Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 10. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, ogreflektereover formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel i tekstane
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- samanlikneog
Å samanlikne er å undersøke likskapar og skilnader mellom to eller fleire forhold.
tolkeromanar, noveller, lyrikk og andre tekstar ut frå historisk kontekst og eiga samtidÅ tolke er å byggje opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga byggjer ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.
- beskriveog
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
reflektereover eigen bruk av lesestrategiar i lesing av skjønnlitteratur og sakprosaÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- lytte til og lese tekstar på svensk og dansk oggjere greie forinnhald og språklege trekk
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- utforskeog
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
reflektereover korleis tekstar framstiller livssituasjonen til ungeÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- kjenne att ogbrukespråklege verkemiddel og retoriske appellformer
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- brukekjelder på ein kritisk måte, markere sitat og vise til kjelder på ein etterretteleg måte i eigne tekstar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- utforskeog
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
vurderekorleis digitale medium påverkar og endrar språk og kommunikasjonÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- brukefagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- informere, fortelje, argumentere ogreflekterei ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- skrive tekstar med funksjonell tekstbinding og riktig teiknsetjing og meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål
- brukefagspråk og kunnskap om grammatikk, tekststruktur og sjanger i samtale om og vidare arbeid med tekstar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- uttrykkje seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar
- lage samansette tekstar og grunngi val av uttrykksformer
- forklare den historiske bakgrunnen for bokmål og nynorsk ogreflektereover statusen til dei offisielle språka i Noreg i dag
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- utforskespråkleg variasjon og mangfald i Noreg og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
reflektereover haldningar til ulike språk og talespråkvariantarÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på 8., 9. og 10. trinn når dei les kortare og lengre tekstar i ulike sjangrar, utforskar kontekstane til tekstane og reflekterer over korleis konteksten påverkar teksttolkinga. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker fagspråk, argumenterer, reflekterer og eksperimenterer i munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei bruker fagspråk i arbeid med å utforske og reflektere over språkleg variasjon og i samtale om eigne og andre sine tekstar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved å la elevane få bruke fantasien og oppleve at det å prøve seg fram er ein del av det å lære. Læraren skal leggje til rette for at elevane utviklar uthald i lesing av lengre tekstar og i utforskande arbeid med faglege problemstillingar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga elevane viser i norsk munnleg og i skriftleg hovudmål og sidemål. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å vidareutvikle kompetansen sin i faget.
I halvårsvurderingane på 8. og 9. trinn skal læraren gi éin karakter i norsk munnleg og éin i norsk skriftleg. Halvårsvurderinga i norsk skriftleg skal bli gitt ut frå skrivekompetansen eleven har i både hovudmål og sidemål. I halvårsvurderinga for 10. trinn skal læraren gi tre karakterar, som i standpunktvurderinga etter 10. trinn.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i norsk ved avsluttinga av opplæringa etter 10. trinn. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i norsk munnleg basert på kompetansen eleven har vist når eleven har kommunisert fagleg innhald munnleg. Læraren skal setje karakterar i norsk skriftleg hovudmål og norsk skriftleg sidemål basert på kompetansen eleven har vist i eit utval tekstar i ulike sjangrar og for ulike formål. I vurderinga av norsk skriftleg sidemål skal læraren ta omsyn til at elevane har hatt lengre tid med formell opplæring i hovudmål enn i sidemål.