Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 10. trinn

  • utforske
    eigne moglegheiter til trening, helse og velvære gjennom leik, dans, friluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
  • trene
    på og utvikle
    ferdigheiter i varierte bevegelsesaktivitetar
  • øve
    på og gjennomføre
    danseaktivitetar frå ungdomskulturar og andre kulturar, og saman med medelevar skape og presentere
    dansekomposisjonar
  • reflektere
    over korleis ulike framstillingar av kropp i media og samfunnet påverkar bevegelsesaktivitet, kroppsidentitet og sjølvbilete
  • planleggje
    og gjennomføre
    bevegelsesaktivitetar som kan gjennomførast ved skadar eller sjukdom
  • bruke
    eigne ferdigheiter og kunnskapar på ein slik måte at det kan medverke til framgang for andre
  • anerkjenne ulikskap mellom seg sjølv og andre i bevegelsesaktivitetar og inkludere alle, uavhengig av føresetnader
  • forstå
    fleire typer kart og digitale verktøy og bruke
    dei til å orientere seg i kjende og ukjende miljø
  • utføre varierte symjeteknikkar og kunne symje ein lengre distanse basert på eiga målsetjing
  • forstå
    og gjennomføre
    livberging i, på og ved vatn ute i naturen
  • forstå
    og gjennomføre
    livreddande førstehjelp
  • gjennomføre
    friluftsliv til ulike årstider, òg med overnatting ute, og reflektere
    over kva naturopplevingar kan ha å seie for ein sjølv og andre
  • vurdere
    risiko og tryggleik ved ulike uteaktivitetar, forstå
    og gjennomføre
    sporlaus og trygg ferdsel

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering