Naturfag (NAT01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg1 naturbruk
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforskeei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kunne ta vare på nysgjerrigheit og undring. Å utforske kan bety å sanse, søkje, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å teste ut eller evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr. I naturfag er det å stille spørsmål og bruke data for å lage forklaringar grunnleggjande for å utforske.
funn og argumentere for val av metodarÅ presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt munnleg, skriftleg eller digitalt. Målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
- risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
- utforskeog presentere
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kunne ta vare på nysgjerrigheit og undring. Å utforske kan bety å sanse, søkje, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å teste ut eller evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr. I naturfag er det å stille spørsmål og bruke data for å lage forklaringar grunnleggjande for å utforske.
teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdereÅ presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt munnleg, skriftleg eller digitalt. Målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
han i eit berekraftsperspektivÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- drøfteaktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder erÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- gjere greie forfunksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- undersøkje problemstillingar knytte til arealbruk, gjere greie forkorleis endringar kan påverke økosystem, og foreslå berekraftige løysingar
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- gjere greie forkvifor nokre grunnstoff er viktige for liv, og vurdere
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
korleis menneskeleg aktivitet kan påverke kretsløpa til desse stoffaÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i naturfag på vg1 naturbruk når dei bruker fagspråk, teoriar og modellar til å utforske, beskrive, forklare og drøfte samanhengar i og mellom naturfaglege fenomen. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei argumenterer for metodeval, gjer etiske og sikkerheitsmessige vurderingar, reflekterer over funn og kritisk vurderer kjelder og informasjon knytte til eigne utforskingar og forsøk. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei anvender og reflekterer over naturvitskaplege praksisar og tenkjemåtar og naturvitskapleg teknologi.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å leggje til rette for varierte, praktiske og utforskande arbeidsmåtar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i naturfag. Elevane skal få moglegheit til å utforske og prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i naturfag.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i naturfag ved avslutninga av opplæringa etter vg1 naturbruk. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i naturfag basert på kompetansen eleven har vist når eleven har kommunisert kunnskap om og forståing av innhaldet i faget og har sett samanhengar. Karakteren skal òg vere basert på kompetansen eleven har vist når eleven har arbeidd praktisk og utforskande med faget.