Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 7. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
- lese samiske tekstar på norsk og samtale om verdiane som kjem til uttrykk, og korleis stadnamn og personnamn som inneheld dei samiske bokstavane, blir uttalte
- orientere seg i faglege kjelder på bibliotek og digitalt, vurderekor pålitelege kjeldene er, og vise til kjelder i eigne tekstar
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- brukelesestrategiar tilpassa formålet med lesinga
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- skrive tekstar med funksjonell handskrift og med flyt på tastatur
- lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
- reflektereetisk over korleis eleven framstiller seg sjølv og andre i digitale medium
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- presenterefaglege emne munnleg med og utan digitale ressursar
Å presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt. Måten å presentere på kan variere, men målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
- leike med språket og prøve ut ulike verkemiddel og framstillingsmåtar i munnlege og skriftlege tekstar
- beskrive, fortelje, argumentere og reflektere
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formålÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- skrive tekstar med tydeleg struktur og meistre sentrale reglar for rettskriving, ordbøying og teiknsetjing
- gi tilbakemelding på medelevar sine tekstar ut frå kriterium og bruketilbakemeldingar i vidare arbeid med eigne tekstar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- brukefagspråk og kunnskap om ordklassar og setningsoppbygging i samtale om eigne og andre sine tekstar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- utforskeog beskrive
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage eigne samansette tekstarÅ beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- prøve ut skriving av tekstar på sidemål
- samanliknetalespråk i nærmiljøet med andre talespråkvariantar i Noreg og med nabospråk
Å samanlikne er å undersøke likskapar og skilnader mellom to eller fleire forhold.
- utforskeog reflektere
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
over samanhengen mellom språk og identitetÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på 5., 6. og 7. trinn når dei les kortare og lengre tekstar i ulike sjangrar og samtaler om form og innhald i tekstane. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei samtaler om og presenterer faglege emne, bruker kjelder kritisk og argumenterer munnleg og skriftleg. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei bruker fagspråk i beskrivingar av språkleg variasjon og i samtale om eigne og andre sine tekstar i skriveprosessar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får bruke kreativitet og fantasi og arbeide prosessorientert med å utvikle munnlege og skriftlege ferdigheiter. Læraren skal leggje til rette for at elevane utviklar kompetanse gjennom praktisk arbeid, samtalar og meiningsutvekslingar og gjennom at dei får arbeide med faglege oppgåver både åleine og saman med andre. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i norsk. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle ferdigheiter i lesing, skriving og munnlegheit i arbeid med språk og tekst.