Opplæringslova
§ 2-1 Rett og plikt til grunnskoleopplæring
Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring.
Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan tre månader. Dersom det er nødvendig fordi det kjem svært mange fordrivne barn frå Ukraina, kan departementet gi forskrift om mellombels forlenging av tremånadersfristen. Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Plikta fell bort dersom eit opphald utanfor Noreg varer i meir enn tre månader. Departementet kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.
Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.
Retten og plikta til opplæring varer til eleven har fullført det tiande skoleåret. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykkje frå foreldra kan kommunen heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det.
Dersom ein elev utan å ha rett til det har fråvære frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust.
Endra med lover 31 jan 2003 nr. 10, 17 juni 2016 nr. 67 (ikr. 1 aug 2016 iflg. res. 17 juni 2016 nr. 673), 9 juni 2017 nr. 37 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 712), 8 juni 2018 nr. 27 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 825), 10 juni 2022 nr. 35 (i kraft 15 juni 2022 iflg. res. 10 juni 2022 nr. 994), 18 juni 2021 nr. 122 (i kraft 1 juli 2022 iflg. res. 8 april 2022 nr. 570). Vert endra med lov 10 juni 2022 nr. 35 (i kraft 1 juli 2023).
Tolkningsuttalelser
Fritak fra opplæringsplikt for å hoppe over 10. trinn
Vurdering når en elev går et trinn om igjen
Opphold i Norge på mer enn tre måneder
Ansvar for vedtak om ett ekstra år i grunnskolen
Skoledrift ved planleggingsdag
Egentrening i kroppsøvingstimer
Fravær for elever som møter på skolen, men ikke deltar i undervisningen
Muligheten for et ekstra år i grunnskolen
Permisjon ved behandlingsreise
Ingen opplæringsplikt ved opphold i utlandet i mer enn tre måneder
Rett og plikt til grunnskoleopplæring ved uavklart oppholdstillatelse
Reversering av vedtak om et ekstra år i grunnskolen
Klageinstans på vedtak om ekstra år i grunnskolen
Retten til å beholde læringsressurser ved flytting utenlands
Utskrift av vitnemål ved klage på søknad om et ekstra år i grunnskolen
Retten til grunnskoleopplæring for elever som er langvarig syke
Plikt til grunnskoleopplæring ved fullført grunnskole fra annet land
Skolens ansvar for elever som har behov for helse- og omsorgstjenester i skoletiden