Valfag på ungdomstrinnet Udir-7-2012

Utgått

Justering av timetalet i andre fag

I Meld. St. 22 (2010-2011) Motivasjon - Mestring – Muligheter varsla Kunnskapsdepartementet om at faget elevrådsarbeid skal avviklast. Dette gir 71 timar til dei nye valfaga. Sjølv om faget elevrådsarbeid er fjerna, skal elevane framleis ha tid og moglegheit til å arbeide med elevråd og elevmedverknad i opplæringa, jf. forskrift til opplæringslova § 1-4a og forskrift til privatskolelova § 2A-5a. Elevråd og medverknad skal tolkast vidt. Arbeidet må vere godkjent av skolen, og arbeid som er godkjent, skal ikkje reknast som fråvær.

Vidare varslar departementet ei omdisponering av timetal frå andre fag til valfaga. Matematikk- og norskfaget blir ikkje omfatta av denne omdisponeringa. For dei andre faga på ungdomstrinnet vil omdisponeringa innebere ein reduksjon på 2-3 %, til saman 44 timar i den ordinære fag- og timefordelinga (45 timar i timefordelinga for elevar som har teiknspråk). Vi meiner ein slik reduksjon i timetal i desse faga ikkje vil representere ei vesentleg svekking av opplæringa, fordi valfaga er utforma ved hjelp av element frå andre fag. Valfaga vil dermed samla sett bidra til å styrkje opplæring i dei andre faga. Vi ser det derfor ikkje som nødvendig å endre læreplanane sjølv om timetalet blir noko endra.