Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg3 studieførebuande utdanningsprogram
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- analysereog tolke
Å analysere er å undersøke ei sak, ein gjenstand eller eit omgrep for å få avdekka ein bodskap eller ei meining. Å analysere kan bety grundig og systematisk behandling av enkeltelement og samanhengen mellom dei. Analysen kan òg gjelde ein arbeidsprosess.
romanar, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk frå 1850 til i dag og reflektereÅ tolke er å byggje opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga byggjer ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.
over tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og eiga samtidÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- utforskeog reflektere
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
over korleis tekstar frå den realistiske og den modernistiske tradisjonen framstiller menneske, natur og samfunnÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- skrive essay som utforskar og reflekterer over innhald i tekstar
- skrive litterære tolkingar og samanlikningar
- analysereuttrykksformer i samansette tekstar i ulike medium og vurdere
Å analysere er å undersøke ei sak, ein gjenstand eller eit omgrep for å få avdekka ein bodskap eller ei meining. Å analysere kan bety grundig og systematisk behandling av enkeltelement og samanhengen mellom dei. Analysen kan òg gjelde ein arbeidsprosess.
samspelet mellom deiÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- brukefagkunnskap og presist fagspråk i utforskande samtalar, diskusjonar og munnlege presentasjonar om norskfaglege emne
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- skrive retoriske analysar og tolkingar av sakprosatekstar
- meistre språklege formkrav på hovudmål og sidemål og skrive tekstar med etterretteleg kjeldebruk og eit presist og nyansert språk
- orientere seg i faglitteratur, vurderekjelder kritisk og skrive fagartiklar som greier ut om og drøftar norskfaglege emne
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- gjere greie forendringar i talespråk i Noreg i dag og reflektere
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
over samanhengar mellom språk, kultur og identitetÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på vg3 studieførebuande utdanningsprogram når dei analyserer, tolkar og samanliknar tekstar og utforskar kontekstane til tekstane. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei produserer kortare og lengre tekstar i ulike sjangrar, for ulike formål og mottakarar, og når dei arbeider vidare med eigne tekstar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei reflekterer over språk og tekst ved bruk av fagspråk, uttrykkjer seg presist og nyansert munnleg og skriftleg og meistrar språklege formkrav på hovudmål og sidemål.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske faglege problemstillingar og arbeide kreativt for å finne svar på desse. Læraren skal leggje til rette for at elevane utviklar uthald i større arbeid, anten det gjeld lesing av lengre tekstar eller utforskande arbeid med faglege problemstillingar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga elevane viser i norsk munnleg og skriftleg hovudmål og sidemål. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å vidareutvikle munnleg og skriftleg kompetanse i faget.
I halvårsvurderinga skal læraren gi like mange karakterar som i standpunktvurderinga.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i norsk ved avsluttinga av opplæringa etter vg3. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i norsk munnleg basert på kompetansen eleven har vist når eleven har kommunisert fagleg innhald munnleg. Læraren skal setje karakter i norsk skriftleg hovudmål og norsk skriftleg sidemål basert på kompetansen eleven har vist i eit breitt utval elevtekstar i ulike sjangrar. I vurderinga av norsk skriftleg sidemål skal læraren ta omsyn til at elevane har hatt lengre tid med formell opplæring i hovudmål enn i sidemål.