Kompetansemål og vurderingKroppsøving (KRO01‑05)

Samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 4. trinn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske
    og
    gjennomføre
    leikar, idrettsaktivitetar, dansar og andre bevegelsesaktivitetar
  • bruke
    kroppen til å
    utforske
    aktivitetar og
    utvikle
    grunnleggjande bevegelsar
  • øve
    på og
    bruke
    basisferdigheiter som å føre, kaste, sprette, sparke og ta imot ball i ulike bevegelsesaktivitetar
  • vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land
  • forstå
    og
    bruke
    reglar for samhandling i spel og bevegelsesaktivitetar
  • forstå
    kroppsleg ulikskap mellom seg sjølv og andre, og inkludere andre i ulike bevegelsesaktivitetar
  • utforske
    uteaktivitetar og
    samarbeide
    med andre under vekslande årstider i nærmiljøet
  • lage og
    bruke
    kart for å orientere seg i kjent terreng
  • øve
    på trygg og sporlaus ferdsel i naturen
  • forstå
    og følgje reglar i trafikken

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kroppsøving på 3. og 4. trinn når dei deltek i og øver for å lære i ulike bevegelsesaktivitetar, samarbeider og inkluderer andre i leik og samspel og utforskar uteaktivitetar under vekslande årstider i nærmiljøet.

Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte bevegelsesaktivitetar som elevane gjer åleine og saman med andre, og når dei øver på å vurdere eige arbeid i kroppsøving. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kroppsøving. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i bevegelsesaktivitet, symjing, leik og samspel og uteaktivitet.