innanfor skolesektoren har vi sett søkelys på korleis personopplysningar skal behandlast i skolemiljøsaker. Vi vil i 2022 vurdere å rettleie på fleire område der skolen handterer sensitive personopplysningar i samband med dei individuelle rettane til elevar, for eksempel spesialundervisning.

Personvernnettside på udir.no

Vi har utvikla ei personvernnettside på udir.no med oppdatert og utvida innhald i form av relevant informasjon, malar for internkontroll, risikovurdering og DPIA med eksempel på utfylling av dei. Målet med sida er å styrke den generelle rettleiinga om personvern til sektoren og nå breitt ut med informasjonen vår. SkoleSec-prosjektet har vore involvert i utviklinga av sida, og innhaldet har vore testa av «task-force»-kommunane i KS. Nettsida blei publisert i desember 2021 og inneheld eksempel på ulike problemstillingar om personvern og informasjonssikkerheit.

Kompetansepakke i personvern for barnehagen

Det er laga ein kompetansepakke for personvern i barnehagen, som blei publisert i midten av desember 2021. Vi skal lage ein kompetansepakke for personvern i skolen i 2022. I kompetansepakkane gir vi spesifikk informasjon til dei ulike «rollene» i sektoren. Det betyr at behandlingsansvarleg (barnehage- og skoleeigar) får skreddarsydd informasjon som gjer at dei kan utøve rolla si på ein god måte. På same måte får styre, leiar, rektor og tilsette skreddarsydd informasjon til rolla si. Formålet er at sektoren skal jobbe aktivt med stoffet, og det er lagt inn refleksjonsoppgåver og diskusjonsoppgåver som sektoren kan bruke aktivt i personalgruppa, på avdelingsmøte eller liknande.

Arbeidet med rettleiinga om personvern blir sett i samanheng med arbeidet med ROS-analysar og databehandlaravtalar i Feide, vidareutviklinga av rettleiinga for kvalitet i læremiddel og ulike kompetansepakkar. Vi viser i denne samanhengen til omtalen under Brukareffektmål 5. I tillegg har Udir finansiert utviklinga av ei treningsplattform i SkoleSec-prosjektet der ein får prøve seg på ulike dilemma, risikovurderingar, lovverk rundt deling av data, val av verktøy og korleis ein kan bruke appar trygt i undervisninga. Løysinga er laga for skoleeigarar, skoleleiarar og personvernombod i kommunen.

Generell rettleiing om krav til personvern overfor leverandørar

Tiltaket i handlingsplanen for digitalisering i grunnopplæringa (sjå Brukareffektmål 5) er delvis handtert i arbeidet som direktoratet finansierer i SkoleSec-prosjektet. Dei har tilgjengeleggjort anbefalte kravsett for informasjonssikkerheit generelt og for skytenester spesielt. Deling av felles krav er eit av tiltaka som direktoratet vurderer for å vidareutvikle kundeportalen til Feide. Eit anna mogleg tiltak er å gi leverandørar moglegheit til å ha faste og oppdaterte svar på felles kravsett liggande i kundeportalen.

Vi utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i oppgåveløysinga vår

Regelverks- og tilskotsforvaltninga har eit uutnytta potensial når det gjeld å ta i bruk digitale verktøy i oppgåveløysinga vår og ut mot sektorane våre. Vi har identifisert fleire område der vi meiner det er fornuftig å utforske moglegheitene digitaliseringa gir i oppgåveløysinga. Som følge av pandemihandtering har vi ikkje komme så langt som vi hadde planlagt i utforskinga og arbeidet med desse initiativa. Vidareutviklinga av Heilskapleg forvaltningsløysing (HFL) er likevel gjennomført i samsvar med planen.

Heilskapleg forvaltningsløysing-porteføljen omfattar store delar av tilskotsporteføljen og prosjektporteføljen, i tillegg til søknadsbehandling og godkjenningar, og tilsyn med frittståande skolar. Løysinga blir nytta av, eller utfører tenester for, mange avdelingar på tvers av divisjonar i direktoratet. HFL er også eit heilt sentralt verktøy for det stadig aukande tilfanget av nye forvaltningsoppgåver.

I 2021 har vi framleis arbeidd med å fornye HFL i tråd med arkitekturprinsippa frå Digitaliseringsdirektoratet. Vi har lagt følgande føringar for framtidig utvikling og forvaltning av HFL til grunn:

  • Dei som bruker dei ulike systemløysingane, er ekspertar på oppgåvene sine.
  • Løysingar internt skal vere oppgåveorienterte.
  • Løysingar retta mot sektoren skal vere prosessorienterte.
  • Løysingane skal vere sjølvstendige og ha ansvar for eigne data.
  • Funksjonar og tenester skal vere avdelingsuavhengige.

For å oppfylle desse føringane har vi identifisert og vedteke ei oppdeling av løysinga i mindre vertikalar/konteinarar. Arbeidet med å dele opp HFL-porteføljen i vertikalar vil halde fram ut 2022.

Så langt ser vi at vertikaliseringa har gode gevinstar både for brukarane og for forvaltninga av HFL. For brukarane legg endringane betre til rette for å arbeide på tvers av avdelingar, grupper og fagområde. Det er enklare å hente ut rapportar og oversikter om aktørar, med omsyn til forvaltning av tilskots- og prosjektmidlar, informasjon om godkjenningar og tilsyn.

Små, sjølvstendige vertikalar gjer at behovet for langvarige periodar med oppgradering av teknisk rammeverk fell bort. Dei ulike vertikalane er ikkje lenger like avhengige av kvarandre, og det gjer at vi lettare kan tilpasse oss endringar i rammer og behov i sektoren. Det er også lettare for oss å ta i bruk nasjonale felleskomponentar og la andre leverandørar ta over eller levere vertikalar i same portefølje.

Vi har utarbeidd ei digital meldeløysing for å melde bekymring for ein friskole

Vi har i 2021 fått på plass ei ny meldingsløysing for å melde ei bekymring for ein friskole eller andre private skolar som vi fører tilsyn med. Vi har publisert ein artikkel på udir.no som forklarer litt om kven som fører tilsyn med kven, kva det går an å melde frå om, og korleis vi følger opp meldingane. Løysinga forenklar arbeidsprosessane våre og sikrar at alle som ønsker å melde om bekymringar for potensielle brot på regelverket, kan gjere dette på ein sikker måte. Vi vurderer kvar enkelt melding og bruker informasjonen i risikovurderingane våre.

Digitale løysingar i arbeidet med å formidle regelverket

Digitale løysingar gjer det mogleg å nå ut til fleire. Vi ser at bruken av kompetansepakkar (e-læringsverktøy) for formidling av regelverket gir oss denne moglegheita, og at ein slik måte å formidle regelverket på blir godt motteken. I 2021 evaluerte vi to av kompetansepakkane vi laga i 2020, om høvesvis fag- og yrkesopplæring og tospråkleg fagopplæring. Vi sende ut ei spørjeundersøking til alle som hadde gjennomført kompetansepakkane. Sjølv om vi ikkje fekk så mange tilbakemeldingar, kan vi likevel trekke ut av svara at kompetansepakkar er eit nyttig verkemiddel i arbeidet med å formidle regelverket, og at dei bidreg til kompetanseheving i sektoren.

Tilbakemeldingane viste dessutan at fleire hadde nytta kompetansepakkane meir enn éin gong, noko som viser nytteverdien slike e-læringsverktøy kan ha for kompetanseheving i sektoren.

Tilskot som verkemiddel for læring, meistring og trivsel

Tilskotsporteføljen blir kvart år følgd opp gjennom risikovurdering og kategorisering av den enkelte tilskotsordninga. Gjenbruk av data som allereie er samla inn, står sentralt i arbeidet med å forenkle tilskotsforvaltninga og gjere henne meir effektiv. Data som er tilgjengelege i sentrale datakjelder, blir lagd til grunn når vi skal fordele tilskot til kommunar og fylkeskommunar. Slik unngår vi ressurskrevjande søknadsprosessar.

9,48 milliardar kroner av tildelinga til direktoratet i 2021 gjekk til ulike tilskotsordningar innanfor barnehage, offentleg grunnopplæring, vidareutdanning, friskolar og folkehøgskolar, i tillegg til andre formål. I 2021 forvalta vi 47 hovudgrupper av ordningar. Av desse var sju ordningar retta mot ulike tiltak i samband med koronapandemien.

Av dei store ordningane er fleire retta mot tiltak som er heimla i lov og forskrift, for eksempel friskolar og folkehøgskolar. Andre tilskotsordningar er øyremerkte ulike satsingar og innsatsområde. Eksempel på slike er tilskot til symjeopplæring, tilskot til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage og tilskot til auka deltaking i barnehage for minoritetsspråklege barn.

Vi vurderer fortløpande om tilskotsordningane våre oppfyller kvalitative og kvantitative mål. I tillegg kontrollerer vi om ordningane har kriterium som kan brukast til å vurdere risiko og styringseffektivitet. Vi vurderer også kva ordningar statsforvaltarane bør ha ansvar for å utføre forvaltningsoppgåver for. Om nærleik til tilskotsmottakarane ikkje er nødvendig og vi har objektive tildelingskriterium, er det eit mål å sentralisere forvaltninga. Stordrift og standardisering gjer at statsforvaltarane kan bruke frigjord kapasitet til oppgåver der nærleiksprinsippet er viktig. Arbeidet med å forenkle, gjere ordningane mindre byråkratiske og meir effektive er framleis ein dimensjon i dette.

Mål 4: Barnehageeigarar og skoleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skolane sine og overfor lærebedrifter

Den viktigaste rolla vår for å styrke arbeidet med kunnskapsbasert utvikling i sektorane våre er å tilgjengeleggjere kunnskapsgrunnlaget på ein brukarvennleg måte og å støtte og rettleie det lokale nivået. Dette inneber å lytte til behova som sektorane våre har, gi best mogleg informasjon og gjere kunnskap enkelt tilgjengeleg. I 2020 og 2021 har kunnskapsbehovet rundt påverknaden til pandemien vore stort. Vi har prioritert arbeidet med å gi informasjon og samle kunnskap til barnehageeigarar og skoleeigarar og rettleie dei gjennom ei utfordrande tid. Samtidig har vi jobba med å samle all statistikk og alle analysar på udir.no, starta revisjonsarbeidet av elevundersøkinga og sett i gang fleire forskingsprosjekt. Mange av forskingsprosjekta har samanheng med stortingsmelding 6 Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.

Samlar kunnskapsgrunnlaget på udir.no

I 2021 har vi jobba mykje med å samle kunnskapsgrunnlaget vårt på udir.no. Målet har vore å skape ein oversiktleg heilskap som gjer det enklare for ulike brukarar å finne fram til det dei har behov for.

På dei nye statistikksidene er innhaldet tydeleg strukturert og delt inn i analysar, tal (statistikkbanken) og analysebrett (visuell framstilling av tal) for kvart av hovudnivåa i opplæringa – barnehage, grunnskole, vidaregåande og fag- og yrkesopplæringa. Vi har også sørgt for betre samanheng mellom analysar og statistikkbank. Tydeleg bruk av fargar og ikon hjelper brukarane med å orientere seg i dei ulike innhaldstypane. Analysebrett skal vareta behovet for å utforske eit breitt datagrunnlag basert på oversiktsbildet som analysebrettet bidreg med, mens statistikkbanken gjer det mogleg å få detaljerte framstillingar av alle statistikkar Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for.

Vi ønskte også å samle tilbakemeldingane vi har fått frå spørjingane til Barnehage- og Skole-Noreg. Hausten 2021 lanserte Utdanningsdirektoratet derfor samlesidene Funn frå Spørsmål til Barnehage-Noreg og Funn frå Spørsmål til Skole-Noreg på udir.no. Spørjingane er ei viktig kjelde til oppdatert og representativ kunnskap om utdanningssektoren, og dei nye samlesidene gjer det enklare å få oversikt over tidlegare rapportar og funn.
Spørjeundersøkingane har blitt sende ut til skoleeigarar og skoleleiarar to gonger i året sidan 2009, og til barnehagestyresmakter, barnehageeigarar og barnehagestyrarar éin gong i året sidan 2014. Temaa for dei enkelte undersøkingane blir avtalte frå gong til gong og skal dekke kunnskapsbehovet til Utdanningsdirektoratet til kvar tid. Behovet for ei oversiktleg organisering av rapportane og dei ulike temaa som er svarte på, har derfor vore stort.

Vi har fått fleire tilbakemeldingar om at oversiktene er nyttige. Samlesidene blir etter kvart oppdaterte som nye rapportar frå spørjingane blir publiserte.
Kvart år publiserer vi fleire rapportar som analyserer svara i Elevundersøkinga, og dessutan resten av brukarundersøkingane i skolen (Foreldreundersøkinga og Lærarundersøkinga). I tillegg blir det gjennomført eit djupdykk der vi også gjer kvalitative analysar for å utdjupe aktuelle tema som er knytte til Elevundersøkinga. For å gjere det lettare å søke og få oversikt over alle rapportane har vi laga ei samleside: Funn frå Elevundersøkinga (udir.no)

Digital brukarinvolvering har gjort det lettare å forstå ulike behov for informasjon og statistikk

I 2021 har vi lært mykje om kva brukarane ønsker seg av informasjon og statistikk, ved å ha digitale innspelsrundar, brukartestar, samlingar og webinar om kunnskapsgrunnlaget vårt. Digitale møte med tilsette i barnehage- og skolesektoren har gjort terskelen lågare for å be om innspel. Det har også gjort det lettare å få brukarinnspel frå heile Noreg. Derfor opplever vi i større grad at vi har fått innblikk i ulike behov og korleis dei tilsette jobbar på ulike måtar, på tvers av landsdelar og ulike kommunestorleikar. Vi har gode erfaringar med dette frå arbeidet med dei nye statistikksidene, analysebrett og fag- og yrkesopplæring.

Analysebrett og nye statistikksider

I arbeidet med å utvikle nye statistikksider på udir.no har vi gjennomført ein brukartest for at sidene skal bli mest mogleg brukarvennlege. Testdeltakarane var tilsette i små og mellomstore kommunar som bruker statistikk i arbeidet sitt med barnehagar og skolar. Testen blei gjennomført digitalt. Vi fekk nyttige innspel og brukte dei som utgangspunkt for å endre løysinga før lansering.

Brukarinvolvering var også ein viktig del av analysebrettprosjektet. Målet vårt var å lage verktøyet saman med brukarane. Gjennom denne prosessen fekk vi mange gode innspel til utvikling og justering undervegs, før dei ferdige analysebretta blei lanserte.

Vi gjekk inn i analysebrettprosjektet med ein tanke om at dei som jobbar med barnehagar og skolar, ønskte at vi fjerna mykje innhald og presenterte eit lite knippe tal på ein visuelt enkel måte. Gjennom brukarinvolveringsrundane viste det seg at dette var feil. Vi fekk tilbakemelding om at enkelt ikkje betyr få tal, men heller ei oversiktleg og strukturert framstilling. Brukarane ønskte seg moglegheit til å finne fram til det dei trong der og då. Kvardagen til barnehageeigarar og skoleeigarar er kompleks og stadig i endring, og derfor held det ikkje med eit lite utval tal. Dei treng mykje informasjon, men også fleksible løysingar som presenterer informasjonen på ein ryddig og tilrettelagd måte. Denne innsikta gjorde at vi endra kursen for analysebrett, og vi har no publisert brett der brukarane i større grad kan tilpasse kva dei vil sjå, og gå i djupna der dei ønsker det. Ei anna viktig innsikt er betydninga av samanlikning. Vi var i utgangspunktet skeptiske til å legge opp til mykje samanlikning fordi vi ønskte at barnehagane og skolane skulle sette søkelys på eiga utvikling og ikkje konkurrere med kvarandre. Gjennom innspelsrundane forstod vi likevel at samanlikning ikkje handlar om å konkurrere, men snarare å sjå til andre kommunar for å forstå eigen praksis og om skolen, barnehagen eller kommunen er på rett kurs. Løysinga er særleg tilpassa små og mellomstore kommunar, og vi har fått mange positive tilbakemeldingar på at analysebrett er nyttig for dei fordi dei raskt kan få enkel oversikt over status og utvikling for eigen og relevante samanlikningskommunar. Framover vil vi mellom anna jobbe med å gjere det enklare for brukarane våre å følge med på utviklinga for eit årskull, gjere meir materiale på barnehagefeltet tilgjengeleg og samle tala om det samiske tilbodet.

Starta samarbeid med partane i arbeidslivet om kunnskapsbasert utvikling av fag- og yrkesopplæringa

Direktoratet utnemnde i 2021 samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) og faglege råd for ein ny fireårsperiode. Desse representerer partane i arbeidslivet og er rådgivande organ overfor Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet. Råda dei gir, er eit viktig kunnskapsgrunnlag for avgjerder om fag- og yrkesopplæring.

Bruk av digital teknologi i opplæringa har vore eit tema både i SRY og dei faglege råda. Våren 2021 leverte arbeidsgruppa til SRY for digitalisering og teknologi forslag til tiltak som skal sikre at det blir teke omsyn til den teknologiske utviklinga innanfor fag- og yrkesopplæringa. Det har også blitt arrangert eit eige webinar med dei faglege råda i 2021, der dei skisserte teknologiutviklinga innanfor kvart enkelt utdanningsprogram og kom med råd om korleis dei kan møte behova for digitalt utstyr, digitale verktøy og digitalt innhald.

Dei faglege råda har foreslått medlemmer i læreplangruppene og har hatt avgjerande innverknad på det faglege innhaldet i læreplanane på vg3. I 2021 har vi bidrege til å innføre dei nye læreplanane i skole og bedrift ved å utvikle kompetansepakkar for lærarar, instruktørar, prøvenemndmedlemmer og andre med ansvar for opplæring. Dei faglege råda har bidrege med kunnskapsgrunnlag om behovet i arbeidslivet for støttemateriell og delteke i utviklinga av kompetansepakkane.

På bakgrunn av at det er sett høgare kompetansekrav, og at det har vakse fram større etterspurnad etter yrkesfagleg kompetanse, leverte SRY i 2021 rapporten Fremragende yrkeskompetanse, inkludering og kvalifisering. Rapporten konkluderte med at det er heilt nødvendig å lykkast både med inkludering og framifrå yrkeskompetanse for å møte kompetansebehovet i samfunnet og arbeidslivet framover. Tiltaka SRY har foreslått, vil bli vurderte i oppfølging av fullføringsreforma i 2022.

Vi utbetrar verktøya våre

I 2021 har vi laga løysingar og verktøy som gjer kunnskapsgrunnlaget lettare tilgjengeleg og enklare å få utbytte av. I åra framover skal vi vidareutvikle dei og lage nye verktøy, mellom anna for å samle inn data frå barnehagar og grunnskolar.

Nytt analyse- og refleksjonsverktøy for barnehage

Våren 2021 fekk vi i oppdrag å evaluere og vidareutvikle dagens ståstadsanalyse for barnehage (BSA). Bakgrunnen var at dagens BSA hadde få brukarar (5 prosent av barnehagane), og fleire gav tilbakemeldingar om at han var tidkrevjande og lite brukarvennleg. Den digitale plattforma er bygd på gammal programvare, og endringar/oppdateringar i denne ville ikkje kunne brukast vidare ved vidareutvikling. Vi kunne heller ikkje få hjelp frå verktøyet som er brukt på skole, sidan det er bygd på ei ny og oppdatert programvare. Samtidig var kontrakten gammal og oppfylte ikkje dagens personvernkrav. Frå januar 2022 starta vi prosessen med å utvikle eit nytt analyse- og refleksjonsverktøy som femnar breiare.

Ny ståstadsanalyse for skole

Ståstadsanalysen er eit frivillig refleksjonsverktøy til bruk i skolebasert vurdering og til analyse av lokale kompetansebehov. Verktøyet kan styrke profesjonsfellesskapet gjennom å legge til rette for drøfting av samanhengen mellom resultat og praksis. I 2021 blei ståstadsanalysen for skolar bygd opp på nytt og flytta frå Skoleporten til udir.no.

Ståstadsanalysen i Skoleporten hadde tre fasar. I den nye versjonen er det i tillegg lagt inn ein fase 0 – planlegge prosessen. I fase 3 – vurdering og oppfølging er det eit nytt steg med moglegheit for å følge opp analysen med mål og tiltak. I den nye versjonen har skoleeigaren tilgang til rapporten når skolen har fullført og delt analysen.

Etter lansering jobbar vi kontinuerleg med brukarinvolvering. Vi vil gjere mindre justeringar og vidareutvikle verktøyet basert på brukarinnspel. Av erfaring er analysekompetanse noko sektoren reknar som utfordrande, og vi vil derfor vidareutvikle verktøyet med omsyn til dette. Her ser vi spesielt eit stort potensial i fase 0 – planlegge prosessen, og vi vil i nærmaste framtid utvide og konkretisere denne fasen. Samtidig vil vi legge til ein ny underfase i fase 3 – vegen vidare, som skal hjelpe brukarane vidare i arbeidet med kvalitetsutvikling etter gjennomført analyse. Det har vore vanskeleg å skape ein heilskapleg arbeidsprosess hos brukaren, og desse endringane kan bidra til å løyse dette.

Enkelte av statistikkane til Udir har vore utfordrande å innlemme i verktøyet. Vi ser derfor potensialet med å samordne meir med ulike verktøy Udir tilbyr, og framover vil vi bruke tida til å sjå på korleis vi kan gjere dette på best mogleg måte.

Tilstandsrapport for skole

Tilstandsrapporten er meint å vere eit utgangspunkt for dialog, drøfting og planlegging av arbeidet med kvalitetsutvikling i kommunane og fylkeskommunane. I 2021 laga vi ein ny mal for tilstandsrapport for grunnskole og vidaregåande skole som på ein enklare og meir visuell måte skal hjelpe skoleeigarane til å finne fram til og tolke resultata sine. Denne løysinga blei utvikla gjennom at brukarane testa løysinga.

Nytt BASIL og GSI

Det er sett i gang eit større arbeid for å utvikle nye system for Barnehagens innrapporteringssystem (BASIL) og Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Eit nytt system skal sørge for brukarvennleg og sikker innsamling av data frå barnehagar og skolar. Systemet skal i større grad eigast og driftast av direktoratet sjølv og nytte nasjonale felleskomponentar der det er mogleg. Eit nytt system skal også legge til rette for individdata, som vil opne opp for heilt nye moglegheiter for å analysere og presentere tal.

Bruk av verktøya våre

Det har vore ein auke i talet på besøk på statistikksidene på udir.no. I 2021 var det omtrent 290 000 besøk, noko som er ein auke på 19 prosent frå 2020. Noko av grunnen til dette er ein auke i talet på besøk på sidene til statistikkbanken og lanseringa av analysebrett. Noko av auken i talet på besøk til statistikksidene på udir.no kjem også av nedlegginga av Skoleporten 1. juli. Likevel ser vi at trafikktala frå Skoleporten ikkje har gått direkte over til udir.no. Frå 1. januar til 1. juli 2021 var det 160 000 besøk i Skoleporten, mens det var 135 000 besøk på statistikksidene på udir.no. Grunnen til dette er truleg at brukarane var meir kjende med Skoleporten enn analysebrett og statistikkbanken på udir.no. Det er likevel ein auke i besøk på udir.no/statistikk.

Vi reviderer elevundersøkinga

Brukarundersøkingane våre er verktøy som gir eit godt grunnlag for at barnehage- og skoleeigarar skal kunne bruke informasjonen om eiga verksemd i utviklingsarbeid. Undersøkingane gir også nyttig informasjon til policyutvikling. Resultata frå brukarundersøkingane er viktige for barnehage- og skoleeigarane når dei skal vurdere tilstanden i sin eigen sektor. Dei inngår mellom anna derfor som ein del av tilstandsrapport, ståstadsanalyse og analysebrettet.

Det er noko lågare svarprosent for Elevundersøkinga hausten 2021 enn i fjor. Frå år til år har det vore ein auke i delen elevar som har svart på undersøkinga, men i 2021 var det nærmare 17 000 færre svar enn i 2020. Det er grunn til å tru at dette kjem av situasjonen av med pandemien, som var krevjande og uføreseieleg for mange skolar. Det er fleire skolar som har bede om utsetting og gitt beskjed om at dei ikkje har fått gjennomført for dei obligatoriske trinna. Vi har ikkje kunna gi utsetting, fordi det er uklart om situasjonen ville vere betre på nyåret, og det er ein stram tidsplan for å få sendt over tala til analyse og publisering i statistikkbanken til Udir. Vi har opplyst om moglegheit for at elevane kan svare på undersøkinga heimanfrå for at det blei lettare for skolane og gjennomføre. For dei obligatoriske trinna var svarprosenten 88,8 prosent på 7. trinn, 85,6 prosent på 10. trinn og 81,4 prosent på vg1. Det er noko lågare enn i fjor. Over 700 000 svarte på brukarundersøkingane frå Udir i 2021: elevundersøkinga (litt under 450 000), lærlingundersøkinga (litt over 13 000) og foreldreundersøkinga i barnehagen (nesten 130 000).

Dei siste åra har det vore fleire endringar i rammene for arbeidet til skolane med skole- og læringsmiljøet til elevane. Som følge av dette har Udir sett behov for å gjere ein heilskapleg gjennomgang av Elevundersøkinga. Vi starta arbeidet med å revidere Elevundersøkinga i 2020. Ei ny elevundersøking skal vere klar til skoleåret 2024–25.

Elevundersøkinga har mange brukarar, og det er mange som har meiningar om innhaldet. I arbeidet med ny elevundersøking legg vi til rette for ein open og inkluderande prosess. For å lykkast i arbeidet er det viktig at vi involverer både elevar, foreldre, lærarar, skoleleiarar, skoleeigarar, statsforvaltarar, organisasjonar og andre interesserte gjennom heile prosessen.

I 2021 henta Udir inn kunnskap som skal støtte direktoratet i fastsetting av formål, design og innhald i Elevundersøkinga. Det blei i 2021 gjennomført ulike digitale møte, workshopar og intervju med statsforvaltarar, skoleleiarar, lærarar og elevar. I tillegg har Udir etablert ei referansegruppe for revisjonsarbeidet.

Revisjonen av Elevundersøkinga blei også behandla i Digitaliseringsrådet i 2021. Rådet gav direktoratet anbefalingar om å mellom anna tenke nytt om form og innhald, involvere alle brukargrupper frå start til slutt og sikre ei tverrfagleg organisering av utviklinga.

Som ein viktig del av kunnskapsinnhentinga lyste vi i 2021 ut eit oppdrag for å kartlegge andre nasjonale og internasjonale undersøkingar og utforske korleis andre land hentar inn kunnskap om skole- og læringsmiljøet til elevane.

Som ein del av revisjonsarbeidet skal Udir utvikle nye system for å gjennomføre Elevundersøkinga. Det nye systemet skal sørge for ei brukarvennleg og sikker administrering og gjennomføring av Elevundersøkinga. I 2021 starta utgreiinga og planlegginga av dette utviklingsarbeidet. Systemet skal i større grad eigast og driftast av direktoratet sjølv og nytte felleskomponentar som Feide og Altinn for pålogging og gjennomføring av undersøkinga.

Internasjonale undersøkingar gir oss blikket utanfrå

Internasjonale undersøkingar er ei nyttig kjelde til kunnskap om statusen og utviklinga i norske barnehagar og skolar. Noreg tek del i fleire internasjonale komparative undersøkingar som kartlegg kompetansen til elevane på sentrale fagområde som lesing, matematikk, naturfag og demokrati, digitale ferdigheiter og medborgarskap. Vi deltek også i undersøkingar retta mot tilsette i skolar og barnehagar der formålet er å kartlegge ulike aspekt ved arbeidskvardagen deira, slik som arbeidsmiljø og trivsel, moglegheiter for kompetanseutvikling og leiing.

I 2021 var det datainnsamling i studien PIRLS (Progress in International Reading Literacy Study) som undersøker leseinnsats og leseferdigheiter blant elevar på femte trinn. Sidan studien blei gjennomført under pandemien, blei det samla inn ekstra informasjon om konsekvensane av pandemien (talet på dagar med skolestenging, digital heimeundervisning osv.). Det er meininga at desse opplysningane kan nyttast for å kontekstualisere læringsresultata for elevane og sjå nærmare på verknadene til pandemien. Resultata skal publiserast i desember 2022. I 2021 blei det også publisert fleire omfattande forskingsantologiar med data frå dei internasjonale studiane, mellom anna frå TIMSS og TALIS.

Stort behov for kunnskap om korona også i 2021

Udir har eit særleg ansvar for å sikre kunnskapsgrunnlag om koronasituasjonen slik at politisk leiing og sektorane våre kan ta gode, kunnskapsbaserte avgjerder. Vi har ei eiga samleside for informasjon om korona der vi jamleg legg ut oppdatert informasjon om kva vi veit om smitte, gjeldande tiltak, beredskapsplanar og hjelp for barnehagar og skolar gjennom pandemien.

Kunnskapsdepartementet har gitt oss i oppdrag i 2021 å skaffe meir kunnskap om konsekvensar av pandemien og smitteverntiltak i barnehagar og grunnopplæringa. Oppdragsbrevet er todelt. Del 1 handlar om å utnytte moglegheitene i undersøkingar og statistikk. Del 2 handlar om problemstillingar som det kan vere formålstenleg å hente inn meir kunnskap om.

For del 1 viser Udir til at Utdanningsspegelen 2021 har eit eige temakapittel om koronapandemien, og at analysar som blir gjennomførte fram mot neste haust, kan samlast i Utdanningsspegelen for 2022. Udir har også sett i gang arbeid med eit eige statistikknotat som samlar kunnskapen vi har så langt. Dette skal fullførast før sommaren 2022. Statistikk frå både barnehage og grunnopplæring, inkludert fagopplæring, vil inngå i desse analysane.

For del 2 av oppdraget har Udir foreslått å hente inn meir kunnskap om konsekvensar og tiltak for dei yngste elevane i skolen, kunnskap om fagleg og sosialt læringstap for elevar på ungdomstrinnet, og å samle kunnskap om moglege læringspunkt som gjeld organisering og digitalisering. For å skaffe meir kunnskap om dei yngste elevane har Udir valt å knyte eit tilleggsoppdrag til evalueringa av 6-årsreforma som blir gjennomført av OsloMet. Dette oppdraget har oppstart i månadsskiftet januar/februar 2022. OsloMet vil her også replisere nokre av elementa som inngjekk i rapporten dei publiserte i februar 2021: Handtering og konsekvensar av koronautbrotet for barn og barnehagar. For å hente inn meir kunnskap om konsekvensar for elevar på ungdomstrinnet vil Udir lyse ut eit eige evalueringsoppdrag våren 2022.

Det å sørge for eit godt kunnskapsgrunnlag om korona har vore avgjerande av mange årsaker. Vi treng kunnskapen for å forstå tilstanden i barnehagar og skolar, gi god informasjon og rettleiing og komme med anbefalingar til regjeringa på vegner av sektorane våre.

Vi jobbar med å lage eit godt kunnskapsgrunnlag om inkluderande praksis

Eit viktig satsingsområde for Udir er å legge til rette for eit godt og likeverdig tilbod for alle barn og unge. For å gjere dette treng vi eit godt kunnskapsgrunnlag om barn og unge med ulik bakgrunn og behov. Vi har fleire prosjekt og satsingar innanfor dette feltet, mange med utgangspunkt i stortingsmelding 6 Tett på – tidleg innsats.

Tiltak for betre fjernundervisningstilbod på samisk og kunnskap om læringsutbyttet til elevar som har opplæring i og på samisk

I første del av oppdragsbrevet del blir Utdanningsdirektoratet bedne om å vurdere om Rammeverk for samisk fjernundervisning har vore eit nyttig tiltak for kvaliteten i samisk fjernundervisning. Dette er svart på basert på innspela og erfaringane til statsforvaltaren i Nordland og Troms og Finnmark. Dei har fått det eksplisitte koordineringsansvaret for samisk fjernundervisning. Statsforvaltarane meiner at rammeverket har bidrege til at kvaliteten på samisk fjernundervisning har blitt høgare sidan 2015, men er samtidig tydelege på at arbeidet med kvalitetsforbetring er eit pågåande arbeid, og at dei to fylka er ulike stader i prosessen.

Når det gjeld tiltak som kan bidra til at alle elevar som får opplæring i samisk ved hjelp av fjernundervisning, får eit godt og forsvarleg opplæringstilbod, er det foreslått å spisse og føre vidare eksisterande tiltak og dessutan å sette i verk nye tiltak innanfor følgande område: informasjon om rett til undervisning i samisk, kompetanse og rekruttering, språksamlingar/hospitering, teknologiske løysingar og økonomi og refusjonssatsar.

Til slutt har Udir i oppdraget sett på tiltak for å få betre kunnskap om læringsutbyttet til elevar som har opplæring i og på samisk. Institusjonar som Nasjonalt senter for samisk i opplæringa og statsforvaltarane i Nordland og Troms og Finnmark har peikt på at det er manglar i resultata frå prøvefeltet og vanskeleg å få tilgang til relevant statistikk og kunnskap om faktorar som påverkar læringsutbyttet til samiske elevar. Utdanningsdirektoratet foreslår mellom anna tiltak knytt til tilgjengeleggjering og vising av statistikk og utvikling av nye eigne kartleggingsprøver i lesing på samisk. Dette arbeidet er sett i verk og vil bli gjort tilgjengeleg i løpet av 2022.

Nykomne elevar. Integreringsstrategien til regjeringa og Granavoldplattforma: «Sikre auka kunnskap om kva innføringstilbod som gir best effekt for nykomne elevar»

Registrering av opplæringstilbod, opplysningar om bakgrunnsforhold, tilgang til resultat på kartleggingsprøver og data om utfall har avgrensa moglegheitene for å effektevaluere tilboda for nykomne elevar. Utdanningsdirektoratet har derfor lagt til rette for at meir data, for eksempel kartleggingsprøver, kan gjerast tilgjengelege for forskarar. Vidare vil vi utvikle eit nytt informasjonssystem for grunnskolen (nytt GSI), som kan hente inn meir detaljert informasjon om opplæringstilbodet til elevane (sjå. pkt. 5.4).

I november 2021 skaffa Utdanningsdirektoratet eit forskingsprosjekt som skal gi ny kunnskap om opplæringstilboda for nykomne elevar, og kva som gir god opplæring for desse elevane. NIFU skal sjå juridiske, organisatoriske, pedagogiske og sosiale aspekt ved opplæringa i samanheng, og instituttet har delt forskingsprosjektet inn i fire hovudtema:

  1. Pedagogisk innhald og praksis.
  2. Tilbodsutforming og regelforståing.
  3. Erfaringar med opplæringstilbod: inkluderande og ekskluderande prosessar.
  4. Lærarkompetanse og samarbeid. Prosjektet skal formidle forskinga til skolesektoren gjennom webinar i samband med publisering av del- og sluttrapportar, seminar i deltakarfylke og vitskaplege og populærvitskaplege artiklar.

Evaluering av kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis (med utgangspunkt i Meld. St. 6)

I perioden 2021 til 2025 blir kompetanseløftet evaluert for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Oppdraget er beskrive i tillegg nr. 6 til tildelingsbrev til Utdanningsdirektoratet for 2020 og inngår i oppdrag 2020-031 om oppfølginga av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Formålet med oppdraget er å undersøke organisering, utvikling og om målet om kompetanseløftet er oppnådd i kommunar og fylkeskommunar, og korleis praksis i barnehagar, skolar og laget rundt eleven blir påverka av kompetansehevinga og av endringane i tenestetilbodet frå Statped. NTNU Samfunnsforsking undersøker om satsinga bidreg til å styrke kompetansen til målgruppene, og om denne kompetansen kjem tettare på barna og elevane. Funn undervegs skal bidra til at kompetansesatsinga blir justert etter behov fram mot 2025, og at det blir utvikla eit relevant kunnskapsgrunnlag for den varige ordninga som trer i kraft frå 2025. Oppdraget blir sett i samanheng med evalueringa av desentralisert ordning for kompetanseutvikling, som går føre seg i same periode. Prosjektet formidlar forskinga gjennom webinar når det publiserer del- og sluttrapportar, formidlar til sektoren via ei breitt samansett referansegruppe for tilskotsordningane og formidlar breitt gjennom vitskaplege og populærvitskaplege artiklar.

Språklege minoritetar og spesialpedagogisk hjelp i barnehagen

I 2021 publiserte vi tal på udir.no om språklege minoritetar og barn som får spesialpedagogisk hjelp i barnehagen. I brukarinvolveringsrundar har vi fått vite at denne informasjonen har vore etterspurd. Det at desse tala no er ope tilgjengelege, gjer det lettare å følge opp tilbodet til desse barna og skape eit likeverdig tilbod i barnehagen for alle barn.

Ny statistikk – privatistar, vidareutvikling av statistikk om vaksne

Meld. St. 14 (2019-2020) Kompetansereformen – lære hele livet slår fast følgande mål: «[I]ngen skal gå ut på dato på grunn av manglende kompetanse. Alle skal få mulighet til å fornye og supplere sin kompetanse, slik at flere kan stå lenger i arbeid» (Kunnskapsdepartementet, 2020). Av dette følger det at det må vere mogleg å ta utdanning og opplæring, også etter det første utdanningsløpet. For å kunne legge til rette for kompetanseutvikling og opplæring også for vaksne må vi ha eit godt kunnskapsgrunnlag. Kunnskapsgrunnlaget for vaksenopplæring er mangelfullt på nokre område. Udir har, saman med Kunnskapsdepartementet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, gått i gang med eit arbeid for å vidareutvikle og forbetre kunnskapsgrunnlaget om vaksne i opplæring/utdanning. Arbeidet vil bli ført vidare i 2022.

Ein del av tilbodet til utdanning for vaksne er moglegheita til å gå opp til eksamen som privatist. Utdanningsdirektoratet får tidvis førespurnader om statistikk om privatistar som tek eksamen i fag i vidaregåande opplæring, men det er ikkje utvikla ein kontinuerleg statistikk for dette tidlegare, verken hos Udir eller Statistisk sentralbyrå. Behovet for ein slik statistikk kom tydelegare fram under koronapandemien då eksamenar for elevar i stor grad blei avlyste, mens privatisteksamenar blei gjennomførte. Dataene Udir allereie får frå Vigo, gjer det mogleg å produsere statistikk på privatisteksamenar, og Udir er godt i gang med arbeidet med å produsere ein slik statistikk. Målet er å ferdigstille denne statistikken og publisere han i første kvartal 2022.

Rettferdsvederlag – knytt opp mot inkluderande praksis

Arbeidet til Utdanningsdirektoratet med søknader om rettferdsvederlag gir eit bilde av personar som av ulike grunnar ikkje blir inkluderte og får det utdanningstilbodet dei har krav på. Søknadene gir konkret innblikk i både eldre og nyare historier gjennom søkarane sine eigne beskrivingar og den varierande dokumentasjonen til skoleeigarane. I 2021 behandla Udir 262 slike saker. Flest merknader er knytte til kategoriane «manglande innblanding mot mobbing», og «manglande varsel til barnevernet» ved kjennskap til skadelege oppvekstforhold. Eit stort tal gjeld også «mangelfull skolegang», ein kategori som femnar mangelfull tilrettelegging, manglande tilvising til PPT og mykje anna. Det er berre eit mindretal av søkarane som vinn fram med si sak; avslag blir ofte gitt fordi det ikkje er arkivert dokumentasjon som klargjer dei aktuelle forholda. I 2021 blei 21 prosent av søknadene på ansvarsområdet vårt innvilga.

Det er ei avgrensing for bruk at sakene inneheld teiepliktige personopplysningar, men samanstilte data kan bidra til å vise eventuell utvikling. Kanskje kan det også vise eventuelle geografiske eller sosiologiske mønster.

Ei generell erfaring er at etterlevinga til kommunane av arkivreglane varierer mykje (både innhaldsmessig og organisatorisk).

Mål 5: Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagestyresmakter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i læringsarbeidet og dei administrative oppgåvene

Digitalisering er ikkje eit mål i seg sjølv, men kan bidra til å transformere sektoren med nye og meir effektive administrative rutinar og betre læringsprosessar. Det er viktig at vi som sentrale styresmakter utviklar felles mål saman med aktørane i sektoren ved å etablere gode arenaer for samhandling med skoleeigarar, skolar og barnehagar og leverandøren.

Alle lærarar og elevar bør ha tilgang til oppdatert utstyr, digitale verktøy og eit breitt og balansert utval av trykte og digitale læremiddel som støttar opp under ulike læringsstrategiar og eit godt læringsmiljø. Digitale administrasjonsløysingar, læremiddel, ressursar og verktøy bør samhandle og vidareutviklast slik at moglegheitene som ligg i digitalisering, blir utnytta betre.

Udir har teke i bruk store delar av verkemiddelapparatet sitt for å nå delmåla som bygger opp under brukareffektmål 5. Det er gjort gjennom ulike økonomiske stimuleringsordningar retta mot marknaden, skoleeigarar, etter- og vidareutdanning, rettleiingar og opplæringsmateriell innanfor pedagogisk bruk av IKT, informasjonssikkerheit og personvern, og vidareutvikling av fellesløysingar.

Digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa, «Framtid, fornyelse og digitalisering», blei lansert i 2017. I 2018 kom den teknologiske skolesekken, som tilførte midlar for å gjennomføre ei rekke tiltak som støtta opp under måla i strategien. I 2020 blei strategien forsterka gjennom handlingsplanen for digitalisering i grunnopplæringa. Strategien skulle i utgangspunktet vare fram til 2022, men på grunn av pandemien i 2020–2021 valde regjeringa å forlenge perioden. Arbeidet med tiltaka som står att, vil derfor halde fram til ny strategi er på plass i 2023. Forlenginga av perioden har bidrege til at vi kjem lenger med nokre av tiltaka enn vi elles ville gjort.

I samsvar med føringane i Oppdragsbrev 15-18 om Den teknologiske skolesekken (2018–2022) har vi slått saman arbeidet med tiltaka i den teknologiske skolesekken og handlingsplanen for digitalisering.

For å sikre at vi når ambisjonane om betre måloppnåing og ikkje berre kvitterer ut enkelttiltak, har vi lagt vekt på å jobbe samordna både eksternt og internt. I arbeidet med tiltaka i skolesekken og handlingsplanen har vi involvert både KS, skoleeigarar, skoleleiarar, lærarar og leverandørar.

Dei fleste tiltaka i digitaliseringsstrategien er kvitterte ut, og i 2022 vil også dei fleste tiltaka i handlingsplanen bli sluttførte. I arbeidet med ny strategi blir det viktig å sjå på arbeidet som er utført, og vurdere kva område det er viktig å arbeide vidare med for å sikre at barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagestyresmakter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeidet og dei administrative oppgåvene.

Den gjeldande digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa og Hurdalsplattforma slår fast at digitaliseringa av skole og barnehage må skje raskare. I 2021 blei det derfor starta eit breitt kartleggingsarbeid for å få betre innsikt i digitaliseringsarbeidet til sektoren og leverandørmarknaden som støttar opp under dette arbeidet. Saman med oppsummeringa av arbeidet med gjeldande digitaliseringsstrategi og meir forsking og statistikk vil kartleggingsarbeidet synleggjere behova for nye tiltak i sektoren. Det vil også gi grunnlag for å vurdere oppgåvefordeling og samhandling mellom kommune, stat og leverandørar. Denne innsikta kan bidra til å sette nye mål i kommande digitaliseringsstrategi for sektoren.

Feide når stadig fleire brukarar, og i dag er det berre ein tredel av privatskolane som ikkje bruker fellesløysinga. Funksjonaliteten som gir læremiddelleverandørane tilgang til kommune, skole og klasse for pålogga elevar, har gjort det enklare å bruke digitale læremiddel og spart lærarar og elevar for unødvendig administrasjon. Det finst derimot eit stort uforløyst potensial i meir samspel mellom leverandørar av IT-løysingar til sektoren. Brukarinnsikt viser at skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar manglar kompetanse på å velje digitale læremiddel. Det gjeld spesielt kompetanse på innkjøp, informasjonssikkerheit, personvern og universell utforming.

Det digitale skiftet har nådd sektoren vår, og vi ser ei positiv utvikling. Men det er stor variasjon i digital modenskap frå kommune til kommune. Mange kommunar manglar tilstrekkelege ressursar til å gjennomføre det digitale skiftet og etterlyser ei tydelegare støtte frå staten i arbeidet.

Arbeidet til direktoratet med tiltaka i digitaliseringsstrategien, den teknologiske skolesekken og handlingsplanen for digitalisering

Læremiddel og teknologi i skolen

I spørjinga til Skole-Noreg hausten 2021 blei skoleleiarar og skoleeigarar på kommunalt og fylkeskommunalt nivå spurde om status for val, vurdering og bruk av læremiddel. Dei blei også spurde om erfaringar med bruk av rettleiarane til direktoratet for vurdering av kvalitet i læremiddel og behov for læremiddel i nær framtid.

Dei samla svara frå skoleeigarar i kommunal sektor viser at alle skolane bruker både trykte og digitale læremiddel utvikla for bruk i opplæringa. Dei fleste svarer at dei bruker digitale verktøy i opplæringa, og halvparten av skoleeigarane i kommunal sektor opplyser at dei bruker digitale læringsressursar som ikkje er utvikla til bruk i opplæringa.

Det har vore fleire medieoppslag i 2021–2022 der lærarar har uttrykt frustrasjon rundt manglande trykte læremiddel i grunnskolen. Svara frå Skole-Noreg viser at skolane bruker både trykte og digitale læremiddel som er utvikla til bruk i opplæringa, men det er uvisst i kva grad læremidla som blir brukte, er oppdaterte etter at dei nye læreplanane blei sette i kraft.

Ei undersøking frå Utdanningsforbundet blant plasstillitsvalde hausten 2021 viser at skolane i liten grad har kjøpt inn nye læremiddel. På spørsmål om skolen dei jobbar på, har fornya læremidla etter fagfornyinga, svarer 58 prosent av respondentane «ikkje i det heile» eller «i liten grad». Berre 13 prosent svarer «i stor grad» eller «i svært stor grad».

På spørsmål om planane til skolane om å kjøpe nye læremiddel svarer fleirtalet av respondentane i Utdanningsforbundets undersøking at skolen har planar for heilt eller delvis innkjøp av nye læremiddel (63 prosent). Her skil vidaregåande seg ut ved at 80 prosent av skolane opplyser at dei har slike planar. Dersom dette blir etterlevd, vil fleire skolar få nye læremiddel i 2022.

I 2020 fekk kommunane og fylkeskommunane et ekstra tilskot på 170 millionar kroner frå staten til kjøp av nye læremiddel gjennom dekking av meirutgifter i samband med fagfornyinga og i  2021 fekk dei eit ekstra tilskot på 100 millionar. Skoleeigarane kunne sjølve velje om dei ville kjøpe trykte eller digitale læremiddel. I tillegg til ekstra tilskot i  2020 og 2021 får kommunane og fylkeskommunane ein årleg sum til kjøp av læremiddel. Sidan 2019 har dei fått 229 millionar gjennom tilskotsordninga for kjøp av digitale læremiddel frå direktoratet. Tilskotsordninga er eit av fleire tiltak innanfor Den teknologiske skolesekken. Ordninga har som mål å bidra til at elevar i den norske skolen får betre tilgang på digitale læremiddel av høg kvalitet.

Den årlege tildelinga av midlar til kjøp av læremiddel, eingongstilskotta til læremiddel og tilskotsordninga for kjøp av læremiddel (2019–2022) har gitt skoleeigarane gode moglegheiter til å finansiere både digitale og trykte læremiddel. Det er likevel eit etterslep som vi må følge med på, slik at elevane får tilgang på læremiddel som dekker dei nye læreplanane. Tilskotsordninga for kjøp av digitale læremiddel blir avslutta i 2022. Vår vurdering er at det framleis er behov for ei statleg finansieringsordning for kjøp av digitale læremiddel.

Tilskotsordning for læremiddel utan marknadsgrunnlag

Denne ordninga har eksistert sidan slutten av 1970-åra, og ho har hatt tre område sidan ho blei oppretta: læremiddel til smale fagområde, læremiddel til elevar med behov for særskild tilrettelegging og læremiddel til minoritetsspråklege elevar.

Utdanningsdirektoratet fordeler framleis tilskotsmidlar til utvikling av læremiddel og pedagogisk barnehagemateriell innanfor dei tre områda. I 2021 fekk direktoratet 110 søknader med eit samla søknadsbeløp på 314 millionar kroner. Innanfor ramma blei det tildelt totalt 102 millionar kroner til 45 prosjekt.

Den teknologiske utviklinga bidreg til å viske ut skiljet mellom læremiddel utvikla til bruk i opplæringa og annan læringsteknologi. I 2015 gjennomførte Rambøll ei evaluering av nokre utvalde læremiddel. Dei kartla samtidig behovet for læremiddel til elevar med særskilde behov og for minoritetsspråklege elevar. Evalueringa viste mellom anna at forvaltninga fungerte godt, og at det framleis var behov for tilskot til utvikling av læremiddel til dei to målgruppene. Det har skjedd mykje på læremiddelområdet sidan 2015. Ny teknologi gjer det mogleg å legge til rette og tilpasse opplæringa for elevar med særskilde behov. Det kan derfor vere behov for å evaluere tilskotsordninga på nytt for å undersøke korleis vi skal forvalte tilskotsordninga i framtida.

Rettleiing for kvalitet i læremiddel i alle fag

Rettleiinga for læremiddel i alle fag skal støtte val og vurdering av læremiddel i profesjonsfellesskapet hos skoleeigarar og skolar basert på kollektive prosessar med involvering av lærarar i aktuelle fag og ut frå lokale behov.

Rettleiaren, som blei fullført sommaren 2021, inneheld 18 påstandar om kva som er god kvalitet i læremiddel fordelt på dei tre kategoriane design/utforming, pedagogisk og didaktisk kvalitet og bruk av læreplanverket.

Spørsmål til Skole-Noreg hausten 2021 viser at rettleiingane blir brukte, men at skoleeigarane bruker dei i større grad enn skoleleiarane. Av skoleeigarane på kommunalt nivå hadde 67 prosent brukt rettleiingane, mens 50 prosent av skoleeigarane på fylkeskommunalt nivå hadde gjort det same. Blant dei som har brukt rettleiingane, meiner eit klart fleirtal av både skoleeigarar og skoleleiarar at rettleiingane har ein grad av nytteverdi. Blant dei som svarte at dei ikkje hadde brukt rettleiingane, svarte skoleeigarar oftast at det var fordi dei ikkje hadde hatt tid, mens skoleleiarar opplyste at dei ikkje kjende til rettleiingane.

Det er svært krevjande å gjennomføre kvalitetsvurderingar i kommunar der mange lærarar skal vere med på å uttale seg. Skoleeigarar har ikkje ressursar til å utvikle ei eiga digital løysing. Rettleiinga for kvalitet i læremiddel, som direktoratet skal vidareutvikle, med ei forbetra digital løysing kan spare skoleeigarar for mykje administrativt arbeid i desse prosessane om ho treffer behova rett.

På bakgrunn av resultata har vi som mål å gi støtte til meir effektivt arbeid med vurdering av kvalitet i læremiddel for skoleeigarar. Vi vil også sette i verk tiltak for å gjere rettleiingane betre kjende på skolenivå. I tillegg vil vi legge rettleiingane for kvalitet i læremiddel, som i dag finst på udir.no, inn i ein kompetansepakke for leiing av digital skoleutvikling. Det vil på lengre sikt bidra til at lærarar og skoleeigarar får heva kompetansen sin på å vurdere kvalitet i læremiddel.

Tilskotsordningar for programmering og algoritmisk tenking

Tilskotsordningane er knytte til innføring av programmering og algoritmisk tenking i LK20 og skal bidra til kompetanseheving av elevar og lærarar i programmering og algoritmisk tenking. Vitensenterforeningen har ansvar for å lære opp elevar og lærarar på 6. trinn ved praktisk gjennomføring av undervisningsopplegg (super:bit-oppdraget) med programmering av ein mikrokontroller, enten på eit regionalt vitensenter eller ved skolebesøk frå Vitensenterforeningen. Samarbeidet med Lær kidsa koding og NRK om «Super:bit», med tilskotsmidlar frå Sparebankstiftelsen, har gitt ein stor meirverdi til prosjektet, fordi alle skolane som har delteke, har fått utdelt klassesett med programmeringsutstyr.

Etter fire år med tilskotet og gjennomføring av opplegget har i underkant av 2000 skolar og ca. 61 500 elevar delteke. I tillegg har 4943 lærarar delteke på kurs. I sluttfasen av perioden for den teknologiske skolesekken blir innsatsen styrkt mot kompetanseheving av lærarar og vidareutvikling av nettressursane med opplegg for elevar og lærarar. Vitensenterforeningen har utvikla eit stabilt opplegg som eignar seg for skalering og vidareutvikling, spesielt knytt til tverrfaglege tema i LK20.

Den andre tilskotsordninga rettar seg mot skoleeigarar som prioriterer kompetanseheving av lærarar ved at dei kan søke om midlar til programmeringsutstyr til bruk i klasserommet. I tillegg til budsjettet til skolesekken på 15 millionar kroner årleg har Utdanningsdirektoratet sidan 2019 lagt til 5 millionar kroner frå eigne budsjett. Det har gjort det mogleg å innvilge fleire av dei kvalifiserte søknadene. I 2021 kom det inn over 200 søknader på til saman 79 millionar kroner. Av desse fekk 87 skoleeigarar tilskot. Vi ser av søknadene at det blir gjennomført mykje kompetanseheving ute i sektoren, til dels gjennom lokale universitet og høgskolar, vitensenter og andre lokale tilbydarar. Ein del søkarar har ikkje fått plass i vidareutdanningsordninga Kompetanse for kvalitet, noko som igjen kan føre til avslag på søknad om midlar til utstyr, på grunn av manglande kompetanseheving.

Vi bør vurdere å evaluere tilskotsordninga for skoleeigarar som prioriterer kompetanseheving av lærarar. Etter fire år sit vi med rapportar frå tilskotsmottakarar med eigenvurdering og eit omfattande datamateriale som kan klargjere måloppnåinga til tilskotsordninga.

Digital kompetanse hos tilsette

Digital kompetanse er eit av fire område i handlingsplanen for digitalisering i grunnopplæringa. Tiltaket om utvikling av kompetansepakke i programmering og algoritmisk tenking og kompetansepakken i digital samhandling og fjernundervisning er kvittert ut. Tiltaket som står att, handlar om digital kompetanse hos lærarar. Her er vi i gang med å utvikle ein kompetansepakke som blir ferdig i 2022. Denne pakken vil bli eit viktig bidrag i å utvikle den digitale kompetansen blant lærarar og skoleeigarar.

Digital kompetanse hos tilsette i barnehage og skole er også omtalt under brukareffektmål 2.

Kompetanse hos tilsette i skolen

For å støtte skolane under koronapandemien utvikla vi kompetansepakken «Digital undervisning på skolen og hjemme». Denne pakken gir støtte til skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar som skal sørge for opplæringa til elevane gjennom ein god digital praksis for klasseromsundervisning, hybrid undervisning og fjernundervisning.

I tillegg er kompetansepakken «Programmering og algoritmisk tenking» vidareutvikla med eigne modular i naturfag og matematikk for lærarar i vidaregåande opplæring. Kompetansepakken støttar innføringa av det nye læreplanverket og blir brukt av ca. 6500 lærarar i matematikk, naturfag, kunst og handverk og musikk.

Bruk av kompetansepakkar som støtte til utviklingsarbeid gjennom kollektive prosessar er godt kjent i sektoren, spesielt gjennom kompetansepakken «Innføring av nytt læreplanverk», som har 90 000 brukarar. Likevel ser vi i Spørsmål til Skole-Noreg hausten 2021 at kompetansepakkane frå Udir som del av arbeidet til skolen med digitalisering ser ut til å vere både lite brukte og lite kjende.

Mellom 44 og 53 prosent av skoleleiarane i grunnskolen, og mellom 35 og 45 prosent av skoleleiarane i vidaregåande, opplyser at ulike kompetansepakkar ikkje er ein del av arbeidet til skolen med digitalisering. Det er også ein del, særleg i vidaregåande, som ikkje kjenner til pakkane. Årsaka til at kompetansepakkane blir nytta i så liten grad, kan vere at koronapandemien framleis skapte stort arbeidspress for lærarane hausten 2021. Uansett viser svara at det er nødvendig å gjere kompetansepakkane betre kjende i sektoren, både i sosiale medium og på eigna møteplassar.

Når det gjeld tiltaket i handlingsplanen om digital kompetanse for lærarar, har vi jobba med å hente brukarinnsikt, både gjennom tilgjengelege data og i intervju og samtalar med ulike brukargrupper frå sektoren. Der har det komme fram at skoleleiarar og lærarar har behov for støtte innanfor tema som personvern og digital dømmekraft, profesjonsfagleg digital kompetanse og leiing av digitale utviklingsprosessar. Vi har starta arbeidet med å utvikle modular og innhald om digital kompetanse for lærarar. Det vil bli eit viktig bidrag i vidareutviklinga av den digitale kompetansen til lærarane.

Kompetanse hos tilsette i barnehagen

Resultata frå Spørsmål til Barnehage-Noreg i 2019, 2020 og 2021 viser at barnehagane har god tilgang på digitale verktøy. I Spørsmål til Barnehage-Noreg 2021 svarer éin av to barnehagestyrarar at dei har skaffa digitale verktøy til bruk i pedagogisk arbeid. På spørsmål om kor ofte dei tilsette brukte digitale verktøy i pedagogisk arbeid med barn, svarte 40,6 prosent at dei brukte det dagleg, og 47,5 prosent svarte at dei brukte det kvar veke.

Seks av ti svarer at dei har skaffa administrative digitale verktøy. På spørsmål om kor ofte dei brukte digitale verktøy for å planlegge og vurdere aktivitetar i samband med barns leik og læring, svarte 25,6 prosent av barnehagestyrarane at barnehagetilsette brukte dei dagleg, og 42,4 prosent at barnehagetilsette brukte dei kvar veke.

Våren 2021 blei kompetansepakken Digital dømmekraft vidareutvikla med leiarstøtte. Kompetansepakken gir støtte til barnehageleiarar, barnehagelærarar og tilsette som skal utøve digital dømmekraft innanfor tema som informasjonssøk, bevisstheit til opphavsrett, kjeldekritikk og personvernet til barna.

I årets spørjing blei barnehagestyrarane spurde om dei bruker kompetansepakken Digital dømmekraft, som ligg på udir.no. Berre 15 prosent opplyser at dei har brukt kompetansepakken, og 12 prosent svarer at dei ikkje veit om han har blitt brukt. Dette viser at kompetansepakken er lite brukt, og at det er behov for å marknadsføre han betre.

Resultata frå Spørsmål til Barnehage-Noreg viser at mange barnehagar har tilgang til digitale verktøy både til bruk i pedagogisk arbeid og til administrative prosessar. Dei viser også at dei tilsette har fått opplæring i å bruke dei. Over halvparten av barnehagestyrarane svarer at dei tilsette har fått opplæring gjennom å lese ein skriftleg manual. Manualen gir dei tilsette innsikt i korleis eininga skal brukast, men ikkje i korleis ho kan bidra til læring. Det er derfor vanskeleg å lese ut av resultata i kva grad dette bidreg til kompetanse i pedagogisk bruk. Tala frå Spørsmål til Barnehage-Noreg verkar også høge i forhold til kva vi opplever i dialog med enkeltbarnehagar. Derfor treng vi meir kunnskap om digitale verktøy og digitalt materiell i barnehagar og særleg om den digitale kompetansen til barnehagetilsette.

Samspelet om tilgang til digitale læringsressursar (økosystem)

Samspelet om tilgang til digitale læringsressursar er eit av fire område i Handlingsplan for digitalisering i grunnopplæringa. Mangfaldet av digitale læremiddel og verktøy som blir tilbydde i skolen, utfordrar måten dei samspelar med dei administrative løysingane og tenestene på. Tiltaka under dette området skal bidra til utvikling av løysingar som skal bidra til betre samspel mellom digitalt innhald og digitale tenester. Eit av tiltaka innanfor området skal sikre vidareutviklinga av Feide. Eit anna tiltak handlar om å identifisere, utvikle og legge til rette for nye standardar for læremiddel. Vi jobbar også med å greie ut og utvikle ein pilot for tenestekatalog for læremiddel.

Innsiktsarbeid om behovet for ein tenestekatalog

Det er gjennomført workshopar og intervju med skoleeigarar og lærarar frå store og små kommunar på barneskole, ungdomsskole og vidaregåande skole. Innsiktsarbeidet med lærarar er sluttført. Det har gitt oss innsikt i behovet for ein tenestekatalog sett frå perspektivet til skoleeigarar og lærarar.

Utgreiing om problemstillingar som er knytte til etablering av ein tenestekatalog

Direktoratet vel å la utgreiinga handle om kva ein fullverdig nasjonal tenestekatalog kan vere. Sjølv om vi skal utvikle ein enkel pilot i første omgang, er det viktig å ha ei heilskapleg og felles forståing av kva ein katalog kan og bør vere. Det er også viktig å identifisere hindringar og drøfte prinsipielle forhold og praktiske utfordringar slik at vi kan gjere gode val når vi utformar piloten. Vi er i gang med utgreiinga, og rapporten vil ligge føre i løpet av 2022.

Utprøving av standardiserte søk på digitale læremiddel frå forlag

Vi har over tid greidd ut moglegheita for standardiserte søk og er no i gang med å prøve ut standardiserte søk på digitale læremiddel. Læremidla er stilte til rådvelde frå seks forlag og Bokbasen. Vi følger også med på AVT2-prosjektet for å sjå om det standardiserte søket tilfredsstiller behovet deira. AVT2 er eit prosjekt i regi av KS med deltaking frå Universitetet i Bergen ved Slate, Oslo kommune og Bærum kommune. Prosjektet testar ut bruk av aktivitetsdata for å tilpasse bruk av digitale læremiddel til kvar enkelt elev.

Prosjektet med utprøving av standardiserte søk gir oss erfaringar med ei rekke problem vi må løyse for å prøve ut og greie ut ein tenestekatalog, for eksempel om det skal vere mogleg å søke på både heile læremiddel og delar av dei, korleis beskrivingane av læremiddel skal leggast inn og oppdaterast i katalogen, og kva «knaggar» (attributt) som skal inngå i beskrivingane av læremidla slik at brukarane får relevante treff på søk i katalogen.

Bruk av nasjonale fellesløysingar i sektoren

Feide er ei fellesløysing for grunnopplæringa med funksjonalitet for sikker autentisering og datadeling. Tenesta gir tenesteytarar informasjon om identiteten til den autentiserte brukaren, kommune, skole, trinn, klassetilhøyrsel og undervisningsgrupper. Feide blir nytta både i grunnopplæringa og i høgare utdanning. I 2021 var det 1,3 millionar Feide-brukarar, og grunnopplæringa står for 75 prosent. Det blei registrert 218 millionar innloggingar.

I 2021 inngjekk Sikt (Uninett) og Utdanningsdirektoratet ein ny samarbeidsavtale. Det er etablert eit nytt porteføljestyre mellom direktoratet og Sikt. Det skal sikre god prioritering og ressursutnytting i forvaltninga og vidareutviklinga av tenesta. Prioriteringsrådet for Feide i grunnopplæringa gir innspel til prioriteringsprosessen og har seks kommunale representantar i tillegg til KS.

I workshopar og dialogar med skoleeigarar har det komme fram behov og ønske om ei felles handtering av personvern og informasjonssikkerheit. Feide er ikkje ei godkjenningsordning av leverandørar på dette området. I 2021 tok vi initiativ til ein samfunnsøkonomisk analyse om innkjøp av digitale læremiddel der vi undersøker ønska og behova til skoleeigarane. Rapporten vil ligge føre i mars 2022 og gi oss eit grunnlag for å kunne vurdere moglege løysingar retta mot ønska og behova til skoleeigaren innanfor rammene våre.

Feide 2.0

Arbeidet med Feide 2.0 er avslutta. Alle fylkeskommunar er oppgraderte. Det same gjeld ein stor del av friskolane. I tillegg har fleire verksemder utnytta moglegheita Feide gir med datadeling. Det har vore gjennomført ei rekke informasjonstiltak for å informere om den nye funksjonaliteten.

Alle kommunar og fylkeskommunar har no oppgradert til Feide 2.0. Blant friskolane har 236 av 353 skolar etablert seg som vertsorganisasjonar i Feide.

Vidareutvikling av kundeportalen i Feide

Sikt har vurdert det teknologiske moglegheitsrommet for å dele og utnytte data i Feide. Dei har samarbeidd med Utdanningsdirektoratet om å starte eit brukarinnsiktarbeid for å forstå kva datasett som kan eigne seg for deling. Vi skal gjennomføre reelle pilotar for å få erfaring med korleis kundeportalen i Feide på best mogleg måte kan støtte opp under arbeidet.

Det er gjennomført innsiktarbeid for å undersøke om, og eventuelt korleis, vi kan bruke kundeportalen til å forenkle arbeidsprosessar rundt risiko- og sårbarheitsanalysar, personvernkonsekvensanalysar og databehandlaravtalar, og dessutan vedlikehald av dette over tid.

Foreldre–barn-funksjonalitet i Feide

Utfordringane for føresette med å følge med på progresjonen til elevane og moglegheita for å støtte dei i leksearbeidet etter at digitale læremiddel blei innført, har vore diskutert i media fleire gonger. Det er utvikla ei pilotløysing som gjer det mogleg for kommunar, gjennom tenesteleverandørane deira, å tilby føresette tenester, som for eksempel tilgang til dei same læremidla.

Foreløpig er det opp til kommunane å styre kva føresette som skal ha tilgang. Vi har planlagt å prøve ut ei løysing i tre kommunar i løpet av 2022.

Personsentrisk identitet i Feide

Personsentrisk identitet inneber at ein elev får ein identitet som følger eleven heile livet. Det betyr mellom anna at eleven slepp å få ny identitet ved byte av skole. Dermed kan kommunar med støtte frå tenesteytarar tilby eleven å få med seg tidlegare elevarbeid og progresjonsinformasjon. Det er gjort ein moglegheitsstudie som viser at det er teknisk mogleg, men at fleire juridiske spørsmål må avklarast før personsentrisk identitet kan realiserast. Det gjeld mellom anna heimel til å lagre informasjon i periodar då personen ikkje er knytt til ein opplæringsinstitusjon. Ein slik e-ID bør også sjåast i samanheng med den nye nasjonale e-ID-strategien.

Vidare arbeid med Feide

Utviklingsprosjekta som går føre seg, skal førast vidare. Dei er store og krev fleire ressursar enn vi har tilgjengeleg. Vi har derfor valt å dele opp prosjekta i delprosjekt. Det vil gjere det mogleg å prioritere mindre leveransar slik at vi sikrar god framdrift og rask gevinstrealisering.

Å innføre ny funksjonalitet i Feide har gitt store innsparingar i kommunane. Erfaringar med løysinga har vist at det er behov for justeringar og for å samkøyre prosessar i kommunane med prosessar ute hos leverandørane. Den nye funksjonaliteten har også vist behov for fleire roller innanfor skolen. Det er eit ønske om å utvide løysinga slik at barnehage, PPT og skolehelsetenesta kan ta henne i bruk. Vi vil arbeide vidare med å vurdere korleis vi skal oppfylle desse behova. Dette arbeidet er også avgjerande for at fleire av dei sentrale tenestene til direktoratet skal kunne ta i bruk Feide.

Behovet for vidareutvikling av Feide vil halde fram i lang tid, og kommunane etterlyser høgare fart. Vi ser behov for meir ressursar til å dimensjonere eit stabilt utviklarteam i Udir og redusere konsulentbruken. Det vil også gi meir kontinuitet, høgare kompetanse og større kapasitet til å handtere vidareutvikling.

Vi har fått fleire førespurnader om bruk av Feide til andre formål enn skole. Framover blir det behov for å vurdere om Feide bør bli ei fellesløysing ikkje berre for utdanningssektoren, men også for andre tenester i oppvekstsektoren. Feide blir i dag brukt av dei aller fleste som bruker MinID. Det meste av personinformasjonen som er tilgjengeleg ute hos tenesteytarane til sektoren, er i dag henta frå Feide. Vi bør vurdere i kva grad Feide kan tilby anonyme autentiserte brukarar, for å styrke personvernet.

Standardisering av læringsteknologi

Standardisering er ei fast oppgåve i Udir som er gitt gjennom verksemds- og økonomiinstruksen. Standardar er avgjerande for å få til eit godt samspel mellom leverandørane i sektoren, for å sikre god konkurranse i marknaden, for å gi alle leverandørar marknadstilgang og for å gjere kommunane mindre leverandøravhengige. Felles standardar gir også færre éin-til-éin-integrasjonar og sparer kommunane for utgifter.

Der det er mogleg, ønsker vi å basere oss på internasjonale standardar. Internasjonale standardar legg til rette for tilgang til den internasjonale marknaden og gjer det enklare å forvalte standardane. Direktoratet spreier informasjon om internasjonale standardar og jobbar aktivt med å rekruttere norske representantar til dei internasjonale standardiseringsaktivitetane. Mange norske edtech-verksemder er små og treng også økonomisk støtte for å delta. Vi deltek i, og har også leiaren i, den norske læringskomiteen som følger det internasjonale arbeidet i standardiseringsorganisasjonane ISO og CEN. Der utfyller vi med nasjonale profilar eller eigne nasjonale standardar ved behov.

Det er utarbeidd ei liste over standardar som vi oppfattar som spesielt relevante ut frå forventa nytteverdi for den norske marknaden. Dei identifiserte standardane dekker funksjonar som merking av ressursar (NS 4180), søk etter ressursar (LTI Resource Search), integrasjonar mellom verktøy og plattform (LMS) (LTI Advantage), utveksling av informasjon om klassar og personrelaterte data (OneRoster/PIFU-IMS) og beskriving av aktivitetane til elevane (xAPI). Desse standardane er prioriterte i informasjonsarbeidet vårt og i annan verkemiddelbruk, slik som felles utprøvingar i samarbeid med sektoren og profileringar/bestepraksisar.

Direktoratet har eit prosjekt der vi prøver ut bruk av standardar for merking og søk av læremiddel. Målet er å utvikle ein beste praksis for bruk av standardane NS 4180 og LTI Resource Search. Prosjektet blir no sett i samanheng med tiltaket i handlingsplanen som handlar om tenestekatalog.

Direktoratet forvaltar standarden PIFU-IMS og bidreg i Standard Norge sine revideringar av standarden NS 4180. Forvaltning inneber at standardane blir oppdaterte når brukarbehovet endrar seg, eller fordi det blir etablert nye internasjonale standardar som er betre tilpassa ny teknologi, og som samtidig tek hand om nasjonale brukarbehov på ein god måte. Eit viktig prinsipp i forvaltninga vår er at endringar skjer etter høyring i sektoren og er føreseielege. Dette er viktig for å halde ved like samspelet i sektoren.

Digitaliseringsstrategien og handlingsplanen framhevar betydninga av samspel mellom leverandørane for å effektivisere administrative arbeidsprosessar og for å støtte opp under gode læringsprosessar. Eit viktig verkemiddel i denne samanhengen er standardar. Høgare grad av digitalisering i skole og barnehage, med realisering av dei måla som er sette, krev at standardiseringsarbeidet blir vesentleg styrkt i tida som kjem.

Fellesføringar for offentleg sektor

I samband med offentleg digitaliseringsstrategi, digitaliseringsrundskrivet, tildelingsbrev og andre offentlege dokument ligg det føringar for ein meir effektiv offentleg sektor. Dette inneber i stor grad deling av data og informasjon, ikkje berre internt i verksemder, men også mellom verksemder. For at vi skal ha nytte av desse dataene, må den informasjonen som blir delt, beskrivast. Det er både for at den som har eigarskapen, skal kunne beskrive dataene og informasjonen og sette det inn i ein samanheng, og for at den som hentar dataene, skal kunne ha nytte av dei. I dette arbeidet blir definisjonar og omgrep viktige. All informasjon som blir delt, må definerast og beskrivast, og vi må bruke omgrep som er nøyaktige, forståelege og beskrivande. Dette er noko av grunnarbeidet som må på plass for å komme i mål med orden i eige hus.

Vi styrker satsinga vår på systematisk og konkret arbeid med orden i eige hus. Dette arbeidet meiner vi vil legge til rette for betre samhandling og datadeling både internt i sektoren og på tvers av sektorar. I den samanhengen vil vi legge til rette for å gjere opne data tilgjengelege. Det vil gi moglegheiter for innovasjon og tenesteutvikling hos andre verksemder.

Personvern og digitalisering

Godt personvern er ein føresetnad for å ta i bruk digitale løysingar i læringsarbeid og administrative prosessar. Samtidig er godt personvern avgjerande for alle oppgåver på barnehage- og opplæringsområdet der eigarar eller tilsette behandlar personopplysningar. I 2021 har vi rettleidd sektoren om personvern. Meir informasjon om dette arbeidet er tilgjengeleg i Brukareffektmål 3.

Kunnskapsgrunnlag for digitalisering i grunnopplæringa

Handlingsplanen har fleire tiltak som skal styrke kunnskapsgrunnlaget vårt på digitalisering i grunnopplæringa. Arbeidet med tiltaka er godt i gang. Vi har starta eit forskingsprosjekt, gjennomført ein rundebordskonferanse og publisert ei kunnskapsoppsummering for 2021 i Utdanningsspegelen. Kunnskapssenter for utdanning på Universitetet i Stavanger (UiS) er, i samarbeid med partnarar ved Universitetet i Oslo (UiO) og Høgskulen i Volda (HVO), i gang med eit forskingsoppdrag om digitalisering i grunnopplæringa. Prosjektleiinga er delt mellom Universitetet i Stavanger og Universitetet i Oslo. Prosjektet hadde oppstart i november 2021 og skal fullførast i november 2022. Forskarane skal gjennomføre ei kunnskapsoppsummering og analysere funna for å identifisere kunnskapshol mellom anna på forsking på effektar av IKT-bruk i skolen.

Direktoratet gjennomførte ein digital rundebordskonferanse for og med forskarar i september 2021. Neste konferanse blir gjennomført fysisk i mars 2022. Vi har invitert eit utval av forskarar til å drøfte aktuelle tema i ein kombinasjon av korte innlegg og diskusjonar i grupper. I november 2022 vil direktoratet og Universitetet i Stavanger gjennomføre ein sluttkonferanse for prosjektet om digitalisering i grunnopplæringa.
Den neste kunnskapsoppsummeringa vil også bli publisert i Utdanningsspegelen. Forskingsnotat frå prosjektet til UiS vil gi eit viktig bidrag til innhaldet i 2022.

I tillegg til publiseringar i Utdanningsspegelen ser vi no på moglegheiter for å hente data frå Feide, GSI og andre kjelder. Vi vurderer mellom anna kva datasett det kan vere interessant å hente ut frå Feide, om vi har tilstrekkeleg lovheimel for å hente ut desse dataene, og korleis ei slik uthenting av data skal gjennomførast teknisk sett. Arbeidet starta i 2021 og vil halde fram i 2022.

Arbeidet med å få på plass eit kunnskapsgrunnlag for digitalisering i grunnopplæringa er godt i gang. Vi har store forventningar til kunnskapsoppsummeringa og til analysane av funn i forskingsprosjektet som er leidd av UiS. Funna vil gi oss moglegheit til å identifisere kva område vi bør satse på i vidare forsking på dette området.

Teknologi og inkludering

Meld. St. 6 Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO (2020–2021) har ein klar bodskap om kva teknologien har å seie for inkludering. Meldinga peiker på at digitalisering og pedagogisk bruk av IKT er område der vi som direktorat kan bidra til at det blir sikra inkludering. Stortingsmeldinga viser også til at nasjonale styresmakter må bidra med rettleiing og støtteressursar slik at barnehage- og skoleeigarar har oppdatert kompetanse i å ta i bruk digitale verktøy på ein god måte.

Direktoratet har inkludering som ein grunnleggande premiss i arbeidet med kompetansepakkar, tilskot til læremiddel og støttemateriell til barnehagar og skolar. Arbeidet med standardar for læringsteknologi og tilrettelegging for personsentrisk identitet i Feide er også blant områda som kan bidra til at læremiddel og digitale verktøy blir tilgjengelege for barn og unge med synshemmingar, høyrselshemmingar eller lese-, skrive- eller matematikkvanskar. Digitalisering og inkludering vil vere ein viktig del av det vidare arbeidet vårt med støtte og rettleiing til sektoren.

Verdien av tilgang til innhald som er universelt utforma

Universell utforming av ulike læringsteknologiar i skole og barnehage er viktig for inkluderande opplæring. Frå og med 2021 gjeld kravet om universell utforming for alle læremiddel i skolen. Direktoratet fremmar dette gjennom tre hovudlinjer: Vi presiserer krav til universell utforming i prosessrettleiaren for kvalitet i læremiddel som ligg på udir.no, vi stiller krav om universell utforming i støtteordninga til skoleeigarar for innkjøp av digitale læremiddel, og vi stiller krav om universell utforming i tilskotsordningar for utvikling av læremiddel utan kommersiell marknad. I tillegg har direktoratet hatt tett dialog med læremiddelprodusentane gjennom organisasjonane deira, og her har universell utforming vore eit sentralt tema.

Sjølv om kravet om universell utforming av læremiddel er innført gradvis gjennom forskrift, er det fleire teikn til bekymring. I 2021 har fleire brukarar gitt Utdanningsdirektoratet tilbakemeldingar på læremiddel som inngår i støtteordninga for innkjøp av digitale læremiddel. Tilbakemeldingane handlar om at læremidla ikkje er universelt utforma i samsvar med lovkrava.

I dialogen vår med læremiddelprodusentar har vi fått inntrykk av at dei har oppfatta lovkrav og forpliktingar, men at mangel på ressursar har ført til forseinkingar i arbeidet med å oppfylle lovkrava. Oslo Economics har gjort ei evaluering på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (januar 2022) og peiker der på at utviklinga totalt sett ser ut til å gå rette vegen, og at lisensbaserte læremiddel gjennomgåande har betre universell utforming enn gratisressursar. Samtidig har digitale læremiddel særeigne sider som betyr at dei er særleg vanskelege å gjere universelt tilgjengelege. Det handlar mellom anna om læremiddel som inneheld øvingar, testar og oppgåver med rikt medieinnhald, om læremiddel til kunstnariske fag og om læremiddel med avansert grafikk og med avansert matematikk.

Universell utforming av læremiddel garanterer ikkje i seg sjølv at opplæringa er inkluderande. Det vil framleis vere eit behov for særskild tilrettelegging for kvart enkelt barn og kvar enkelt elev, noko som også krev kompetanse på pedagogisk praksis og universell opplæring.
Direktoratet kan i tida framover forsterke arbeidet sitt med universell utforming av læremiddel gjennom å støtte skoleeigarar og følge opp krav i tilskotsordningar. Det er likevel viktig å presisere at ein heilskapleg innsats på området krev samordning med og prioritering av området hos forvaltaren av lova på området (Kommunal- og distriktsdepartementet eller Digitaliseringsdirektoratet).