Kunst og handverk (KHV01‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 7. trinn

  • bruke
    ulike handverktøy og elektriske verktøy for å arbeide vidare med og samanføye harde, plastiske og mjuke materiale på ein trygg og miljømedviten måte
  • undersøkje materiala i ulike gjenstandar og vurdere
    funksjon, haldbarheit og moglegheiter for reparasjon og gjenbruk
  • byggje og eksperimentere med stabile konstruksjonar
  • bruke
    ulike strategiar for idéutvikling og problemløysing
  • bruke
    digitale verktøy til å planleggje
    og presentere
    prosessar og produkt
  • teikne form, flate og rom ved hjelp av verkemiddel som kontrastar, skugge, proporsjonar og perspektiv
  • utforske
    og reflektere
    over korleis kjensler og meiningar blir viste i kunst og bruke
    symbolikk og farge til å uttrykkje kjensler og meiningar i eigne arbeid
  • analysere
    visuelle verkemiddel i ulike medium og belyse eit aktuelt tema gjennom foto eller infografikk
  • beskrive
    mangfaldet i klestradisjonar eller gjenstandar, inkludert samiske, og lage eit produkt med inspirasjon frå kulturarv
  • undersøkje korleis kjønnsroller blir viste i kulturelle uttrykk før og no, og lage visuelle uttrykk som utfordrar stereotypiar
  • bruke
    programmering til å skape interaktivitet og visuelle uttrykk
  • designe og lage ei utstilling som viser fram prosess og produkt

Undervegsvurdering