Valfag på ungdomstrinnet Udir-7-2012

Utgått

1. Innleiing

Frå hausten 2012 skal det innførast valfag på ungdomstrinnet. I dette rundskrivet informerer vi om det viktigaste skoleeigaren og skolane må ha kjennskap til om valfag på ungdomstrinnet. Vi informerer her om rammene for valfag, mellom anna om

  • kva for læreplanar som er fastsette
  • endringar i fag- og timefordelinga
  • sluttvurderingsordninga i valfag
  • korleis ein skal forstå forskriftsreglane om valfag

Valfaga skal innførast gradvis. Hausten 2012 blir det innført valfag for 8. årstrinn, hausten 2013 for 9. årstrinn, og hausten 2014 for 10. årstrinn. Dette inneber at endringane som tek til å gjelde frå 1.8.2012, berre gjeld for 8. årstrinn.

Innføringa av valfag gjeld òg for private skolar som er godkjende etter privatskolelova. Det er fastsett ein ny § 2A-10 i forskrift til privatskolelova. For private skolar som ønskjer å få godkjent andre valfag eller læreplanar som på ein annan måte tek vare på valfag, må vi vurdere dette konkret, jf. privatskolelova § 2-3, og vurdere om skolens læreplanar sikrar jamgod opplæring.

Nedanfor omtaler vi først læreplanane for valfag, deretter fag- og timefordelinga, vurderinga og forskriftsreglane om valfag mv. Til avslutning skisserer vi rammene for tidleg start med valfag på 9. og 10. trinn.