Musikk (MUS01‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Musikk er eit sentralt fag for skaparkraft, kulturforståing og identitetsutvikling. Gjennom faget får elevane grunnlag til å delta i musikk i eit livslangt perspektiv. I faget musikk utviklar elevane kompetanse i spel, song og dans, i å lage musikk og i å forme og forstå eit mangfald av uttrykk. Faget skal bidra til at elevane forstår korleis musikk både spring ut av kulturar, skaper kultur og bidreg til samfunnsendringar, og elevane skal få erfare at musikk kan bidra til livskvalitet. Faget musikk skal førebu elevane på deltaking i eit samfunns- og arbeidsliv som har behov for praktiske og estetiske ferdigheiter, kreativitet og sosial samhandling.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Gjennom faget musikk skal elevane utvikle dei estetiske, kreative og skapande evnene sine og få moglegheit til å uttrykkje seg. Faget skal leggje til rette for musikkglede og meistringskjensle, og elevane skal få erfare at eiga stemme betyr noko i fellesskapet. I musikk skal elevane møte eit mangfald av kunstnarlege og kulturelle uttrykk som opnar dører til større fellesskap. Møte med levande musikk er ein naturleg del av dette, og elevane skal få oppleve at folkemusikk og samisk musikkultur er viktige delar den felles kulturen og kulturarven vår.