Valfag på ungdomstrinnet Udir-7-2012

Rundskrivet er utgått.

Utgått
Utgått

1. Innleiing

Frå hausten 2012 skal det innførast valfag på ungdomstrinnet. I dette rundskrivet informerer vi om det viktigaste skoleeigaren og skolane må ha kjennskap til om valfag på ungdomstrinnet. Vi informerer her om rammene for valfag, mellom anna om

  • kva for læreplanar som er fastsette
  • endringar i fag- og timefordelinga
  • sluttvurderingsordninga i valfag
  • korleis ein skal forstå forskriftsreglane om valfag

Valfaga skal innførast gradvis. Hausten 2012 blir det innført valfag for 8. årstrinn, hausten 2013 for 9. årstrinn, og hausten 2014 for 10. årstrinn. Dette inneber at endringane som tek til å gjelde frå 1.8.2012, berre gjeld for 8. årstrinn.

Innføringa av valfag gjeld òg for private skolar som er godkjende etter privatskolelova. Det er fastsett ein ny § 2A-10 i forskrift til privatskolelova. For private skolar som ønskjer å få godkjent andre valfag eller læreplanar som på ein annan måte tek vare på valfag, må vi vurdere dette konkret, jf. privatskolelova § 2-3, og vurdere om skolens læreplanar sikrar jamgod opplæring.

Nedanfor omtaler vi først læreplanane for valfag, deretter fag- og timefordelinga, vurderinga og forskriftsreglane om valfag mv. Til avslutning skisserer vi rammene for tidleg start med valfag på 9. og 10. trinn.

2. Bakgrunn for endringane

I Meld. St. 22 (2010-2011) Motivasjon- Mestring- Muligheter foreslår Kunnskapsdepartementet å innføre valfag. Departementet vil leggje til rette for ytterlege valmoglegheiter for elevane på ungdomstrinnet. Bakgrunnen er at dei skal bidra til auka motivasjon og læring. Innføring av valfag er eit av fleire tiltak for å nå målet om ei meir praktisk, variert og relevant opplæring på ungdomstrinnet.

Elevar på ungdomstrinnet kan i dag velje mellom framandspråk, språkleg fordjuping (norsk/engelsk/samisk) eller arbeidslivsfag. Innføring av valfag kjem i tillegg til den noverande ordninga.

3. Læreplanane

Frå og med skoleåret 2012/2013 har Kunnskapsdepartementet fastsett læreplanar for åtte valfag. Vi har vidare fått i oppdrag å utvikle sju nye læreplanar i valfag, som skal takast i bruk frå skoleåret 2013/2014.

Læreplanane er fastsette som forskrift og beskriv det faglege innhaldet i opplæringa. Valfaga skal bidra til at elevane, kvar for seg og i fellesskap, styrkjer lysta til å lære og opplever meistring gjennom praktisk og variert arbeid. Valfaga er tverrfaglege og skal bidra til heilskap og samanheng i opplæringa. Nokre av faga skal vere prosjektbaserte. Dette inneber eit arbeid med eit tema som blir utvikla over kortare eller lengre tid, og som består av ulike fasar, for eksempel idéfase, planlegging, gjennomføring/presentasjon og evaluering.

Læreplanane i valfag beskriv eitt års opplæring og skal kunne brukast på alle årstrinn på ungdomstrinnet. Dei skal òg kunne brukast av aldersblanda elevgrupper. Innhaldet må tilpassast lokalt på bakgrunn av dei nasjonale læreplanane.

Læreplanane er publiserte på vår nettside. Det er utarbeidd rettleiingar til alle valfaga, og dei blir klare til skolestart hausten 2012. Det skal ikkje vere tilbod om andre valfag enn dei som er fastsette av Kunnskapsdepartementet.

Følgjande læreplanar er fastsette frå skoleåret 2012/2013

  • Sal og scene
  • Medier og informasjon
  • Produksjon av varer og tenester
  • Fysisk aktivitet og helse
  • Design og redesign
  • Forskning i praksis
  • Internasjonalt samarbeid
  • Teknologi i praksis

4. Fag- og timefordelinga

Valfaga skal ha eit totalt omfang på 171 timar over tre år (einingar på 60 minutt), fordelte på heile ungdomstrinnet. Skoleeigaren kan ikkje flytte timar til valfag mellom årstrinna, men må tilby valfag med 57 timar, i gjennomsnitt 1,5 veketime (av 60 minutt), på både 8., 9. og 10. årstrinn når ordninga er fullt innført.

Timar til valfaga får skolane dels gjennom nye timar ved å auke totaltimetalet, dels ved at dei andre faga, med unntak av norsk og matematikk, gir frå seg rundt 2 % av timetalet. I tillegg vil faget elevrådsarbeid bli avvikla som eit eige fag.

Netto auke av totaltimetalet blir 56 timar i ordinær fag- og timefordeling, og 55 timar i fag- og timefordeling for elevar som har teiknspråk som førstespråk. Nye timar skal innførast gradvis. Elevrådsarbeid vart avvikla som eige fag i 2012 for 8. trinn, og desse timane går da inn i opplæringa i valfaga.

Justering av timetalet i andre fag

I Meld. St. 22 (2010-2011) Motivasjon - Mestring – Muligheter varsla Kunnskapsdepartementet om at faget elevrådsarbeid skal avviklast. Dette gir 71 timar til dei nye valfaga. Sjølv om faget elevrådsarbeid er fjerna, skal elevane framleis ha tid og moglegheit til å arbeide med elevråd og elevmedverknad i opplæringa, jf. forskrift til opplæringslova § 1-4a og forskrift til privatskolelova § 2A-5a. Elevråd og medverknad skal tolkast vidt. Arbeidet må vere godkjent av skolen, og arbeid som er godkjent, skal ikkje reknast som fråvær.

Vidare varslar departementet ei omdisponering av timetal frå andre fag til valfaga. Matematikk- og norskfaget blir ikkje omfatta av denne omdisponeringa. For dei andre faga på ungdomstrinnet vil omdisponeringa innebere ein reduksjon på 2-3 %, til saman 44 timar i den ordinære fag- og timefordelinga (45 timar i timefordelinga for elevar som har teiknspråk). Vi meiner ein slik reduksjon i timetal i desse faga ikkje vil representere ei vesentleg svekking av opplæringa, fordi valfaga er utforma ved hjelp av element frå andre fag. Valfaga vil dermed samla sett bidra til å styrkje opplæring i dei andre faga. Vi ser det derfor ikkje som nødvendig å endre læreplanane sjølv om timetalet blir noko endra.

Elevar med samisk fag- og timefordeling og elevar med finsk som andrespråk

Alle elevar på 8. trinn skal ha tilbod om valfag innanfor dei rammene og læreplanane som er fastsette for valfag på ungdomstrinnet. Dette gjeld òg elevar med opplæring i samisk og elevar med opplæring i finsk som andrespråk. For skoleåret 2012/2013 gjeld det særskilde ordningar for fag- og timefordelinga for desse elevane. Vi viser til rundskriv Udir-1–2012.

Endringar i fag- og timefordelinga for elevar på 8. trinn frå skoleåret 2012/2013

Oversikta nedanfor viser ei ny fag- og timefordeling for 8. trinn frå skoleåret 2012/2013, og for heile ungdomstrinnet når valfaga er fullt innførte for 8.–10. trinn (skoleåret 2014-15). Den noverande fag- og timefordelinga finst i Udir-1-2012 vedlegg 1: Fag- og timefordelinga i grunnopplæringa - Kunnskapsløftet.

 Ordinær fag- og timefordeling for 8. årstrinn frå 2012/2013

Elevar med teiknspråk som førstespråk for 8. årstrinn frå 2012/2013

Fag Samla timetal 8.-10. årstrinn

Samla timetal 8.-10. årstrinn

RLE 153 153
Norsk 398  
Norsk som teiknspråk - 678
Matematikk 313 313
Naturfag 249 249
Engelsk 222 222
Framandspråk/språkleg fordjuping 222 222
Samfunnsfag 249 249
Kunst og handverk 146 146
Musikk 83 83
Mat og helse 83 83
Kroppsøving 223 223
Utdanningsval 110 109
Valfag* 171* 171*

* Timetalet i valfag skal fordelast med 57 timar på 8. trinn, 57 timar på 9. trinn og 57 timar på 10. trinn.

Merknader til fag- og timefordelinga

Innføringa av valfaga skjer først for elevar som begynner på 8. årstrinn i skoleåret 2012-13. Det er derfor berre 8. trinn som følgjer den nye fag- og timefordelinga i skoleåret 2012/2013. Elevar som går på 9. og 10. årstrinn dette skoleåret, skal ikkje ha valfag og har derfor ingen endringar i fag- og timefordelinga. Frå skoleåret 2013-14 vil den nye fag- og timefordelinga gjelde både 8. og 9. årstrinn. 10. årstrinn skal ikkje ha valfag dette skoleåret. Skoleåret 2014-15 vil den nye fag- og timefordelinga gjelde for heile ungdomstrinnet (8.-10. årstrinn).

5. Vurdering i valfag

Reglane om individuell vurdering i forskrift til opplæringslova kapittel 3 gjeld òg for valfag. Det er tilsvarande reglar i forskrift til privatskolelova kapittel 3. Reglane  inneber at elevane skal ha både undervegsvurdering og sluttvurdering. I undervegsvurderinga har eleven rett til løpande tilbakemeldingar om eigen kompetanse i valfag, og meldingar om kva ho eller han kan gjere for å auke sin kompetanse, jf. forskrift til opplæringslova § 3-11. Eleven skal òg ha halvårsvurdering i valfag med og utan karakter etter § 3-13 og moglegheit til eigenvurdering, jf. § 3-12. I tillegg er det viktig at måla for opplæringa, og kva som blir vektlagt i vurderinga av eleven sin kompetanse, er kjende for elevane, jf. § 3-1 fjerde ledd. Krava til undervegsvurdering er altså dei same for valfag som for alle andre fag.

Når det gjeld sluttvurderingsordninga for valfag, er ho fastsett i vurderingskapitlet i læreplanane for valfag. Det er same sluttvurderingsordning for alle valfaga. Valfag skal berre ha sluttvurdering i form av standpunktkarakter. Det er ikkje eksamen i faget.

Det er fastsett i læreplanen at elevane skal ha ein standpunktkarakter i valfag på 10. årstrinn eller på det trinnet faget blir avslutta. I denne samanhengen skal ein forstå valfag som dei ulike valfaga, dvs. produksjon for sal og scene, design og redesign, osv. Det vil seie at når eleven til dømes avsluttar valfaget design og redesign, skal det setjast ein standpunktkarakter i dette faget. I dei tilfella der eleven vel eit valfag på 8. trinn og eit anna på 9. trinn, er det sett ein standpunktkarakter i det valfaget eleven hadde på 8. trinn, til dømes forsking i praksis. Dersom eleven på 10. trinn på nytt vel forsking i praksis som valfag, vil karakteren frå 8. trinn i faget bli stroken, slik at det er standpunktkarakteren forsking i praksis på 10. trinn som skal førast på vitnemålet.

Elevane kan velje same valfag på nytt, og da blir det ikkje avslutta etter det første året. Eleven skal ha halvårsvurdering i faget når det ikkje blir avslutta. Det er viktig at skolen har gode rutinar for å avklare om elevane avsluttar eit valfag, eller om dei skal ha same valfag neste skoleår. Både for elevane og for lærarane er det viktig å vite om læraren skal setje ein standpunktkarakter eller gi ei halvårsvurdering på til dømes 8. årstrinn.

Standpunktkarakterane elevane får, er enkeltvedtak, jf. forskrift til opplæringslova § 3-17. Det vil seie at elevane skal kjenne til kva for karakter ho eller han har fått, og kva det er lagt vekt på ved fastsetjinga av standpunktkarakteren, jf. § 3-18 andre ledd.

Elevane og foreldra kan klage på standpunktkarakterar etter forskrift til opplæringslova kapittel 5, sjå særleg § 5-12. Når eleven avsluttar eit fag, har eleven eller foreldra klagerett. Elevar som er 15 år, har klagerett sjølv. Fristen for å klage er ti dagar etter at eleven vart informert om karakteren, eller ho eller han burde ha gjort seg kjend med karakteren. Det eleven eller foreldra kan klage på, er om reglane for fastsetjing av standpunktkarakteren er følgde. I denne vurderinga skal klageinstansen vurdere om reglane i forskrift til opplæringslova §§ 3-17, 3-18 og 3-3 er følgde.

Ved avslutninga av 10. årstrinn kan eleven ha hatt berre eitt valfag og éin standpunktkarakter, eller fleire valfag og fleire standpunktkarakterar. Alle standpunktkarakterane skal førast på vitnemålet, men det blir berekna eit gjennomsnitt som tel ved inntak til vidaregåande opplæring. Det vil seie at valfag ved inntak til vidaregåande opplæring i praksis er éin standpunktkarakter når elevens poengsum skal bereknast.

For vaksne som får grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1, er ikkje valfag eit av faga som krevst for å få vitnemål, jf. forskrift til opplæringslova § 4-33. Valfag inngår derfor ikkje i den ordinære fagfordelinga i grunnskoleopplæringa for vaksne. Det er derfor ingen privatistordning i faget.

6. Forskriftsfesting av rammene for valfag

Rammene for valfag er fastsett i forskrift til opplæringslova § 1-14 for dei offentlege skolane. For dei private skolane er tilsvarande regulert i forskrift til privatskolelova § 2A-10. Reglane er langt på veg likelydande. Einaste forskjellen er at ansvaret for dei offentlege skolane er lagt til skoleeigaren, og for dei private skolane til skolen. Merknadene nedanfor til forskrift til opplæringslova § 1-14 gjeld derfor også for dei private skolane med ovannemnde unntak.

Ny § 1-14

§ 1-14 Opplæring i valfag på ungdomstrinnet

Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal ha opplæring i valfag frå 8. årstrinn. Elevane kan ha same valfag på fleire trinn eller dei kan velje nytt valfag på kvart årstrinn.

Skoleeigaren pliktar å setje i gang minst to ulike valfag per skoleår ved kvar skole. Skoleeigaren avgjer kva for valfag elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.

Merknad til første ledd – Elevane sin rett til valfag

I § 1-14 første ledd første punktum er det slått fast at elevane skal ha opplæring i valfag frå 8. årstrinn. Omfanget av opplæringa er fastsett i fag- og timefordelinga. Opplæringa skal følgje læreplanen i eit av valfaga. Skolane kan ikkje velje om dei vil tilby valfag på 8. trinn. Vi minner her om innføringstakten. Når valfag er innført for 8., 9. og 10. trinn, skal elevane på alle trinn ha valfag. Det er ikkje tillate å samle alle timane til valfag på eitt trinn.

Noko av det som særpregar valfaga, er at eleven skal kunne følgje same valfag i eitt eller fleire år. I første ledd andre punktum er det fastsett at eleven kan ha det same valfaget på fleire årstrinn, eller at eleven kan ha ulike valfag. Dersom eleven vel same valfag over fleire år, er det den same læreplanen som skal brukast. Vi understrekar at dette punktumet må ein sjå i samanheng med andre ledd i regelen, og at det er skoleeigaren som avgjer kva for valfag skolen tilbyr i dei ulike opplæringsåra. Elevane har rett til opplæring i valfag, men ikkje rett til opplæring i eit bestemt valfag. Eleven har heller ikkje rett til å ha same valfag i fleire år. Årsaka til dette er at det er skoleeigaren eller skolane som avgjer kva for valfag dei ulike skolane tilbyr, og dette kan variere frå år til år. Elevane blir fordelte på dei valfaga som skolen set i gang.

Merknad til andre ledd – Skoleeigaren sitt ansvar og handlingsrom

Paragraf 1-14 andre ledd regulerer pliktene til skoleeigaren. At ansvaret i forskrifta er lagt til skoleeigaren, har samanheng med at det er skoleeigaren som har det overordna ansvaret for opplæringa, jf. opplæringslova §§ 13-1 og 13-10. Skoleeigaren kan delegere oppgåvene til skolane.

Det er i andre ledd første punktum fastsett at skoleeigaren pliktar å tilby minst to ulike valfag kvart opplæringsår på den enkelte skolen. Dette er eit minstekrav. Skoleeigaren kan tilby fleire valfag. Skoleeigarar med mange klassar per årstrinn bør òg tilby fleire ulike valfag. Ved innføringa av valfag på 8. trinn frå hausten 2012 kan skoleeigaren velje mellom åtte valfag. Kva for valfag kvar skole tilbyr, vil variere, mellom anna på grunn av ulik storleik på skolane og andre tilhøve ved skolane. Når talet på valfag per skole skal avgjerast, er det ulike omsyn som må vegast mot kvarandre. På den eine sida skal elevane ha reelle valmoglegheiter når det gjeld valfag, og dess færre valfag skolen tilbyr, dess mindre blir valfridomen. På den andre sida må omsynet til det som er praktisk mogleg ved den enkelte skolen vurderast. For små skolar kan det vere ei utfordring å tilby mange valfag. For å sikre at elevane har eit reelt val, er det forskriftsfesta at kvar skole skal setje i gang minst to ulike valfag. Skolane oppfyller ikkje kravet ved å tilby elevane to ulike valfag, for så å setje i gang berre det som er mest populært av dei to. Minimumskravet er ikkje å forstå som ei maksimumsnorm eller tilråding frå statleg hald. Vi meiner at skolar som har moglegheit til å tilby fleire valfag enn to, bør gjere det. Likevel er det overført til det lokale handlingsrommet å avgjere kva for valfag og kor mange utover minstekravet. Kva for valfag som kjem i gang, vil avhenge av lokale tilhøve. Når det skal vurderast om minstekravet er oppfylt, må ein sjå på alle årstrinna samla. Dette har samanheng med at valfaga kan aldersblandast.

I andre ledd andre punktum er det slått fast at utover kravet om minst to valfag, er det skoleeigaren som avgjer kva for valfag det blir tilbod om, og korleis opplæringa i valfag skal organiserast. Avgjerda om kva for valfag den enkelte skolen skal tilby, kan delegerast til dei enkelte skolane. Opplæringa må organiserast i samsvar med krava i opplæringslova, mellom anna § 8-2, fag- og timefordelinga og læreplanen for det aktuelle valfaget.

Fordelinga av elevane på dei ulike valfaga er ikkje enkeltvedtak. Elevens rett er knytt til valfag, ikkje til eit bestemt valfag. Dette inneber at så lenge skolen gir eleven opplæring i eitt av dei fastsette valfaga, så er elevens rett oppfylt. Skolen treng ikkje gjere enkeltvedtak om fordeling av elevane mellom dei ulike valfaga. Eleven kan ikkje klage på kva for valfag han eller ho får tildelt.

Når skoleeigaren eller skolen skal avgjere valfag for neste opplæringsår, er det rimeleg å involvere elevane. Ein viktig føresetnad for at valfaga skal kunne fungere i samsvar med intensjonane, er å involvere elevane når skolen skal avgjere kva for valfag skolen skal tilby. At elevane får reell medverknad, er viktig for at valfaga skal vere motiverande for elevane. Dette gjeld òg når skoleeigaren eller skolar må vurdere om dei skal skifte tilbodet på valfag.

7. Fag frå vidaregåande opplæring

Frå 1.8.2012 er det utvida høve for elevar på ungdomstrinnet til å ta fag frå vidaregåande opplæring, sjå forskrift til opplæringslova § 1-15. Ordninga omfattar no fleire fag. Dersom eleven skal ta fag frå vidaregåande opplæring, skal skoleeigaren gjere eit enkeltvedtak om dette.

Det er fastsett i § 1-15 at tida som er avsett til valfag, kan brukast til å ta fag frå vidaregåande opplæring. Paragraf 1-15 tredje ledd lyder:

Elevar som følgjer opplæring på vidaregåande nivå etter første ledd, kan også ta i bruk timane til valfag og inntil 60 % av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.

På vitnemålet til eleven skal det stå ein merknad om at eleven har brukt tida til valfag til å ta fag frå vidaregåande opplæring, jf. § 1-15 tredje ledd.

For dei private skolane gjeld tilsvarande etter forskrift til privatskolelova § 2A-11.

8. Tidleg start med valfag for 9. og 10. trinn

Dersom skoleeigaren ønskjer å starte med valfag på alle trinn samtidig, er det mogleg. Dette er mogleg ved at skoleeigaren tilbyr valfag til 9. trinn og 10. trinn som eit tillegg til det som følgjer av gjeldande fag- og timefordeling for desse trinna. Skoleeigaren står fritt til å tilby timar utover minstetimetalet i fag- og timefordelinga. Her er det ikkje nødvendig å søkje om forsøk.

Det andre alternativet er å søkje Utdanningsdirektoratet om forsøk etter opplæringslova § 1-4 Det er nødvendig å søkje dersom kommunen ønskjer å gjere avvik frå gjeldande fag- og timefordeling for 9. og 10. trinn, for å kunne følgje den nye fag- og timefordelinga og ta timar frå andre fag til valfaga.

Informasjon om korleis ein søkjer om forsøk, står i rundskriv Udir-3-2007 Forsøk etter opplæringsloven § 1-4 - delegasjon.

For at vi skal kunne godkjenne søknaden, må han innehalde

  • protokoll frå drøftingar med lærarorganisasjonane på den enkelte skolen og frå lærarorganisasjonane på kommunenivå
  • opplysningar om kva for skolar med kva for årstrinn som skal delta i forsøket
  • informasjon om fag- og timefordelinga
  • informasjon om korleis de tilpassar forsøket slik at inntaket til vidaregåande opplæring blir rettferdig
  • grunngiving for forsøket
  • informasjon om korleis de skal evaluere forsøket

Private skolar kan søkje om forsøk etter privatskolelova § 2-5. I ein slik søknad må skolen grunngi forsøket og leggje ved den fag- og timefordelinga det blir søkt om. Det er ein føresetnad at skolen følgjer dei offentlege læreplanane i valfaga med vurderingsordninga som følgjer av dei.