Tilstandsrapport - mal og kjenneteikn på gode rapportar

Den årlege tilstandsrapporten har som mål å bidra til større merksemd om kvaliteten på opplæringa. 

Rapporten er meint å vere eit utgangspunkt for dialog, drøfting og planlegging av arbeidet med kvalitetsutvikling i kommunane og fylkeskommunane.

Kva er ein tilstandsrapport?

Ein tilstandsrapport inneheld vanlegvis både tall og forteljingar. Innhaldet skal vere ei analyse av tilstanden og vise korleis skoleeigar vurderer opplæringa på områda læringsmiljø, elevresultat og gjennomføring/fråfall.

Rapporten skal inngå i det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hos skoleeigar og leggje grunnlaget for vedtak om prioriteringar og tiltak.

Rapporten skal drøftast i kommunestyret, på fylkestinget og i styret ved private skolar.

Rapporten er eigendomen til skoleeigar, og er ikkje del i eit rapporteringskjede. Mange kommunar kallar rapporten for kvalitetsmelding for betre å få fram kva dokumentet skal bidra til.

I arbeidet med dei nye læreplanane og desentralisert ordning kan tilstandsrapporten gi støtte gjennom å lyfte problemstillingar til politisk leiing og synleggjere behovet for prioriteringar og tiltak.