Forskrift til opplæringslova
§ 4-13 Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål
Deltakarar kan søkje om å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål om dei
- har problem med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller
- ikkje har gått i norsk grunnskole på ungdomstrinnet, eller
- i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har hatt rett til særskild språkopplæring.
Deltakarar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.
Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan givast sjølv om ein ikkje lenger er deltakar i faget. Skoleeigar skal stryke standpunktkarakter og eksamenskarakter i faget om fritak frå vurdering med karakter er innvilga.
Avgjerda er eit enkeltvedtak. Den skoleeigaren som har ansvar for å skrive ut vitnemål skal fatte enkeltvedtaket.
Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 14 nov 2022 nr. 1959.