Oppfølging av resultata på gruppenivå
Vi anbefaler at de tek utgangspunkt i resultatet for skolen, ikkje berre for den enkelte elevgruppa. Det er lettare å få i gang ein diskusjon i ei mindre gruppe dersom ein tek for seg dei samla resultata. Hugs at læringsmiljøet gjeld heile skolen og ikkje berre miljøet i klassen eller gruppa. Drøft om gruppa kjenner seg att i resultatet for skolen som heilskap. Gi tilbakemeldingane til dei som er ansvarlege for å følgje opp resultata.
Oppfølging av resultata på skolen
Vi anbefaler at elevrådet, ei gruppe lærarar og andre tilsette og skoleleiinga analyserer resultata i fellesskap. Foreldrerepresentantar bør òg trekkjast inn.
Kvar gruppe foreslår på bakgrunn av analysen av resultata eit til tre forbetringsområde. Val av forbetringsområde bør baserast på kunnskap om kva for faktorar som er grunnleggjande for å utvikle og halde ved like eit godt læringsmiljø.
Arbeid med skolemiljø
Tiltak i skolemiljøsaker
Nasjonale forskingsrapportar baserte på Elevundersøkinga og omtale av læringsmiljø i Udirs statistikkbank og i analysebretta for grunnskole og videregående skole kan òg gi idear.
Forslaga til forbetringsområde blir drøfta av alle elevar, tilsette og foreldrerepresentantar. Skoleleiinga vel ut dei som skolen skal inkludere i sine utviklings- eller verksemdsplanar.
Bli einige om konkrete tiltak for å forbetre kvaliteten på dei valde områda. Det skal komme klart fram når tiltaka skal gjennomførast, på kva måte tiltaka skal evaluerast, og kven som har ansvaret for at dei blir gjennomførte.
Når undersøkinga blir gjennomført på nytt, kan de sjå om praksis er forbetra på dei valde områda.
Informasjon frå ulike verktøy må ein sjå i samanheng
Informasjonen frå undersøkingane er berre éi av fleire kjelder til informasjon som skolen har til rådvelde. Ein del av spørsmåla i Foreldreundersøkinga kan samanliknast direkte med tilsvarande spørsmål i Elevundersøkinga og Lærarundersøkinga. For å få eit best mogleg grunnlag for å setje i verk dei mest relevante tiltaka bør ein sjå informasjon frå fleire kjelder i samanheng. Informasjon om ressursbruk, læringsmiljø og resultat må tolkast og brukast samla. Skoleleiinga er ansvarleg for å leggje opp til prosessar som inkluderer lærarar, elevar og foreldre i skolens systematiske arbeid med å forbetre skolens kvalitet. Dette er omtalt i opplæringslova kapittel 9A og kapittel 11.
Ståstadsanalysen
Det er mogleg å bruke resultata frå undersøkingane inn i ein ståstadsanalyse. Ståstadsanalysen er eit verktøy for kvalitetsvurdering og skoleutvikling. Målet er å skape felles refleksjon over skolens praksis og bli einige om kva for område skolen må prioritere i utviklingsarbeidet sitt.
Mobbing
Det er ikkje alltid at Elevundersøkinga greier å avdekkje den mobbinga som skjer på skolen. Forsking viser at det skjer mykje skjult mobbing, og i nokre miljø er det mykje underrapportering. Eit teikn på at det kan skje mykje mobbing, er at mange elevar i Elevundersøkinga svarer at dei «av og til» blir mobba.
Alle skolar kan ha nytte av å undersøkje skolemiljøet litt grundigare. Det er best å gjere dette på klassenivå.
Foreldreundersøkinga
Kvifor bør skolen gjennomføre Foreldreundersøkinga?
Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen både for å styrkje utviklinga av eit godt læringsmiljø og for å skape gode læringsresultat. Direktoratet anbefaler at skoleleiinga presenterer innhaldet i Foreldreundersøkinga for FAU/SU, og gjer greie for korleis undersøkinga og arbeidet med undersøkinga kan gå inn i arbeidet med å vidareutvikle skolen. Ein diskusjon om ein skal eller ikkje skal gjennomføre Foreldreundersøkinga, kan i seg sjølv bidra til å halde ved like eit allereie godt forhold mellom skolen og heimane. Alternativt kan ein slik diskusjon vere ein mogleg veg å gå for å betre relasjonen.
Det er mange måtar å gjere dette på; her blir éin variant skissert.
Før møtet i FAU/SU
Meld inn undersøkinga som sak på FAU/SU-møte. Legg ved lenkje til spørsmåla i undersøkinga og anbefal FAU/SU-representantane om å lese gjennom spørsmåla før møtet.
Vurder også om det er føremålstenleg samtidig å informere foreldra om skolens arbeid med å førebu, gjennomføre og følgje opp resultata frå Elevundersøkinga. Ein del tema og spørsmål i Elevundersøkinga og Foreldreundersøkinga kan ein med fordel sjå i samanheng.
Før FAU/SU-møtet er det viktig at skoleleiinga sjølv reflekterer over om det er behov for å gjennomføre Foreldreundersøkinga, og kva for spørsmål som eventuelt kunne vere relevante å ha med.
- Kva er grunngivinga for å gjennomføre undersøkinga?
- Kva er grunngivinga for å ta med dei valde spørsmåla?
- Korleis kan FAU/SU og andre trekkjast inn i oppfølgingsarbeidet?
- Har skolen tidlegare gjennomført Foreldreundersøkinga?
- Kva for erfaringar gjorde ein seg eventuelt da?
Viktig å få presisert og avklart på FAU/SU-møtet
Informer foreldrerepresentantane om at skolen kan nytte Foreldreundersøkinga dersom det er ønskjeleg, og at skolen sjølv kan bestemme kva for temabolkar i undersøkinga som skal takast med. Det er vidare mogleg å setje ein lokal frist for å svare på undersøkinga, men ho må gjennomførast innanfor bestemte periodar haust og vår.
Det er frivillig for foreldra å svare, og det er mogleg å hoppe over spørsmål ein ikkje ønskjer å svare på.
- Ønskjer FAU/SU å gjennomføre Foreldreundersøkinga? Kvifor?
- Kva for temabolkar med spørsmål er det eventuelt interesse for å ha med i undersøkinga?
For å få ein høgast mogleg svarprosent er det mellom anna viktig at undersøkinga ikkje inneheld for mange spørsmål. Ta berre med spørsmålsbolkar de planlegg å følgje opp resultata frå i etterkant. Hugs at det er mogleg å gjennomføre Foreldreundersøkinga både vår og haust, så det kjem fleire moglegheiter.
Direktoratet anbefaler at foreldra kan svare på Foreldreundersøkinga ein gong per barn.
FAU/SU bør lage ein plan for å informere om og motivere foreldra til å svare på Foreldreundersøkinga. Ei moglegheit er å sende dei utvalde spørsmåla og grunngivinga for å ha dei med til klassekontakten. Alternativt eller i tillegg kan det vere ein idé å presentere spørsmåla og grunngivinga i plenum på eit foreldremøte.
Enkelte skolar har god erfaring med å ha pc-ar og innloggingsinformasjon til undersøkinga tilgjengeleg i samband med utviklingssamtalar/konferansetimar eller foreldremøte. Det har gitt god deltaking og eit større engasjement.
Skoleeigaren bør vurdere om det er føremålstenleg å koordinere ei gjennomføring av Foreldreundersøkinga på alle skolane. Dersom skolane til dømes gjennomfører Foreldreundersøkinga med dei same spørsmålsbolkane, kan skoleeigaren leggje til rette for erfaringsutveksling og kunnskapsutvikling om skole-heim-samarbeid i rektorkollegiet. Det kan òg være relevant å samarbeide med kommunale foreldreutval (KFU), dersom det organet er etablert i kommunen.
Korleis følgje opp resultata etter gjennomføringa?
Kor høg vart svarprosenten? Kva bør han vere? Slike spørsmål er til ein viss grad interessante, men det er viktig å ikkje bruke for mykje tid på desimalar og statistikk. Det viktigaste med resultata frå undersøkinga er å få til samtalar om ulike forhold som vi kan arbeide med på skolen. Kom raskast mogleg i gang med samtalen om ulike tema i Foreldreundersøkinga, og kva for annan informasjon de har om temaet.
Moglege spørsmål å jobbe ut frå:
- Kva viser resultata frå Foreldreundersøkinga?
- Kva for annan informasjon har vi tilgjengeleg frå til dømes Elevundersøkinga og munnlege kjelder? Ønskjer vi å gjere noko med det?
- Kva for tiltak kan vere aktuelle å ta i bruk?
- Meir informasjon, eige foreldremøte, føredragshaldar eller liknande?
- Kven skal vere ansvarleg for at vedtaket blir følgt opp?
- Når skal vi vurdere om situasjonen er forbetra?
- Kven gjer det?
Eit døme
Dersom de får ein høg svarprosent, kan vi gå ut frå at svara er representative for alle foreldra som vart inviterte til å svare. Men kva dersom få foreldre har svart? Kan vi likevel bruke resultata dersom til dømes berre 10 prosent av dei inviterte svarte? Ja, det kan de, men med ein låg svarprosent er ikkje resultata representative. Resultata er likevel ei kjelde til informasjon om temaet ein prøvde å kartleggje. Vi kan alltid spørje oss sjølve om svara som er komne inn, skisserer ein ønskt eller uønskt situasjon.
Ein skole var interessert i å kartleggje korleis foreldra opplevde skolens handtering av mobbing. Resultatet vart slik:
Mobbing på skolen
|
Helt enig
|
Litt enig
|
Verken enig eller uenig
|
Litt uenig
|
Helt uenig
|
Vet ikke
|
Skolen håndterer mobbing av elever på en god måte
|
31,9%
|
23,1%
|
12,2%
|
7,3%
|
4,1%
|
21,3%
|
- Er resultatet som forventa?
- Kvar på skalaen ønskjer vi at foreldra skal krysse av?
- Kva kan vi gjere for å få det til?
I FAU/SU kan skolens leiing og foreldrerepresentantane diskutere om svara er som forventa. Har vi annan informasjon som tilseier noko anna? I tillegg bør dei drøfte om tilstanden som kjem fram i resultata frå Foreldreundersøkinga og annan informasjon som er tilgjengeleg, beskriv ein ønskt situasjon. Er det slik vi vil ha det på denne skolen? Kva for tiltak kan vi eventuelt setje inn for å endre situasjonen? Kven følgjer opp tiltaket, og når evaluerer vi resultatet? Kven evaluerer?
Tilsvarande vurderingar kan og bør gjerast for alle andre spørsmål som foreldra har fått. Motivasjonen for å svare på ein ny invitasjon til Foreldreundersøkinga avheng til ein viss grad av oppfølginga av tidlegare gjennomførte undersøkingar. Det er derfor viktig at skolen og FAU/SU får synliggjort kva for tiltak som er sette inn etter ei gjennomføring, og at dei blir følgde opp og evaluerte.