Forskrift til opplæringslova
§ 4-12 Fritak frå vurdering med karakter for deltakarar med individuell opplæringsplan
Deltakarar i grunnskolen som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får opplæring etter individuell opplæringsplan i faget, kan velje om han eller ho skal få fritak frå vurdering med karakter. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel han eller ho om dei skal ha både skriftleg og munnleg karakter. Den som vel karakter i norsk skriftleg, kan også velje om han eller ho skal få karakter i eitt av skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk.
Deltakarar i vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får individuell opplæringsplan i eit fag, har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag enn i skriftleg sidemål. Deltakaren avgjer om han eller ho vil ha fritak frå vurdering i skriftleg sidemål.
Skoleeigar skal syte for at deltakaren får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.
Deltakarar som er fritekne, skal ha undervegsvurdering utan karakter etter måla i den individuelle opplæringsplanen der planen avvikar frå læreplanen i faget.
Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 14 nov 2022 nr. 1959.