Kroppsøving (KRO01‑05)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I kroppsøving handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å fremje god psykisk og fysisk helse og gi elevane verktøy til å ta ansvarlege livsval. Faget skal fremje eit positivt sjølvbilete som kan gi elevane ein trygg identitet. Faget skal medverke til at elevane får kunnskap om ulike perspektiv på bevegelsesaktivitetar og helse. Elevane skal òg lære å forvalte helse som ressurs på ein måte som gagnar den enkelte, og lære å ta val som er gode for eiga og andre si helse gjennom livet.
Tilknytte kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske eigen kroppsleg bevegelse i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre
- utforske og gjennomføre grunnleggjande bevegelsar som å krype, gå, springe, hinke, satse, lande, vende og rulle i ulike miljø ut frå eigne føresetnader
- leike og utføre grunnleggjande øvingar med tilvenning til vatn, som å dykke, flyte, gli, skape framdrift, hoppe uti og orientere seg i vatn
- utforske naturen i nærmiljøet med varierte aktivitetar til ulike årstider
- øve på trygg ferdsel i trafikken
- øve på trygg ferdsel ved vatn og på å kunne tilkalle hjelp
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske og gjennomføre leikar, idrettsaktivitetar, dansar og andre bevegelsesaktivitetar
- bruke kroppen til å utforske aktivitetar og utvikle grunnleggjande bevegelsar
- vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land
- forstå kroppsleg ulikskap mellom seg sjølv og andre, og inkludere andre i ulike bevegelsesaktivitetar
- utforske uteaktivitetar og samarbeide med andre under vekslande årstider i nærmiljøet
- øve på trygg og sporlaus ferdsel i naturen
- forstå og følgje reglar i trafikken
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- øve på samansette bevegelsar, åleine og saman med andre
- gjennomføre aktivitetar ut frå eigne interesser og føresetnader i dans, friluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
- bruke kart, digitale verktøy og teikn i naturen til å orientere seg i natur og nærmiljø
- forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine
- utføre grunnleggjande teknikkar i symjing på magen, på ryggen og under vatn
- vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske eigne moglegheiter til trening, helse og velvære gjennom leik, dans, friluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
- trene på og utvikle ferdigheiter i varierte bevegelsesaktivitetar
- øve på og gjennomføre danseaktivitetar frå ungdomskulturar og andre kulturar, og saman med medelevar skape og presentere dansekomposisjonar
- reflektere over korleis ulike framstillingar av kropp i media og samfunnet påverkar bevegelsesaktivitet, kroppsidentitet og sjølvbilete
- planleggje og gjennomføre bevegelsesaktivitetar som kan gjennomførast ved skadar eller sjukdom
- anerkjenne ulikskap mellom seg sjølv og andre i bevegelsesaktivitetar og inkludere alle, uavhengig av føresetnader
- forstå fleire typer kart og digitale verktøy og bruke dei til å orientere seg i kjende og ukjende miljø
- utføre varierte symjeteknikkar og kunne symje ein lengre distanse basert på eiga målsetjing
- gjennomføre friluftsliv til ulike årstider, òg med overnatting ute, og reflektere over kva naturopplevingar kan ha å seie for ein sjølv og andre
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- trene på og skape nye variantar av leik, bevegelsesaktivitet og dans saman med andre
- planleggje og gjennomføre metodar for øving og trening for å oppnå individuelle mål, òg når ein ikkje fullt ut kan delta i aktiviteten
- førebyggje skadar ved bevegelsesaktivitetar og utføre grunnleggjande førstehjelp
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjennomføre leikar, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar og forstå korleis ulike aktivitetar påverkar og utviklar koordinasjon, styrke, uthald og bevegelegheit
- utføre trening på eiga hand og reflektere over korleis fysisk aktivitet kan fremje god psykisk og fysisk helse og bidra til ein helsefremjande livsstil etter avslutta skulegang og i framtidig arbeidsliv
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- øve på og utvikle kunnskapar og ferdigheiter i ulike bevegelsesaktivitetar ut frå eigne føresetnader
- planleggje, gjennomføre og vurdere eigentrening og forklare korleis dette kan medverke til ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil etter avslutta skulegang
- beskrive og drøfte samanhengar mellom bevegelse, kropp, trening og helse i samfunnet
Demokrati og medborgarskap
I kroppsøving handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å fremje evne til samspel i aktivitetar og refleksjon over kva eiga deltaking og eigen innsats inneber for samspel og læring i faget. Faget skal medverke til at elevane får kunnskap om og forståing av demokratiske verdiar og spelereglar gjennom medverknad og medansvar i deltaking og samarbeid. Faget skal òg gi rom for å øve opp kritisk tenking og lære å handtere meiningsbrytingar og respektere usemje.
Tilknytte kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- leike og vere med saman med andre i aktivitet i varierte bevegelsesmiljø
- forstå og praktisere enkle reglar for samspel i ulike bevegelsesaktivitetar
- forstå og praktisere turreglar og bruke klede etter vêr og forhold i naturen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske og gjennomføre leikar, idrettsaktivitetar, dansar og andre bevegelsesaktivitetar
- forstå og bruke reglar for samhandling i spel og bevegelsesaktivitetar
- forstå kroppsleg ulikskap mellom seg sjølv og andre, og inkludere andre i ulike bevegelsesaktivitetar
- utforske uteaktivitetar og samarbeide med andre under vekslande årstider i nærmiljøet
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske og gjennomføre leik og spel saman med andre i ulike bevegelsesaktivitetar
- forstå og praktisere reglar for aktivitet og spel og respektere resultata
- forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- øve på og gjennomføre danseaktivitetar frå ungdomskulturar og andre kulturar, og saman med medelevar skape og presentere dansekomposisjonar
- bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar på ein slik måte at det kan medverke til framgang for andre
- anerkjenne ulikskap mellom seg sjølv og andre i bevegelsesaktivitetar og inkludere alle, uavhengig av føresetnader
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar til å samarbeide og bidra til å gjere andre gode i aktivitet og samspel
- bruke kart og digitale verktøy på ein måte som sikrar trygg ferdsel for seg sjølv og for andre
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- praktisere reglar for å delta i ulike bevegelsesaktivitetar og medverke til læring for andre
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- samarbeide om å løyse praktiske oppgåver i eit læringsfellesskap og ut frå øving og aktivitet reflektere over korleis eigen medverknad kan påverke andre
Berekraftig utvikling
I kroppsøving handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om naturopplevingar med vekt på trygg og berekraftig ferdsel. Faget skal medverke til forståing for at vala den enkelte gjer, har betydning og konsekvensar for berekraftig utvikling og vern av livet på jorda både lokalt, regionalt og globalt.
Tilknytte kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- forstå og praktisere turreglar og bruke klede etter vêr og forhold i naturen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- øve på trygg og sporlaus ferdsel i naturen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn
- bruke nærmiljøet og utforske lokale kulturar for friluftsliv
- gjere greie for allemannsretten under ferdsel og opphald i naturen
- gjennomføre overnattingstur og reflektere over eigne naturopplevingar
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- vurdere risiko og tryggleik ved ulike uteaktivitetar, forstå og gjennomføre sporlaus og trygg ferdsel
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke kart og digitale verktøy på ein måte som sikrar trygg ferdsel for seg sjølv og for andre
- bruke lokale tradisjonar for ferdsel i naturen under vekslande årstider
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- praktisere berekraftig ferdsel i naturen og kunne gjennomføre friluftsliv i nærområdet
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje og gjennomføre uteaktivitetar og friluftsliv i nærområdet