Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg1 studieførebuande utdanningsprogram
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese,analysereog
Å analysere er å undersøke ei sak, ein gjenstand eller eit omgrep for å få avdekka ein bodskap eller ei meining. Å analysere kan bety grundig og systematisk behandling av enkeltelement og samanhengen mellom dei. Analysen kan òg gjelde ein arbeidsprosess.
tolkenyare skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språkÅ tolke er å byggje opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga byggjer ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.
- reflektereover korleis tekstar framstiller møte mellom ulike kulturar
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- gjere greie forog
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
reflektereover bruken av retoriske appellformer og språklege verkemiddel i sakprosatekstarÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- lytte til andre, byggje opp sakleg argumentasjon ogbrukeretoriske appellformer i diskusjonar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- brukeulike kjelder på ein kritisk, sjølvstendig og etterretteleg måte
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- greie ut om ogdrøftenorskfaglege eller tverrfaglege tema munnleg
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
- skrive fagartiklar som greier ut om og drøftar norskfaglege eller tverrfaglege emne
- brukefagspråk til å
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
beskrivesetningsoppbygginga og samanhengen mellom setningar i arbeid med tekstarÅ beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- kombinere verkemiddel og uttrykksformer kreativt i eiga tekstskaping
- vurdereog arbeide vidare med eigne tekstar ut frå tilbakemeldingar og faglege kriterium
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- skrive tekstar med god struktur og tekstbinding og meistre teiknsetjing og rettskriving på hovudmål og sidemål
- samanliknesærtrekk ved norsk med andre språk og vise korleis språklege møte kan skape språkendringar
Å samanlikne er å undersøke likskapar og skilnader mellom to eller fleire forhold.
- gjere greie forutbreiinga av dei samiske språka i Noreg, fornorskingspolitikken og dei språklege rettane samar har som urfolk
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på vg1 studieførebuande utdanningsprogram når dei uttrykkjer seg kreativt, og når dei utforskar faglege emne med kritisk bruk av kjelder og presenterer desse i munnlege og skriftlege tekstar med struktur og samanheng. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker kunnskap om språket som system til å utforske og samanlikne språk, og når dei reflekterer kritisk over eigen og andre sin bruk av verkemiddel i tekstar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får arbeide oppdagande og utforskande både åleine og saman med andre. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga elevane viser i norsk munnleg og i skriftleg hovudmål og sidemål. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å reflektere over eiga læring og som grunnlag for å arbeide vidare med eigne munnlege og skriftlege tekstar.
I halvårsvurderinga skal læraren gi éin karakter i norsk munnleg og éin i norsk skriftleg. Karakteren i norsk munnleg skal bli gitt på bakgrunn av den kompetansen elevane har vist når dei har kommunisert fagleg innhald munnleg. Karakteren i norsk skriftleg skal bli gitt på grunnlag av kortare og lengre elevtekstar i ulike sjangrar på både hovudmål og sidemål.