Valfag på ungdomstrinnet Udir-7-2012

Utgått

Merknad til første ledd – Elevane sin rett til valfag

I § 1-14 første ledd første punktum er det slått fast at elevane skal ha opplæring i valfag frå 8. årstrinn. Omfanget av opplæringa er fastsett i fag- og timefordelinga. Opplæringa skal følgje læreplanen i eit av valfaga. Skolane kan ikkje velje om dei vil tilby valfag på 8. trinn. Vi minner her om innføringstakten. Når valfag er innført for 8., 9. og 10. trinn, skal elevane på alle trinn ha valfag. Det er ikkje tillate å samle alle timane til valfag på eitt trinn.

Noko av det som særpregar valfaga, er at eleven skal kunne følgje same valfag i eitt eller fleire år. I første ledd andre punktum er det fastsett at eleven kan ha det same valfaget på fleire årstrinn, eller at eleven kan ha ulike valfag. Dersom eleven vel same valfag over fleire år, er det den same læreplanen som skal brukast. Vi understrekar at dette punktumet må ein sjå i samanheng med andre ledd i regelen, og at det er skoleeigaren som avgjer kva for valfag skolen tilbyr i dei ulike opplæringsåra. Elevane har rett til opplæring i valfag, men ikkje rett til opplæring i eit bestemt valfag. Eleven har heller ikkje rett til å ha same valfag i fleire år. Årsaka til dette er at det er skoleeigaren eller skolane som avgjer kva for valfag dei ulike skolane tilbyr, og dette kan variere frå år til år. Elevane blir fordelte på dei valfaga som skolen set i gang.