Musikk (MUS01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 4. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utøve og utforskeeit repertoar av songar og dansar frå ulike musikkulturar, inkludert samisk musikkultur
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- synge og spele på instrument åleine og saman med andre ved bruk av gehør og enkel notasjon
- eksperimenter med rytmar, melodiar og andre grunnelement, setje saman mønster til komposisjonar, òg ved bruk av digitale verktøy, og beskrivearbeidsprosessar og resultat
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- formidle eigne musikkopplevingar og beskriver bruk av musikalske verkemiddel ved hjelp av enkle fagomgrep
- samtale om og reflektereover korleis musikk skaper stemning når han blir brukt i ulike sosiale samanhengar
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i musikk på 3. og 4. trinn når dei syng, utøver og lagar musikk, gir enkle beskrivingar av eigne arbeidsprosessar og av det dei har utøvd og laga, beskriv og formidlar eigne musikkopplevingar og utviklar forståing av kva betydning musikken, songen og dansen har.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får eksperimentere og bruke fantasi og kreativitet. Læraren og elevane skal vere i dialog om elevane si utvikling i musikk. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse i faget.