Årsrapport 2021
Del II Introduksjon til verksemda og hovudtala
Samfunnsoppdraget vårt
Utdanningsdirektoratet er eit ordinært bruttobudsjettert statleg forvaltningsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Vi har eit overordna ansvar for at utdanningspolitikken blir sett i verk i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring, slik at barn, ungdom og vaksne får eit likeverdig tilbod av høg kvalitet.
Kunnskapsdepartementet har fastsett fem brukareffektmål for direktoratet:
- Mål 1: Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagemyndigheiter tek hand om utviklinga, læringa og trivselen til barna og unge i barnehagar, skolar og lærebedrifter
- Mål 2: Barnehageeigarar og skoleeigarar har tilsette med kompetanse som fremmar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge
- Mål 3: Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagestyresmakter forstår, formidlar og etterlever regelverket
- Mål 4: Barnehageeigarar og skoleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skolane sine og overfor lærebedrifter
- Mål 5: Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagestyresmakter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i læringsarbeidet og dei administrative oppgåvene
Desse måla rettar seg mot dei som har ansvar for tilbodet til barn og unge i barnehagar, skolar og lærebedrifter.
For å sikre eit systematisk arbeid med å oppfylle måla og ei langsiktig utvikling for Utdanningsdirektoratet har vi utarbeidd ein eigen verksemdsstrategi. Strategien inneheld kjenneteikn på korleis vi løyser oppgåvene våre, og prioriterte område for strategiperioden 2018–2021.
Kjenneteikn på oppgåveløysinga vår og leveransane våre | Prioriterte innsatsområde i strategiperioden |
---|---|
Digitalt | Utsette barn og unge |
|
|
Brukarretta | Fagfornyinga |
|
|
Samordna | Betre og meir effektiv måloppnåing |
|
|
Verkemiddel og tenesteområde
Utdanningsdirektoratet er eit styringsorgan. Vi skal forvalte statlege juridiske og økonomiske styringsverkemiddel, og vi skal analysere og vurdere tilstanden og utviklinga i sektorane på grunnlag av dokumentasjon. I tillegg skal vi foreslå tiltak og vere eit utviklingsorgan som støttar, rettleier og påverkar sektorane gjennom informasjon, strategiar og ulike tiltak.
Dette dreier seg i hovudsak om
- å utvikle og forvalte ramme- og læreplanar
- å forvalte regelverket på barnehage- og opplæringsområdet
- å forvalte tilskotsordningar for barnehagen og grunnopplæringa
- å ha den overordna nasjonale, faglege styresmakta for tilsynsarbeid som følger av lover og forskrifter for sektorane
- å føre tilsyn med økonomien til private barnehagar
- å føre tilsyn med dei frittståande skolane
- å behandle søknader om godkjenning av nye skolar etter friskolelova
- å utvikle og forvalte prøve- og vurderingssystemet
- å behandle søknader om rettferdsvederlag som gjeld grunnopplæringa
- å formidle og utvikle kunnskap om sektoren og å formidle kunnskap til sektoren
- å samarbeide med lærarutdanningane og sørge for tilbod om kompetanseutvikling for tilsette i barnehage og skole
- å systematisere og gi rettleiing om god praksis for teknologiske løysingar
- å utvikle fellesløysingar og arbeide for nasjonal standardisering
Samtidig skal direktoratet vere eit rådgivande organ for departementet og den politiske leiinga innanfor sektorane. Vi skal bidra til å utarbeide nye og følge opp gjeldande opptrappingsplanar, strategiar og handlingsplanar.
Samarbeid med andre aktørar
Det er fleire aktørar som har ansvaret for å realisere måla i utdanningssektoren. Departementet har fastsett sektormål som seier kva dei ulike aktørane skal få til i fellesskap.
Sektormåla for barnehagen er
- at alle skal ha eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø
- at barn som treng hjelp, skal få det tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt
- at dei tilsette i kunnskapssektoren skal ha høg kompetanse
- at alle skal ha god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet
Sektormåla for grunnopplæringa er
- at alle skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø
- at barn og unge som treng hjelp, skal få det tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt
- at dei tilsette i kunnskapssektoren skal ha høg kompetanse
- at alle skal lykkast i opplæringa og utdanninga
Det overordna målbildet for barnehagen og grunnopplæringa skal danne grunnlag for prioriteringa av faglege mål og temaområde, og for utviklinga av nye tiltak og verkemiddel. Dette krev også eit godt og systematisk samspel på tvers av sektorane. Samarbeidet vårt med dei ulike aktørane i sektorane, både sentralt og lokalt, har derfor høg prioritet og skal gjennomsyre arbeidet vi gjer.
På leiarnivå er direktoratet ein del av direktørnettverket, der ti direktorat innanfor velferdssektoren er representerte. Formålet med nettverket er mellom anna å bidra til dialog og samarbeid på tvers av sektorgrensene.
Fleire av våre mest sentrale verkemiddel, som vidareutdanningsordningane og kompetanseordningane, er avhengige av at vi samarbeider med UH-sektoren for å oppnå gode resultat. Vidare har vi eit utstrekt samarbeid med UH-sektoren i fagfornyinga.
Utdanningsdirektoratet har i fleire år samarbeidd med andre direktorat for å samordne innsatsen slik at alle barn og unge får den støtta og hjelpa dei treng for å meistre sitt eige liv. 0–24-samarbeidet gav fleire gode erfaringar som vi bygger vidare på i samarbeid med andre direktorat på oppvekstfeltet. 0–24-samarbeidet som program er avvikla, men samarbeidet held fram i samanheng med fleire viktige tverrsektorielle innsatsar. Laget rundt barn og unge har dei siste åra blitt framheva i fleire ulike prosessar internt i Udir og i samarbeidet vårt med andre sektorar. Laget er også aktuelt i andre sektorar, uavhengig av utdanningssektoren, for eksempel i barnevernsreforma. I eit breiare perspektiv handlar det om laget rundt barn, unge og familien. Vi lykkast ikkje med å jamne ut sosiale forskjellar og skape betre føresetnader for alle utan å ha eit breiare oppvekstperspektiv som også inkluderer familien – og der vi ser eigen innsats i samanheng med innsatsen i andre sektorar knytt til dette målet.
Omtale av organisasjonen og leiinga
Utdanningsdirektoratet blir leidd av direktør Hege Nilssen. Hovudkontoret er i Oslo, og i tillegg har vi kontor på Hamar, i Tromsø og i Molde.
Kategoriar | 2020 | 2021 |
---|---|---|
Avtalte årsverk | 337 | 359 |
Utførte årsverk | 312 | 316 |
Kontor | Tal på tilsette pr. 31.12.2020 | Tal på tilsette pr. 31.12.2021 |
Oslo (hovudkontor) | 284 | 288 |
Hamar | 21 | 24 |
Tromsø | 17 | 17 |
Molde | 23 | 39 |
Totalt | 345 | 368 |
Utdanningsdirektoratet er delt inn i fem divisjonar med til saman 24 avdelingar. I tillegg har vi ein stab for kommunikasjon.
Kunnskapsdepartementet hadde i 2021 delegert styringa av desse verksemdene til oss:
- Statsforvaltaren på området til barnehagen og grunnopplæringa
- Sørsamisk kunnskapspark
- styret for Samisk videregående skole i Karasjok og Samisk videregående skole og reindriftsskole i Kautokeino
Hovudtala for verksemda
Tal på sentralt gitte eksamenar | 2020 | 2021 |
---|---|---|
Grunnskole | 100 | 0 |
Elevar i vidaregåande opplæring | 2 400 | 2 700 |
Privatistar i vidaregåande opplæring | 68 200 | 72 000 |
Tal på dei som begynte på vidareutdanning | 2020 | 2021 |
---|---|---|
Vidareutdanning for lærarar | 5 485 | 6 674 |
Rektorutdanninga | 454 | 451 |
Tal | 2020 | 2021 |
---|---|---|
Innloggingar på Feide | 219 millionar | 218 millionar |
Bruk av nettsider | 2020 | 2021 |
---|---|---|
Økter på udir.no | 17,5 millionar | 15 millionar |
Bruk av sosiale medium | 2020 | 2021 |
---|---|---|
Tal på følgjarar på Facebook | 48 140 | 52 572 |
Tal på følgjarar på Twitter | 21 016 | 21 161 |
Talet på medlemmer i Facebook-gruppe om nye læreplanar | 21 302 | 21 638 |
Overdnet tal for tilsyn og klagesaker | 2020 | 2021 |
---|---|---|
Opna tilsyn med private skular | 18 | 58 |
Førebels tilsynsrapport private skolar (varsel om vedtak) | 32 | 48 |
Klager på 9A (skolemiljø) | 16 | 4 |
Avvisingssaker 9A | 8 | 1 |
Dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk | 8 | 3 |
Utgivingar på nettsidene våre | 2020 | 2021 |
---|---|---|
Publiserte forskings-, evaluerings- og kartleggingsrapportar | 49 | 41 |
Nøkkeltal frå årsrekneskapen | 2020 | 2021 |
---|---|---|
Antall utførte årsverk | 312 | 316 |
Samla tildeling post 01-99 i kr 1 000 | 13 225 099 | 14 388 402 |
Utnyttingsgrad post 01-29 i prosent | 95,8 % | 95,8 % |
Driftsutgifter i kr 1 000 | 972 006 | 1 351 884 |
Lønnsdelen av driftsutgifter i prosent | 31,9 % | 23,1 % |
Lønnsutgifter per årsverk i kr 1 000 | 995 | 989 |
Lønnsutgifter per årsverk i kr 1 000 – ekskl. honorar, styre, råd og utval | 917 | 933 |
Konsulentandel av driftsutgifter i prosent | 26,7% | 20,5 % |
Auken i driftsutgifter kom av at kjøp av studieplassar innanfor vidareutdanninga tidlegare år blei ført som tilskot. Ei ny vurdering av praksis er at rett utgiftsføring er kjøp av tenester. Dette gir då utslag i nøkkeltala lønnsdel av driftsutgifter og konsulentdel av driftsutgifter.
Nærmare 9,5 milliardar kroner av tildelinga som direktoratet gjorde i 2021, gjekk til ulike tilskotsordningar. Dette var tilskot innanfor barnehage, offentleg grunnopplæring, friskolefeltet og folkehøgskolar, i tillegg til nokre andre formål. Som det kjem fram av diagrammet nedanfor, består tilskotsforvaltninga av cirka 67 prosent av ressursane til Utdanningsdirektoratet. Den største enkeltsatsinga utover dette er kvalitetsutvikling i skolen.