Valfag på ungdomstrinnet Udir-7-2012

Utgått

3. Læreplanane

Frå og med skoleåret 2012/2013 har Kunnskapsdepartementet fastsett læreplanar for åtte valfag. Vi har vidare fått i oppdrag å utvikle sju nye læreplanar i valfag, som skal takast i bruk frå skoleåret 2013/2014.

Læreplanane er fastsette som forskrift og beskriv det faglege innhaldet i opplæringa. Valfaga skal bidra til at elevane, kvar for seg og i fellesskap, styrkjer lysta til å lære og opplever meistring gjennom praktisk og variert arbeid. Valfaga er tverrfaglege og skal bidra til heilskap og samanheng i opplæringa. Nokre av faga skal vere prosjektbaserte. Dette inneber eit arbeid med eit tema som blir utvikla over kortare eller lengre tid, og som består av ulike fasar, for eksempel idéfase, planlegging, gjennomføring/presentasjon og evaluering.

Læreplanane i valfag beskriv eitt års opplæring og skal kunne brukast på alle årstrinn på ungdomstrinnet. Dei skal òg kunne brukast av aldersblanda elevgrupper. Innhaldet må tilpassast lokalt på bakgrunn av dei nasjonale læreplanane.

Læreplanane er publiserte på vår nettside. Det er utarbeidd rettleiingar til alle valfaga, og dei blir klare til skolestart hausten 2012. Det skal ikkje vere tilbod om andre valfag enn dei som er fastsette av Kunnskapsdepartementet.