RefLex - hjelp til å vurdere egen praksis

RefLex er eit nettbasert verktøy som skal gi barnehagar, barnehagemyndigheita, offentlege og frittståande skolar og skoleeigarar hjelp til å vurdere om eigen praksis er i samsvar med regelverket.

Verktøyet skal dekkje regelverket på enkelte tema. Det vil bli lagt til fleire tema etter kvart.

Kva nytte har skolen av verktøyet?

Som lærar og skoleleiar får du

  • oversikt over kva for reglar som gjeld for skolen på eit tema
  • hjelp til å reflektere rundt korleis situasjonen er på skolen din

Kva nytte har skoleeigaren av verktøyet?

Med RefLex får du som skoleeigar enkelt oversikt over om skolane følgjer regelverket. Du kan samanlikne skolane, sjå kva for skolar som treng oppfølging, og kva for skolar som kan fungere som gode eksempel for andre.

På den måten kan du utvikle beste praksis innan regelverksetterleving på skolane dine og setje i verk tiltak der det er nødvendig.

Med RefLex får du som skoleeigar også hjelp til å vurdere om du har eit forsvarleg system for å vurdere om krava i opplæringslova eller friskolelova blir oppfylte.

Kva nytte har barnehagemyndigheita av verktøyet?

Med RefLex får du som barnehagemyndighet oversikt over kva for reglar som gjeld for deg som barnehagemyndigheit på eit tema. Du får hjelp til å reflektere rundt korleis situasjonen er hos deg.

Kva nytte har barnehageeigar og barnehageleiinga av verktøyet?

Med RefLex får barnehageeigar og barnehageleiinga oversikt over kva for reglar som gjeld på eit tema. Du får hjelp til å reflektere rundt korleis situasjonen er hos deg.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!