Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg2 studieførebuande utdanningsprogram
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese norrøne tekstar i omsetjing ogsamanliknedei med tekstar frå nyare tid
Å samanlikne er å undersøke likskapar og skilnader mellom to eller fleire forhold.
- lese ogtolketekstar frå 1500 til 1850 i kulturhistorisk kontekst og
Å tolke er å byggje opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga byggjer ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.
drøftekorleis dei er relevante i dagÅ drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
- utforskeog
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
reflektereover korleis tekstar frå romantikken og nasjonalromantikken framstiller menneske, natur og samfunn, ogÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
samanliknemed tekstar frå nyare tidÅ samanlikne er å undersøke likskapar og skilnader mellom to eller fleire forhold.
- reflektereover sakprosatekstar og
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
gjere greie forden retoriske situasjonen dei er blitt til iÅ gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- skrive fagartiklar som gjer greie for og drøfter tekstar i kontekst
- bruketilbakemeldingar og kunnskap om språk, tekst og sjanger til å
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
utvikleeigne tekstarÅ utvikle kan vere å designe, skape, modellere eller utforme nye metodar, eit produkt eller ei teneste.
- brukefagkunnskap og retoriske ferdigheiter i norskfaglege diskusjonar og presentasjonar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- brukefagspråk til å
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
beskrivesærtrekk ved norsk samanlikna med svensk, dansk og norrøntÅ beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- gjere greie forden historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg i dag
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på vg2 studieførebuande utdanningsprogram når dei tolkar tekstar i kontekst og samanliknar eldre og nyare tekstar i ulike medium og sjangrar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker kunnskap om språket som system til å utvikle eigne tekstar og til å samanlikne språk.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane lagar eigne problemstillingar og arbeider kreativt for å finne svar på desse. Læraren skal leggje til rette for at elevane utviklar uthald i større arbeid, anten det gjeld lesing av lengre tekstar eller utforskande arbeid med faglege problemstillingar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga elevane viser i norsk munnleg og i skriftleg hovudmål og sidemål. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å vidareutvikle kompetansen sin i faget.
I halvårsvurderinga skal læraren gi éin karakter i norsk munnleg og éin i norsk skriftleg. Karakteren i norsk munnleg skal bli gitt på bakgrunn av den kompetansen elevane har vist når dei har kommunisert fagleg innhald munnleg. Karakteren i norsk skriftleg skal bli gitt på grunnlag av kortare og lengre elevtekstar i ulike sjangrar på både hovudmål og sidemål.