Kompetansemål og vurderingMatematikk 1–10 (MAT01‑05)

Samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 8. trinn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke
    potensar og kvadratrøter i utforsking og problemløysing og argumentere for framgangsmåtar og resultat
  • utvikle
    og kommunisere strategiar for hovudrekning i utrekningar
  • utforske
    og
    beskrive
    primtalsfaktorisering og
    bruke
    det i brøkrekning
  • utforske
    algebraiske reknereglar
  • beskrive
    og generalisere mønster med eigne ord og algebraisk
  • lage og løyse problem som omhandlar samansette måleiningar
  • lage og forklare rekneuttrykk med tal, variablar og konstantar knytte til praktiske situasjonar
  • lage, løyse og forklare likningar knytte til praktiske situasjonar
  • utforske
    , forklare og
    samanlikne
    funksjonar knytte til praktiske situasjonar
  • representere funksjonar på ulike måtar og vise samanhengar mellom representasjonane
  • utforske
    korleis algoritmar kan skapast, testast og forbetrast ved hjelp av programmering

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i matematikk. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget på 8. trinn når dei utforskar og generaliserer matematiske samanhengar algebraisk. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei utforskar i praktiske samanhengar og omset mellom representasjonsformer i problemløysing og modellering. Vidare viser og utviklar dei kompetanse i matematikk når dei resonnerer over og argumenterer for framgangsmåtar og løysingar.

Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får utforske matematikk og løyse matematiske problem gjennom å bruke strategiar, vere kreative, resonnere og reflektere. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i matematikk. Elevane skal få høve til å prøve og feile. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i å sjå samanhengar i funksjonar og algebra, kompetansen sin i problemløysing og kompetansen sin i å argumentere for løysingar.