Kompetansemål og vurderingSamfunnsfag (SAF01‑04)

Samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 7. trinn

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjennomføre
    ei samfunnsfagleg undersøking og
    presentere
    resultata ved hjelp av eigna digitale verktøy
  • presentere
    ei aktuell nyheitssak og
    reflektere
    over forskjellar mellom fakta, meiningar og kommersiell bodskap i mediebiletet
  • samanlikne
    korleis ulike kjelder kan gi ulik informasjon om same tema, og
    reflektere
    over korleis kjelder kan brukast til å påverke og fremje bestemte syn
  • utforske
    korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster
  • beskrive
    geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og
    reflektere
    over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der
  • reflektere
    over kvifor konfliktar oppstår, og
    drøfte
    korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
  • utforske
    ulike sider ved mangfald i Noreg og
    reflektere
    over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
  • drøfte
    kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og
    utvikle
    forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
  • samtale om menneske- og likeverd og
    samanlikne
    korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
  • utforske
    hovudtrekk ved historia til samane og dei nasjonale minoritetane i Noreg og
    presentere
    rettar samane og dei nasjonale minoritetane i Noreg har i dag
  • reflektere
    over korleis kommersiell påverknad kan verke inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilete
  • utforske
    og
    presentere
    ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og
    utvikle
    forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
  • reflektere
    over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling, og
    drøfte
    kva det vil seie å
    bruke
    dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser
  • reflektere
    over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og
    drøfte
    kva ein kan gjere om grenser blir brotne
  • beskrive
    sentrale hendingar som har ført fram til det demokratiet vi har i Noreg i dag og
    samanlikne
    korleis enkeltmenneske har høve til å påverke i ulike styresett
  • gi døme på kva lover, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og
    reflektere
    over konsekvensar av å bryte dei
  • reflektere
    over korleis møte mellom menneske har bidrege til å endre korleis menneske har tenkt og ulike samfunn har vore organiserte

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i samfunnsfag på 5., 6. og 7. trinn når dei utforskar og viser forståing av samanhengar mellom historie, geografi og samfunnskunnskap. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei undersøkjer og presenterer samfunnsfaglege spørsmål, reflekterer over moglege svar på spørsmål om fortid, notid og framtid og vurderer korleis ulike kjelder kan gi ulik informasjon. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei reflekterer over seg sjølve og andre som ein del av ulike fellesskap og korleis dei kan vere med på å påverke samfunnet. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei bruker digitale verktøy og digital dømmekraft i arbeid med faget. 

Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom munnlege, skriftlege, praktiske og digitale måtar å arbeide med faget på. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i samfunnsfag. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i samfunnsfag.