Samfunnsfag (SAF01‑04)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 10. trinn

  • bruke
    samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar,
    presentere
    funn ved bruk av digitale verktøy og
    drøfte
    kor gyldige og relevante funna er
  • vurdere
    på kva måtar ulike kjelder gir informasjon om eit samfunnsfagleg tema, og
    reflektere
    over korleis algoritmar, einsretta kjelder eller mangel på kjelder kan prege forståinga vår
  • drøfte
    korleis framstillingar av fortida, hendingar og grupper har påverka og påverkar haldningane og handlingane til folk
  • utforske
    korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og
    drøfte
    innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur
  • reflektere
    over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
  • samanlikne
    korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag
  • gjere greie for
    årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og
    reflektere
    over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane
  • gjere greie for
    årsaker til og konsekvensar av terrorhandlingar og folkemord, som holocaust, og
    reflektere
    over korleis ekstreme haldningar og ekstreme handlingar kan førebyggjast
  • utforske
    og
    beskrive
    korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd
  • gjere greie for
    fornorsking av samane og dei nasjonale minoritetane og uretten dei har vore utsette for, og
    reflektere
    over kva konsekvensar det har hatt og har på individ- og samfunnsnivå
  • beskrive
    ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og
    presentere
    tiltak for meir berekraftige samfunn
  • vurdere
    korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet
  • reflektere
    over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og
    drøfte
    moglegheiter og utfordringar ved mangfald
  • utforske
    og
    reflektere
    over eigne digitale spor og høvet til å få sletta spora og å verne om retten ein sjølv og andre har til privatliv, personvern og opphavsrett
  • reflektere
    over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og
    presentere
    forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
  • reflektere
    over kva for aktørar som har makt i samfunnet i dag, og korleis desse grunngir standpunkta sine
  • utforske
    ulike plattformer for digital samhandling og
    reflektere
    over korleis digital deltaking og samhandling påverkar forma på og innhaldet i samfunnsdebatten
  • beskrive
    sentrale lover, reglar og normer og
    drøfte
    kva konsekvensar brot på desse kan ha for den enkelte og for samfunnet på kort og lang sikt
  • beskrive
    trekk ved det politiske systemet og velferdssamfunnet i Noreg i dag og
    reflektere
    over sentrale utfordringar

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering