Gjelder
Direktoratet viser til elektronisk post frå Fylkesmannen i Rogaland motteken 9.9.2009 kor
fylkesmannen har spørsmål til ansvaret for utdanninga til barn som oppheld seg i utlandet og som
ikkje er melde som utvandra etter lov om folkeregister § 8.
Spørsmåla gjeld barn som oppheld seg i utlandet utover dei to vekene kommunen har heimel til å
gi persmisjon frå den pliktige opplæringa etter opplæringslova § 2-11.
Det føljer av forarbeida til gjeldande § 1-2 i opplæringslova, jf. Ot.prp. nr. 46. (1997-98) at det
geografiske virkeområdet for lova ikkje er lovfest og at det da føljer av allmenne rettsprinsipp at
lova gjeld i riket, men ikkje for Svalbard, jf. § 2 i svalbardlova. Dette inneber at lova og retten til
grunnopplæring gjeld for barn i skolepliktig alder som oppheld seg innafor rikets geografiske
grenser.
Fylkesmannen spør vidare om foreldra kan drive heimeundervisning mens dei oppheld seg i
utlandet. Som nemnt over gjeld rettane og pliktane etter opplæringslova berre for dei som
oppheld seg i riket. Dette betyr at foreldre kan velje å gje barna sine undervisning heime medan
dei oppheld seg i utlandet, men undervisinga vil ikkje vere omfatta av opplæringslova med dertil
gjeldande forskrifter.
Fylkesmannen spør også om elevane som oppheld seg i utlandet skal skrivast ut frå skolen og inn
igjen når dei kjem tilbake. Desse spørsmålet er ikkje regulert ved lov eller forskrift og skolen må i
utgangspunktet gjere det dei meiner er mest praktisk i dei særskilte tilfella dei står overfor.
Utdanningsdirektoratet vil på generelt grunnlag uttrykke at utskriving når eleven reiser og
innskriving når eleven kjem tilbake kan bidra til å gi ryddige ansvarsforhold.
Vår referanse: 2009/2988