Tverrfaglege temaSamfunnsfag (SAF01‑04)

Folkehelse og livsmeistring

I samfunnsfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at elevane skal bli bevisste på sin eigen identitet og si eiga identitetsutvikling og forstå individet som ein del av ulike fellesskap. Innsikt i korleis relasjonar og tilhøyrsle blir påverka av samhandling med andre, òg digitalt, er ein del av kompetansen i faget. Faget skal bidra til at elevane kan gjere gode livsval og handtere utfordringar knytte til seksualitet, personleg økonomi, rus, utanforskap og digital samhandling. Faget skal òg bidra til å skape forståing, respekt og toleranse for mangfald og andre sine verdiar og livsval, og gi perspektiv på kva eit godt liv kan vere. Gjennom faget skal elevane kunne identifisere område der menneskeverdet blir utfordra, til dømes i samband med menneskehandel og slaveri i vår tid, og peike på tiltak for å verne om dei grunnleggjande behova menneske har. 

Demokrati og medborgarskap

I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at elevane utviklar kunnskapar og ferdigheiter for å kunne skape og delta i demokratiske prosessar. Faget skal bidra til at elevane utviklar kunnskap om og innsikt i demokratiske verdiar og prinsipp. Gjennom arbeid med samfunnsfag skal elevane tenkje kritisk, ta ulike perspektiv, handtere meiningsbryting og vise aktivt medborgarskap. Samfunnsfag skal bidra til at elevane kan delta i og vidareutvikle demokratiet og førebyggje ekstreme haldningar, ekstreme handlingar og terrorisme. Kunnskap om terrorhandlinga i Noreg 22. juli 2011 skal inngå i opplæringa om dette.

Berekraftig utvikling

I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at elevane forstår samanhengen mellom dei sosiale, økonomiske og miljømessige forholda ved berekraft. Kunnskap om samanhengar mellom natur og samfunn, om korleis menneska påverkar klima og miljø, og om korleis levekår, levesett og demografi heng saman, bidreg til denne forståinga. I samfunnsfag skal elevane reflektere over og drøfte dilemma og spenningsforhold knytte til dei ulike dimensjonane ved berekraftig utvikling og sjå at handlingar på både individ- og samfunnsnivå har betydning.