Planleggje

  • Endringar grunnskolen 2018

    • Nasjonale føringar for nettbaserte hjelpemiddel - grunnskolen
    • Samisk som førstespråk, nordsamisk: Frå og med eksamen 2018 vil førebuingsdelen i nordsamisk ikkje lenger ha innlesne lydfiler. Nordsamisk vil, som engelsk og norsk, få tekst-til-tale som lesestøtte. Dersom skolen ønskjer å prøve dette, er tekst-til-tale tilgjengeleg på førebuingsmateriellet for 2017 óg. Du finn det her.
    • Samisk som andrespråk, nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk: Alle nivåa i samisk som andrespråk får førebuingsdelen tilgjengeleg i PAS som PDF-filer. Skolen vil óg få dette tilsendt på papir.

    Endringar vidaregåande 2018

  • Eksamensplanen for sentralt gitt skriftleg eksamen i grunnskolen 2019: 

    Bilde av pdf Eksamensplanen våren 2019

    Bilde av xls Eksamensplanen våren 2019

    Offentleggjering av trekk

    14. mai kl. 09:00

    Førehandssensur i matematikk, engelsk og norsk

    28. - 29. mai

    Fellessensur

    17. - 19. juni

     

     

  • Høsten 2018

    Datoar for dei eksamenane som Utdanningsdirektoratet har ansvar for å lage:

     Eksamensplanen høsten 2018

     Eksamensplanen høsten 2018

    Datoar for dei eksamenane som er lokalt gitt:

    http://www.vigoiks.no/eksamen/datoer-for-skriftlig-eksamen


    Våren 2019

    Datoar for dei eksamenane som Utdanningsdirektoratet har ansvar for å lage: Oppdatert 21.09.2018

    bilde av pdf Eksamensplanen våren 2019

    bilde av xls Eksamensplanen våren 2019

    Datoar for dei eksamenane som er lokalt gitt:

    http://www.vigoiks.no/eksamen/datoer-for-skriftlig-eksamen

     

    Til kalender

    Kalender - eksamen og prøver

  • Grunnskolen

    Offentleggjering av trekk for eksamen våren 2019 er tysdag 14. mai klokka 09.00.

    På 10. trinn i grunnskolen skal elevane og dei vaksne deltakarane trekkjast ut til sentralt gitt skriftleg eksamen i eitt fag og éin lokalt gitt munnleg eksamen. Det er kommunen som trekkjer kven som skal opp i kva for eksamenar.

    Vidaregåande

    Offentleggjering av trekk for eksamen

    • hausten 2018: fredag 9. november klokka 09.00 
    • våren 2019: onsdag 15. mai klokka 09.00

    Fylkeskommunen har ansvar for sjølve trekkinga på vidaregåande.

    Om hausten er det berre eksamenar for elevar med rett til ny, utsett eller særskild eksamen og for privatistar.

    Rundskriv om trekkordning ved eksamen (gjeld grunnskole og vidaregåande)

    Finn fagkoder

    Munnleg eksamen

    Dato for munnleg eksamen vert bestemt lokalt. I grunnskolen har kommunen ansvaret, og i vidaregåande opplæring har fylkeskommunen ansvaret.

    Les meir om reglar for munnleg eksamen

  • Skolen melder på kandidatar innan 1. mars for våreksamen i grunnskolen og i vidaregåande. (Dette er fristen for skolane og privatistkontora. Fristen for å melde seg opp som privatist er gjerne ein månad før.)

    For hausteksamen i vidaregåande er fristen 1. oktober.

    Korleis melder eg på kandidatar?

    Dersom du bruker eit skoleadministrativt system, kan du bruke det til påmeldinga som før. Dersom du ikkje får brukt dette, tek du kontakt med den som er ansvarleg for brukarstøtte for systemet ditt.

    Du kan òg melde på kandidatar direkte ved å registrere dei i tenesta vår. Sjå korleis du gjer dette i filmen under.

    Hjelp til påmeldinga

    Kva gjer eg viss importen feilar?

    Du vil få ei feilmelding som beskriv kva som gjekk gale, og om heile importen feila eller berre nokre kandidatar. Du kan registrere dei som feila, direkte i tenesta eller gjere heile importen på nytt.

    Kva gjer eg viss ikkje kandidaten har fødselsnummer?

    Du kan òg bruke d-nummer eller duf-nummer ved kandidatpåmelding. Viss kandidaten ikkje har dette, kan du bruke eit fiktivt fødselsnummer generert i VIGO eller generere eit fiktivt fødselsnummer i PAS - eksamen.

    Etterpåmeldingar

    Alle skolar skal melde på sine kandidatar før fristen 1. mars. Eventuelle etterpåmeldingar skal gjørast tenesteveg til skoleeigar. Dersom skolane melder på kandidatar etter fristen, må skolen sjølv syte for å laste ned oppgåvene frå Eksamensadministrasjonen.

    For kandidatar som er fritekne for vurdering med karakter i skriftleg sidemål

    Kandidatar som er trekte ut i norsk og har fritak for vurdering i skriftleg sidemål, skal meldast på i fagkoden NOR1415. Desse kandidatane skal skrive på hovudmålet sitt begge dagane, og oppgåvesvara skal vurderast av dei same sensorane. Kandidatane får ein samla karakter.

    Matematikk omsett til samisk

    Matematikkoppgåver omsette til nordsamisk kan bestillast i eksamensadministrasjonen. Gå til påmeldingsoversikta, finn det aktuelle faget og vel «Ekstra materiell».

    Eksamen i utlandet - vidaregåande opplæring

    Det er mogleg å søkje om å få ta eksamen i utlandet. Det er Fylkesmannen i Vest-Agder som behandlar søknadane.

    Eksamen i utlandet - vidaregåande opplæring

    Finn fagkodar

  • Rektor skal vurdere om tilsette på sin skule er egna som sensor, og foreslå dei i PAS-eksamen. Dette må gjerast før kvar eksamensperiode. Fylkesmannen oppnemner kun sensorar frå dei som er foreslått.

    Frist for å foreslå fagpersonar er 1. mars for våreksamen og 1. oktober for hausteksamen.

    Når rektor foreslår ein sensor, er det ikkje mogleg å leggje til ei adresse. Sensoren registrerer adressa sjølv når han eller ho vert oppnemnd.

    Administrere eksamen i PAS - eksamen

    Sjå korleis du foreslår fagpersonar i filmen under:

     

  • Nokre elevar treng å få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin. Eksempel kan vere lengre tid, kvilerom, få lese opp oppgåveteksten eller oppgåva på teiknspråk eller punktskrift.

    Korleis få tilrettelagd eksamen?

    • Eleven eller foreldra må sende ein søknad til rektor.
    • Rektor avgjer om og korleis forholda skal bli lagde til rette.

    Elevar kan få tilrettelagd eksamen sjølv om dei ikkje har vedtak om spesialundervisning. Rektor kan vurdere om det er behov for ein uttale frå ein sakkunnig instans.

    Tilrettelegginga må ikkje gå ut over det som skal prøvast

    Tiltaka må vere tilpassa den enkelte eleven og ha som formål å kompensere for problema eleven har. Tiltaka skal ikkje føre til at eleven får fordelar framfor andre elevar. Tilrettelegginga skal heller ikkje vere så omfattande at eleven ikkje vert prøvd i kompetansemåla i læreplanane.

    Endre eksamensform frå skriftleg til munnleg

    Dersom det i kompetansemåla ikkje er krav til skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter som skal prøvast i eksamensforma for faget, kan rektor endre eksamensform ved særskild tilrettelegging av eksamen.

    Særskild tilretteleggjing av sentralt gitt skriftleg eksamen i matematikk, kjemi, fysikk, biologi og samfunnsøkonomi

    Om særskild tilretteleggjing av eksamen på lovdata.no

    Lyd på førebuing og eksamen i grunnskolen

    • Førebuingsdelane har lesestøtte. Norsk hovudmål og sidemål har innlesen tekst og syntetisk tale. Engelsk og norsk for elevar med samisk som førstespråk har berre syntetisk tale, og samisk har innlesen tekst. Ved syntetisk tale kan kandidaten sjølv velje å høyre på heile eller delar av teksten.
    • Eksamensoppgåvene i norsk, engelsk og matematikk blir innlesne som lydfiler. Lydfilane vil bli tilgjengelege i PAS kl. 07.00 for alle skolar på eksamensdagen.

    Skolar må bestille i PAS lydfilar i føljande fag innen påmeldingsfristen 1. mars:

    NOR0041Norsk for elevar med samisk som førstespråk 10. årstrinn, skriftleg
    FIN0012 Finsk som andrespråk 10. årstrinn, skriftleg
    SAS0012 Samisk som andrespråk, samisk 2, nordsamisk, 10. årstrinn, skriftleg
    SAS0025 Samisk som andrespråk, samisk 2, sørsamisk, 10. årstrinn, skriftleg
    SAS0038 Samisk som andrespråk, samisk 2, lulesamisk, 10. årstrinn, skriftleg
    SFS0012 Samisk som førstespråk, nordsamisk 1, 10. årstrinn, skriftleg
    SFS0025 Samisk som førstespråk, sørsamisk 1, 10. årstrinn, skriftleg
    SFS0038 Samisk som førstespråk, lulesamisk 1, 10. årstrinn, skriftleg

     

    Eksamensoppgåver og førebuing for blinde og svaksynte

    Ulike versjonar som kan bestillast:

    • punktskrift på papir for blinde elevar
    • punktskrift på leselist
    • eksamensoppgåver med alternative oppgåver for konstruksjon/teikning i matematikk

    Gå til påmeldingsoversikta, finn det aktuelle faget og vel «Ekstra materiell». 

    Frist for bestilling er 1. mars for våreksamen og 1. oktober for hausteksamen

    Eksamen for høyrselshemma

    Utdanningsdirektoratet trekker fag for høyrselshemma.

    Trekkfag ligg i PAS - eksamen.

    Faga er

    • NOR0064 Norsk teiknspråk og NOR0052 Norsk for høyrselshemma
    • ENG0025 Engelsk for høyrselshemma
    • MAT0010 Matematikk

    Dersom kandidaten vert trekt ut i NOR0064 Norsk teiknspråk, skal kandidaten òg trekkjast ut i NOR0052 Norsk for høyrselshemma.

    Vert kandidaten trekt ut i MAT0010 Matematikk, må skolen bestille matematikkprøva tilpassa høyrselshemmede. Prøva kan bestillast i PAS - eksamen under valet «Tilleggsmateriell» i påmeldingsoversikta.

  • Tekniske krav

    Følgjande nettlesarar vert støtta av eksamensgjennomføringssystemet PGS

    På PC:

    • Internet Explorer 11
    • Microsoft Edge Browser
    • Firefox 50 eller nyare
    • Chrome versjon 56 eller nyare
    • Safari (Mac OS)

    Skjermoppløysinga skal vere sett til minimum 1024x768 for kandidatar og 1280x1024 for eksamensansvarlege.

    På nettbrett:

    • iOS versjon 11 eller nyare med Safari
    • iOS versjon 11 eller nyare med Chrome
    • iOS versjon 11 eller nyare med Firefox
    • Android versjon 6.0.1 eller nyare med Chrome
    • Android versjon 6.0.1 eller nyare med Firefox

    Mogleg problem ved nedlasting av filer

    I nettlesaren Internet Explorer 11 kan det oppstå problem når du skal laste ned ei fil frå Internett.

    Test av nedlasting av filer til eksamen - Internet Explorer 11

    PGS-A og Internett

    PGS er nettbasert og krev derfor tilgang til Internett når kandidatene skal logge seg på PGS for å starte testen. Tilgang til Internett er og nødvendig når svara skal leverast.

    Ved innlevering av eksamenssvar kan følgjande filtyper nyttast: avi, bmp, c, css, doc, docm, docx, dot, dotm, dotx, emf, flv, ggb, gif, h, hlp, htm, html, jpe, jpeg, jpg, js, mdb, mdi, mht, mm, mov, movie, mp3, mp4, mpeg, mpp, odb, odp, ods, odt, ott, pdf, png, ppsm, ppsx, ppt, pptm, pptx, qt, rap, rm, rtf, stw, svg, swf, sxc, sxw, tex, tif, tiff, tii, txt, vsd, wav, wks, wmf, wmv, wps, wri, xls, xlsb, xlsm, xlsx, xml, xps 

    Følgjande format kan nyttast til pakking av filer: 7z, gz, rar, tar, z, zip, zipx

    PGS-A Gruppeopplasting av besvarelser

    Om skolen skal bruke gruppeopplasting i pgsa, må svarfilene ha namn på følgjande format: Kandidatnummer-løpenummer.

    Eksempel: ABC123-V-01.pdf (dersom ein kandidat har to filer skal den første fila ha løpenummer -01 og den andre -02).

    Språkfag som ikkje bruker latinsk alfabet

    Vi gjer oppmerksom på at elevar som skal ta eksamen i språkfag som ikkje bruker latinsk alfabet, må ha tilpassa programvare dersom skolane ønskjer å levere IKT-baserte eksamenssvar. Dersom ikkje skolane har slik programvare, må svara leverast på papir.

    E-post frå PAS

    Vi tilrår at skoleigar sørger for at e-post frå no-reply@udir.no kjem gjennom spamfilter. Då unngår de at e-post frå PAS ikkje kjem fram til mottakar, til dømes varsel til skoleadministrator. 

    IP-adresser til årets eksamenar

    1. Tilgang for elevar til IKT-basert eksamen: https://pgsa.udir.no 195.254.217.217 port 80/443

    2. IP-adresse for FEIDE-pålogging: https://idp.feide.no/ 158.36.2.19 og 158.38.213.54 på port 443 (NB: Desse adressane er korrekte, sjølv om du får feilmeldinga «Forbidden»)

    3. ID-porten-pålogging https://idporten.difi.no/ 146.192.252.60 på port 443

    4. Pålogging under eksamen (for PAS og PGS): https://id.udir.no 195.254.217.199 på port 443.

    5. Tilgang for dei som skal bruke førebuingsmateriell på nett: https://pgsf.udir.no 195.254.217.205 port 80/443

    6. PAS - eksamen https://eksamen.udir.no 195.254.217.198 port 80 og port 443

    7. https://www.udir.no  195.254.217.220 port 443

    8. PAS og PGS bruker SSL-sertifikat. Klientane vil ved behov spørje utskrivaren av sertifikatet for såkalla OCSP eller CRL (Online Certificate Status Protocol/ Certificate Revocation List – dette er avhengig av nettversjon) for å verifisere at nettstaden sitt sertifikat er gyldig.

    Pgsa.udir.no + id.udir.no + pgsf.udir.no + udir.no: *.udir.no + Idporten.difi.no

    IP-adressene bak vertsnavnene er dynamiske, og kan bli endret over tid. Vi anbefaler at dere åpner opp for bruk av vertsnavn istedenfor IP-adresser. Kommunikasjonen går mot TCP port 80 og 443.

    Hostname
    OCSP.ComodoCA.com  
    OCSP.usertrust.com  
    CRL.ComodoCA.com

    Feide.no

    Hostname
    ocsp.digicert.com
    crl3.digicert.com             
    crl4.digicert.com

    9. Bruk IP-adresse 158.36.153.137 for tilgang til IKT-baserte eksamenar i følgjande fag:

    • NOR0064 Norsk teiknspråk
    • MAT0010 Matematikk tilpasset for hørselshemmede
    • NOR1033 Norsk teiknspråk
    • VG3 FSP5101 Teiknspråk I
    • FSP 5104 Teiknspråk II
    • PSP5055 Teiknspråk I
    • PSP 5057 Teiknspråk II
    • PSP 5059 Teiknspråk III
    • FSP 5107 Teiknspråk I +II

    10. Skolar som ønskjer å bruke tekst til tale-programmet VoiceASP for å spele av lyd i førebuingsdelane (PGSF), må åpne for IP-adressen:

    • 176.22.243.54  - hostname *.leseweb.dk 

     

  • Før eksamen startar, kan skolen skrive ut innføringsark til papirbaserte svar. 

    Les meir om innføringsark og levering av eksamenssvar

Gjennomføre

  • Førebuingsdelen til eksamen i dei faga som har førebuingsdel, ligg på nettet.

    • Rektor/skoleadministrator får tilgang til førebuingsdelen i PAS - eksamen kl. 07.00 samme dag som førebuingsdagen.
    • På førebuingsdagen skal elevane og dei vaksne møte opp som vanleg.
    • Elevane og dei vaksne deltakarane får tilgang til førebuingsdelen kl. 09.00 på førebuingsdagen.
    • På førebuingsdagen har dei som skal ta eksamen, rett på rettleiing.
    • Lærarar får tilgang til førebuingsdelen samtidig med elevane og deltakarane.
    • Læraren skal rettleie, ikkje undervise.

    Tilgang til førebuingsdelane for privatistar

  • Kandidatane kan anten bruke Feide eller brukernavn og passord dei får utdelte av skolen eller eksamenskontoret.

    Logg deg på med ID-porten eller Feide. Ta kontakt med brukerstøtte for ID-porten eller Feide dersom du får problem med pålogginga.

    Brukarnamn og passord til PAS - eksamen

    Treng du tilgang til PAS - eksamen, ta kontakt tenesteveg.

    • Gruppeansvarleg kan berre logge på i PGS - eksamen. Hvis brukaren skal gjere noko meir enn å bruke PGS, treng ho eller han rolle som skoleadministrator.
    • Fagpersonar får tilgang viss dei vert oppnemnde som sensor.

    Finne eksamensmateriell, registrere gruppeansvarleg, skrive ut kandidatnummer og passord, samt lage dagspassord (film)

    Pålogging med mobiltelefon

    Det er ikkje naudsynt å bruke mobiltelefon for å logge inn på ID-porten. Det finst fleire moglege alternativ, som for eksempel kodekort eller kodebrikke.

    Kandidatane treng ikkje mobiltelefon for å logge seg på.

    Nokre Feide-brukarar som skal administrere eksamen har no byrja å bruke pålogging med sms- verifisering. Dei kan logge seg på PAS - eksamen på same måten som dei er vande til.

    Andre Feide-brukarar har ikkje byrja å bruke mobilpålogging med Feide enno. Når dei loggar på eksamenstenesta får dei tilsendt ein sms frå eksamenstenesta med ei verifiseringskode. Desse brukarane må ha registrert eit mobilnummer i PAS - eksamen for å kunne logge seg på med Feide.

  • Alle skolar, uavhengig av om dei gjennomfører eksamen i PGS-eksamen eller på papir, får tilsendt papirutgåver i nesten alle eksamenskodane dei har påmelde kandidatar i. Unntaket er psykologi 2 og medie- og informasjonskunnskap 2. I desse faga sender vi ikkje ut eksamensoppgåver på papir.

    Kandidatane finn oppgåva i PGS på eksamensdagen.

    Skolen får ekstra oppgåvesett rekna ut på bakgrunn av talet på påmelde kandidatar. Oppgåvene vert rekna som konfidensielt materiale fram til eksamensdagen.

    Rutiner for å ta imot og oppbevare førebuingsdelar og eksamensoppgåver:

    • Rektor eller eksamensansvarleg signerer og tek imot pakken.
    • Den forsegla konvolutten må oppbevarast ubroten i ein låst safe.
    • Om skolen skal leggje til rette for elevar med særskilde behov, kan forseglinga brytast av eksamensansvarleg 24 timar før eksamen eller førebuinga startar. 
  • Eksamenstid

    Kandidatane får fem klokketimar til å svare på oppgåva. Nokre kandidatar kan ha rett til utvida tid. I signalmontørfaget (SIG3002) får kandidatane seks klokketimar.

    Eksamen startar klokka 09:00 norsk tid. Kandidatar som kjem seinere enn klokka 10:00 får ikkje gjennomføre eksamen.

    Eksamen vert gjennomført slik

    • eksamenskandidaten loggar seg på https://pgsa.udir.no, lastar ned eksamensoppgåva når eksamen startar, svarar på oppgåva og leverer
    • eksamensansvarleg følgjer med på kandidatane i kandidatmonitoren under eksamen og passar på at kandidatar som forlét lokalet utan å levere, vert blokkert fra å svare heimanfrå
    • sensor finn eksamenssvaret i PAS - eksamen, køyrer plagiatkontroll om naudsynt, registrerer karakterforslag og set endeleg karakter ved fellessensur

    Identifisering

    Skolen kan stadfeste identiteten til kandidaten på eksamensdagen på to måtar:

    1. skrive dagspassordet på kandidaten sin pc etter at kandidaten har logga inn
    2. stadfeste i kandidatmonitoren etter at kandidaten har logga inn

    Skolen må ha rutinar for å sikre at det er rette vedkomande som møter til og gjennomfører eksamen. Elever og kandidatar som ikke er kjende for skolen frå før, må legitimere seg før eksamen byrjar.

    Overvåking av eksamen

    For å sikre at elevane ikkje kommuniserer under eksamen, eller at omsetjingsprogrammet ikke vert nytta, må skoleeigar vurdere korleis skolane skal overvake eksamensgjennomføringa etter regelverket.

  • Elevane må vite korleis dei skal bruke hjelpemiddel

    Før elevane møter til eksamen må skolen sørgje for at elevane kjenner til og er fortrulege med reglane for bruk av hjelpemiddel til eksamen. Det er viktig at skolen gir elevane god opplæring i bruk av kjelder, kjeldekritikk og kjeldetilvising.

    Bruk av nettbaserte hjelpemiddel

    Skoleeigar skal tilby nettbaserte hjelpemiddel:

    Fylkeskommunane har hatt eit landsdekkjande samarbeid om å lage eit felles tilbod av nettbaserte hjelpemiddel til skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring:

    Det finst tre modellar for hjelpemiddel

    Modell 1 - Eksamen med hjelpemiddel (papir, nett og offline)

    Alle hjelpemiddel er tilletne, bortsett fra ope internett og kommunikasjon. Sjå nasjonale føringar for nettbaserte hjelpemiddel.

    I grunnskolen følgjer faga norsk, samisk, finsk og engelsk modell 1 for hjelpemiddelbruk. I vidaregåande gjeld dette alle faga bortsett frå faga som vert nemnde under modell 2 og 3.

    Modell 2 – Todelt eksamen

    • Del 1 – Skrivesaker, passar, linjal og vinkelmålar er tilletne.
    • Del 2 – Alle hjelpemiddel er tilletne, bortsett fra ope internett og kommunikasjon. Sjå nasjonale føringar for nettbaserte hjelpemiddel.

    I grunnskolen følgjer matematikk modell 2 for hjelpemiddelbruk. I vidaregåande er det matematikk, fysikk 2, kjemi 2, biologi 2 og samfunnsøkonomi 2.

    Modell 3 – Eksamen med ope internett

    Alle hjelpemiddel er tilletne, også ope internett. Ope internett gjeld for følgjande sju fag i vidaregåande skole:

    • SAM3020 Politikk og menneskerettar
    • SAM3009 Medie- og informasjonskunnskap 2
    • SPR3008 Internasjonal engelsk
    • SPR3010 Samfunnsfagleg engelsk
    • SPR3015 Kommunikasjon og kultur 2
    • SPR3017 Kommunikasjon og kultur 3
    • SPR3020 Reiseliv og språk 2

    Kommunikasjon er ikkje tillete og dei generelle reglane for eksamen gjeld. Verken skriftleg eller munnleg kommunikasjon er tillete, og i språkfag er det heller ikkje tillete med omsetjingsprogram. Å publisere noko på internett vert rekna som kommunikasjon.

    Førebuingsdagen

    Alle faga i grunnskolen har førebuingsdag, unnateke matematikk. På førebuingssdagen er alle hjelpemiddel tilletne, inkludert bruk av internett.

    Førebuingsdelane

  • Administrere eksamen

    Filmar som viser korleis du kan

    Brukarettleingar for eksamensgjennomføring

    Brukarstøtte og feilmeldingar følgjer tenesteveg

    Det er ikkje laga ei eiga brukarrettleiing til PAS- eksamen.

  • Kva er fusk?

    Det er fusk å kommunisere med andre. I tillegg er det fusk å bruke omsetjingsprogram i språkfag. I fag som har todelt eksamen er det fusk å bruke hjelpemiddel på del 1 av eksamen.

    Det er viktig å vere merksam på at det kan vere ulike reglar for kva som er fusk på prøver undervegs i skoleåret, og kva som er fusk til eksamen.

    Kva er konsekvensane av fusk til eksamen?

    Det er svært alvorleg å fuske til eksamen. Konsekvensane av fusk eller forsøk på fusk er at

    • elevar og privatistar kan få eksamen i faget annullert
    • elevar som får eksamen annullert, misser standpunktkarakteren i faget
    • elevar i vidaregåande opplæring og privatistar kan tidlegast gå opp til ny eksamen eitt år etter

    Det er viktig at skolane informerer elevane og at eksamenskontora informerer privatistane om konsekvensane av å fuske til eksamen.

    Usjølvstendig bruk av kjelder

    Når alle hjelpemiddel er tilletne til eksamen, er det naturleg å bruke kjelder. Kjeldene skal oppgjevast på ein etterretteleg måte. Når kandidaten brukar andre sine tekstar heilt eller delvis utan å oppgje kjelda, kan det vere vanskeleg å sjå den individuelle kompetansen til kandidaten. Dette kan føre til lågare måloppnåing.

Følgje opp

  • Svaret skal ikkje vere merka med namnet til kandidaten

    Skolen må sjekke at det ikkje er mogleg å finne namnet til kandidaten i svaret.

    Viss kandidaten ikkje lastar opp svaret i PGS sjølv

    Det er tre alternative måtar skoleadministrator kan levere svaret på.

    Skoleadministrator eller gruppeansvarleg kan:

    1. ta imot fila og laste ho opp eller levere ho for kandidaten i kandidatmonitoren (mogleg til kl. 23.59 eksamendagen)
    2. bruke gruppeopplastingsfunksjonen i PGS for å levere mange svar på ein gong (mogleg til kl. 23.59 eksamendagen)
    3. skrive ut svaret og sende det til sensor med posten

    Eksamen med todelte svar

    Det er viktig at sensorane får tilgang til både del 1 og 2 samtidig. Skolen skal anten levere begge delane i PGS eller sende det fullstendige svaret i posten.

    • Skolen kan også laste opp del 1 for kandidaten, men la kandidaten laste opp del 2 sjølv.
    • Skolen kan laste opp del 1 før eller etter at kandidaten lastar opp del 2.
    • Skolen kan laste opp del 1 og del 2 samla.
    • Skolen kan bruke gruppeopplasting både før og etter kandidaten har levert.

    Eksamen på papir

    • Eksamenssvar på papir skal anten være utskrifter frå PC eller svarark ført med blå eller svart penn.
    • Arka må merkast med kandidatnummeret. Kandidatnummeret finst i PAS.
    • Dersom oppgåvesvar skal sendast med posten, må dei ha skolen sitt stempel. Den må sendast med ekspress over natten. 

    Vi tilrår at de skannar og leverer papirbaserte svar i PGS. Dei skanna svara skal ikkje ha skolen sitt stempel. Digital levering gir betre tryggleik og sensorane får raskare tilgang til svara.

    A4-ark passar betre inn i arkmataren på skannarar enn ark som er falsa.

    Førebuing til skanning av eksamenssvar

    For å forbetre sensureringsprosessen ønskjer vi at så mange papirsvar som mogleg vert skanna og levert digitalt. Dette aukar tryggleiken og gir sensorane betre tid.

    Her er nokre tips:

    Sjekk at svaret er tydeleg og kan lesast

    Svar som er tydelege og kan lesast med god kontrast aukar sjansen for ein rettferdig sensur og sparar sensorane for mykje frustrasjon og meirarbeid.

    Skann til PDF

    PDF-filer har god kvalitet, programvarestøtte og vert små filer som tek kortare tid å laste opp.

    Ordne svaret så det vert leseleg

    Arka i svaret bør liggje i rett rekkjefølgje og vende rett veg. Her kan eksamensvaktene hjelpe ved innleveringa.

    Skann med fargar

    I nokre fag kan bruk av fargar vere naudsynt for å levere eit fullgodt svar.

    Skann begge sider av arket

    I nokre fag er oppgåvene lagt opp til at ein skal svare på begge sider av arket. Det er viktig at begge sidene vert skanna.

    Del 1 og del 2 kan skannast saman

    Det er mogleg å skanne del 1 og del 2 for ein kandidat i same fil. Dette kan føre til at du sparar tid.

    Viss det likevel ikkje let seg gjere å skanne oppgåva, må skolen sende eksamenssvara med ekspress over natta som er framme dagen etter.

    Eksamenssvar må ikkje sendast som vanlig post. Send svara til førstesensor, adressa finn de i eksamenstenesta.

  • Ved sentralt gitt skriftleg eksamen skal kvart prøvesvar sensurerast av to sensorar. Fylkesmannen har ansvaret for å oppnemne sensorar.

    Fellessensur grunnskole

    Møter for førehandssensur våren 2019 i matematikk, engelsk og norsk er tirsdag 28. - onsdag 29. mai.

    Førehandsensuren for eksamen i dei andre faga vert bestemt av Utdanningsdirektoratet i samråd med dei aktuelle fylkesmennene.

    Fylkesmannen har ansvar for fellessensur innanfor sine regionar, inkludert fastsetting av dato. Fellessensuren skal gjennomførast i perioden mandag 17. juni til onsdag 19. juni. 2019. Eventuell fagdag skal leggjast før dette.

    Fellessensur vidaregåande

    Fellessensur for eksamen i vidaregåande hausten 2018 er torsdag 3. januar 2019. Då møtast sensorane for å fastsetje endelege eksamenskarakterar.

    For informasjon til sensor, sjå sensurere eksamen

  • Frist for skolen

    Når skolen får ein klage på skriftleg eksamen, skal skolen registrere klagen og sende eksamenssvaret til Fylkesmannen som har ansvar for klagebehandlinga. Klagen må vere den aktuelle Fylkesmannen i hende seinast fredag 29. juni 2018, for at resultatet skal kunne registrerast før opptak til vidaregåande opplæring. Klagebehandlinga vert gjennomført i veke 27 for alle fag. Vert klagen sendt etter fristen, må skolen eller privatistkontoret gi skriftleg grunngiving til den fylkesmannen som har ansvar for klagen i faget.

    Registrering og sending av klage

    • Skolen registrerer alle klagane i PAS-eksamen
    • IKT-baserte svar vert tilgjengelege for klagenemndene slik som ved primærsensuren.

    For svar på papir gjer ein følgjande:

    • Når skolane sender inn svar på papir, skal originalsvaret sendast saman med en følgjesetel som vert skriven ut frå PAS-eksamen under "Kandidatstatus, karakter og klage". Skolen vert oppmoda til å ha ein kopi av svaret.
    • Dokumenta må sendast som registrert post med sporing (t.d. «Ekspress over natta») til mottakaren. Merk konvolutten med: Klagebehandling

    Spesielt for norsk og matematikk

    Skolane må sikre at elevane/vaksne er førte opp med rett målform (hovudmålet til eleven/vaksne) i PAS- eksamen før klagane vert sende inn. Vi oppmodar til skanning av del 1 på todelt eksamen i matematikk.

    Oversikt over kven som har ansvar for klagebehandling

    Du finn oversikta i PAS-eksamen under menypunktet Klageansvar.

    Resultatet av klagebehandlinga

    Papirsvar skal sendast tilbake til skolane etter at klagebehandlinga er avslutta. Skolen finn klagenemnda si grunngjeving og endeleg karakter i PAS-eksamen. Karakteren og grunngivinga kan skrivast ut. Skolen må sørgje for at klagaren får melding om resultatet av klagebehandlinga. Dersom den opphavlege karakteren vert endra, skal inntakskontoret hente resultatet av klagebehandlinga i PAS- eksamen.

    Har du spørsmål?

    Spørsmål om klagebehandling skal rettast tenesteveg om kommunen til Fylkesmannen.

  • Ordinære klagar

    Når skolen får ein klage på skriftleg eksamen, skal skolen registrere klagen og sende eksamenssvaret til Fylkesmannen som har ansvar for klagebehandlinga.

    Alle ordinære klagar må vere hos den Fylkesmannen som er ansvarleg for klagebehandlinga, innan onsdag 23. januar 2019.

    Det er viktig at fristen blir halden, slik at rettane til kandidatane blir sikra.

    Alle klagar må vere ferdigbehandla innan tysdag 12. mars 2019.

    Dersom klagen blir send etter fristen, må skolen eller privatistkontoret grunngi årsaka skriftleg til den Fylkesmannen som har ansvar for klagen i faget.

    Ein må rekne med at klagar som kjem til fylkesmannskontoret etter 23. januar 2019 kan bli behandla i samband med klagebehandlinga etter våreksamen 2019.

    Hurtigklagar (våreksamen)

    Kandidatar som ønskjer rask behandling av klagar i dei faga der det er mogleg, må rekne med å få ein forkorta klagefrist. Vi ber skolane spesielt informere kandidatane om dette.

    For at klagane i desse faga skal kunne behandlast i samband med hurtigklagebehandlinga, må dei vere hos Fylkesmannen som er ansvarleg for klagebehandlinga, senast kl. 12.00 tysdag 26. juni 2018.

    Hurtigklagebehandlinga skal gjennomførast i veke 26 for alle fag.

    Klagar i følgjande fag frå studieførebuande utdanningsprogram og fellesfag våren 2018 kan behandlast som hurtigklage:
    norsk, matematikk, fysikk, kjemi, biologi, teknologi og forskningslære, kommunikasjon og kultur, medie- og informasjonskunnskap, treningslære 2, engelsk, tysk, fransk, spansk, rettslære, samfunnsøkonomi, marknadsføring og leiing, entreprenørskap og bedriftsutvikling, sosialkunnskap, politikk og menneskerettar, informasjonsteknologi, økonomistyring, økonomi og leiing, historie og filosofi, reiseliv og språk, psykologi.

    Hurtigklage føreset at Fylkesmannen har kvalifiserte sensorar til klagebehandlinga i faget. Kva for fag som har tilbod om hurtigklage, kan endre seg frå år til år.

    Registrering og sending av klage

    • Skolen registrerer alle klagane i PAS-eksamen
    • IKT-­baserte svar blir tilgjengelege for klagenemndene som ved primærsensuren.

    For svar skrevet på papir

    • Når skolane sender inn papirsvar, skal originalsvaret sendast saman med ein følgjeseddel som blir skriven ut frå eksamenstenesta under "Kandidatstatus, karakter og klage". Skolen blir oppmoda om å ha ein kopi av svaret.
    • Dokumenta må sendast som registrert post med sporing (t.d. «Ekspress over natten») til mottakaren. Merk konvolutten med: Klagebehandling

    Spesielt for norsk og matematikk

    Skolane må sikre at elevane/privatistane er førte opp med rett målform (hovudmålet til eleven/privatisten) i PAS-eksamen før klagane blir sende inn.

    Oversikt over kven som har ansvar for klagebehandlinga

    Oversikta finn ein i PAS-eksamen under menypunktet Klageansvar.

    Resultatet av klagebehandlinga

    Papirsvar skal sendast tilbake til skolane etter at klagebehandlinga er avslutta. Skolen finn klagenemnda si grunngiving og endeleg karakter i PAS-eksamen. Karakteren og fråsegna kan skrivast ut.

    Skolen må syte for at klagaren får melding om resultatet av klagebehandlinga.

    Nytt vitnemål etter klagebehandling

    I forskrift til opplæringslova § 5­-3 Avgjerd i klagesaka heiter det mellom anna «Fører klagebehandlinga til endring av vitnemålet eller kompetansebeviset, skal det skrivast eit nytt, og tidlegare vitnemål/kompetansebevis skal leverast tilbake.» Endring etter klagebehandling gir rett til nytt førstegongsvitnemål.

    Forskrifta § 3­-43, andre ledd:

    "Førstegongsvitnemål kan berre skrivast ut éin gong til den personen det gjeld. Dette gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage."

    Spørsmål?

    Spørsmål til denne informasjonen skal rettast tenesteveg via fylkeskommunen til Fylkesmannen.

     

  •  

    Skolen har ansvar for å hente ut eksamenssvara til elevane i PGS - eksamen.

    Svara frå inneverande eksamensperiode er tilgjengelege i PGS - eksamen fram til dagen før første eksamensdag i neste eksamensperiode.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!