Forskrift til opplæringslova
§ 4-14 Om eksamen
Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt deltakar eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 4-3. Eksamen skal gi deltakaren eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.
Om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingstid i faget og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt er fastsett i læreplanen i kvart fag i vidaregåande opplæring. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere i grunnskolen for både deltakarar og privatistar, og kor mange eksamenar det skal vere på kvart årstrinn i vidaregåande opplæring.
Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle og etter søknad gi kommunen høve til å arrangere lokalt gitt eksamen for privatistar på andre tider av året enn ordinær eksamen.
Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).