5. Vurdering i valfag

Reglane om individuell vurdering i forskrift til opplæringslova kapittel 3 gjeld òg for valfag. Det er tilsvarande reglar i forskrift til privatskolelova kapittel 3. Reglane  inneber at elevane skal ha både undervegsvurdering og sluttvurdering. I undervegsvurderinga har eleven rett til løpande tilbakemeldingar om eigen kompetanse i valfag, og meldingar om kva ho eller han kan gjere for å auke sin kompetanse, jf. forskrift til opplæringslova § 3-11. Eleven skal òg ha halvårsvurdering i valfag med og utan karakter etter § 3-13 og moglegheit til eigenvurdering, jf. § 3-12. I tillegg er det viktig at måla for opplæringa, og kva som blir vektlagt i vurderinga av eleven sin kompetanse, er kjende for elevane, jf. § 3-1 fjerde ledd. Krava til undervegsvurdering er altså dei same for valfag som for alle andre fag.

Når det gjeld sluttvurderingsordninga for valfag, er ho fastsett i vurderingskapitlet i læreplanane for valfag. Det er same sluttvurderingsordning for alle valfaga. Valfag skal berre ha sluttvurdering i form av standpunktkarakter. Det er ikkje eksamen i faget.

Det er fastsett i læreplanen at elevane skal ha ein standpunktkarakter i valfag på 10. årstrinn eller på det trinnet faget blir avslutta. I denne samanhengen skal ein forstå valfag som dei ulike valfaga, dvs. produksjon for sal og scene, design og redesign, osv. Det vil seie at når eleven til dømes avsluttar valfaget design og redesign, skal det setjast ein standpunktkarakter i dette faget. I dei tilfella der eleven vel eit valfag på 8. trinn og eit anna på 9. trinn, er det sett ein standpunktkarakter i det valfaget eleven hadde på 8. trinn, til dømes forsking i praksis. Dersom eleven på 10. trinn på nytt vel forsking i praksis som valfag, vil karakteren frå 8. trinn i faget bli stroken, slik at det er standpunktkarakteren forsking i praksis på 10. trinn som skal førast på vitnemålet.

Elevane kan velje same valfag på nytt, og da blir det ikkje avslutta etter det første året. Eleven skal ha halvårsvurdering i faget når det ikkje blir avslutta. Det er viktig at skolen har gode rutinar for å avklare om elevane avsluttar eit valfag, eller om dei skal ha same valfag neste skoleår. Både for elevane og for lærarane er det viktig å vite om læraren skal setje ein standpunktkarakter eller gi ei halvårsvurdering på til dømes 8. årstrinn.

Standpunktkarakterane elevane får, er enkeltvedtak, jf. forskrift til opplæringslova § 3-17. Det vil seie at elevane skal kjenne til kva for karakter ho eller han har fått, og kva det er lagt vekt på ved fastsetjinga av standpunktkarakteren, jf. § 3-18 andre ledd.

Elevane og foreldra kan klage på standpunktkarakterar etter forskrift til opplæringslova kapittel 5, sjå særleg § 5-12. Når eleven avsluttar eit fag, har eleven eller foreldra klagerett. Elevar som er 15 år, har klagerett sjølv. Fristen for å klage er ti dagar etter at eleven vart informert om karakteren, eller ho eller han burde ha gjort seg kjend med karakteren. Det eleven eller foreldra kan klage på, er om reglane for fastsetjing av standpunktkarakteren er følgde. I denne vurderinga skal klageinstansen vurdere om reglane i forskrift til opplæringslova §§ 3-17, 3-18 og 3-3 er følgde.

Ved avslutninga av 10. årstrinn kan eleven ha hatt berre eitt valfag og éin standpunktkarakter, eller fleire valfag og fleire standpunktkarakterar. Alle standpunktkarakterane skal førast på vitnemålet, men det blir berekna eit gjennomsnitt som tel ved inntak til vidaregåande opplæring. Det vil seie at valfag ved inntak til vidaregåande opplæring i praksis er éin standpunktkarakter når elevens poengsum skal bereknast.

For vaksne som får grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1, er ikkje valfag eit av faga som krevst for å få vitnemål, jf. forskrift til opplæringslova § 4-33. Valfag inngår derfor ikkje i den ordinære fagfordelinga i grunnskoleopplæringa for vaksne. Det er derfor ingen privatistordning i faget.

{{ settings.title }}

{{ settings.thankYouPlaceholder }}