Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 2. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk
- låne og lese bøker frå biblioteket
- uttrykkje tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar
- samtale om ogbeskrivekorleis ord vi bruker, kan påverke andre
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- leike med rim og rytme og lytte ut språklydar og stavingar i ord
- trekkje bokstavlydar saman til ord under lesing og skriving
- lese med samanheng og forståing på papir og digitalt ogbrukeenkle strategiar for leseforståing
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- lytte, ta ordet etter tur og grunngi eigne meiningar i samtalar
- beskriveog fortelje munnleg og skriftleg
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- skrive tekstar for hand og med tastatur
- brukestore og små bokstavar, punktum, spørsmålsteikn og utropsteikn i tekstar og samtale om eigne og andre sine tekstar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- lage tekstar som kombinerer skrift med bilete
- utforskeog samtale om oppbygginga av og betydninga til ord og uttrykk
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- utforskeeige talespråk og samtale om forskjellar og likskapar mellom talespråk og skriftspråk
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på 1. og 2. trinn når dei utforskar og bruker språket i leik og samhandling og til å arbeide vidare med tekstopplevingar. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei trekkjer bokstavlydar saman til ord under lesing og skriving.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved å la elevane vere i bevegelse, leike, undre seg og bruke sansane sine. Vidare skal læraren leggje til rette for at elevane utviklar munnleg og skriftleg språk ved å få prøve seg fram og vere kreative. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i norsk. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle ferdigheiter i lesing, skriving og munnlegheit.