Valfag på ungdomstrinnet Udir-7-2012

Utgått

Merknad til andre ledd – Skoleeigaren sitt ansvar og handlingsrom

Paragraf 1-14 andre ledd regulerer pliktene til skoleeigaren. At ansvaret i forskrifta er lagt til skoleeigaren, har samanheng med at det er skoleeigaren som har det overordna ansvaret for opplæringa, jf. opplæringslova §§ 13-1 og 13-10. Skoleeigaren kan delegere oppgåvene til skolane.

Det er i andre ledd første punktum fastsett at skoleeigaren pliktar å tilby minst to ulike valfag kvart opplæringsår på den enkelte skolen. Dette er eit minstekrav. Skoleeigaren kan tilby fleire valfag. Skoleeigarar med mange klassar per årstrinn bør òg tilby fleire ulike valfag. Ved innføringa av valfag på 8. trinn frå hausten 2012 kan skoleeigaren velje mellom åtte valfag. Kva for valfag kvar skole tilbyr, vil variere, mellom anna på grunn av ulik storleik på skolane og andre tilhøve ved skolane. Når talet på valfag per skole skal avgjerast, er det ulike omsyn som må vegast mot kvarandre. På den eine sida skal elevane ha reelle valmoglegheiter når det gjeld valfag, og dess færre valfag skolen tilbyr, dess mindre blir valfridomen. På den andre sida må omsynet til det som er praktisk mogleg ved den enkelte skolen vurderast. For små skolar kan det vere ei utfordring å tilby mange valfag. For å sikre at elevane har eit reelt val, er det forskriftsfesta at kvar skole skal setje i gang minst to ulike valfag. Skolane oppfyller ikkje kravet ved å tilby elevane to ulike valfag, for så å setje i gang berre det som er mest populært av dei to. Minimumskravet er ikkje å forstå som ei maksimumsnorm eller tilråding frå statleg hald. Vi meiner at skolar som har moglegheit til å tilby fleire valfag enn to, bør gjere det. Likevel er det overført til det lokale handlingsrommet å avgjere kva for valfag og kor mange utover minstekravet. Kva for valfag som kjem i gang, vil avhenge av lokale tilhøve. Når det skal vurderast om minstekravet er oppfylt, må ein sjå på alle årstrinna samla. Dette har samanheng med at valfaga kan aldersblandast.

I andre ledd andre punktum er det slått fast at utover kravet om minst to valfag, er det skoleeigaren som avgjer kva for valfag det blir tilbod om, og korleis opplæringa i valfag skal organiserast. Avgjerda om kva for valfag den enkelte skolen skal tilby, kan delegerast til dei enkelte skolane. Opplæringa må organiserast i samsvar med krava i opplæringslova, mellom anna § 8-2, fag- og timefordelinga og læreplanen for det aktuelle valfaget.

Fordelinga av elevane på dei ulike valfaga er ikkje enkeltvedtak. Elevens rett er knytt til valfag, ikkje til eit bestemt valfag. Dette inneber at så lenge skolen gir eleven opplæring i eitt av dei fastsette valfaga, så er elevens rett oppfylt. Skolen treng ikkje gjere enkeltvedtak om fordeling av elevane mellom dei ulike valfaga. Eleven kan ikkje klage på kva for valfag han eller ho får tildelt.

Når skoleeigaren eller skolen skal avgjere valfag for neste opplæringsår, er det rimeleg å involvere elevane. Ein viktig føresetnad for at valfaga skal kunne fungere i samsvar med intensjonane, er å involvere elevane når skolen skal avgjere kva for valfag skolen skal tilby. At elevane får reell medverknad, er viktig for at valfaga skal vere motiverande for elevane. Dette gjeld òg når skoleeigaren eller skolar må vurdere om dei skal skifte tilbodet på valfag.