Kunst og handverk (KHV01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 2. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- brukehandverksteknikkar og handverktøy i utforming av tre, leire og tekstil på ein miljømedviten og trygg måte
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- undersøkje eigenskapar ved materiale og dele sanseerfaringar
- utforskeulike visuelle uttrykk og byggje vidare på ideane til andre i eige skapande arbeid
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- eksperimentere med form, farge, rytme og kontrast
- studere form gjennom å teikne, male og fotografere
- skape forteljingar ved hjelp av digitale verktøy etter inspirasjon frå lokale og nasjonale kunstverk
- førestille seg ogbeskriveframtida gjennom teikning og modellar
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- planleggjeog konstruere i naturmateriale etter inspirasjon frå samisk og lokal byggeskikk
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
- vise fram ogpresentereobjekt gjennom utstilling eller samling
Å presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt. Måten å presentere på kan variere, men målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kunst og handverk på 1. og 2. trinn når dei bruker hender og verktøy til å forme i forskjellige materiale, fortel gjennom digitale og visuelle medium og samtalar om opplevingar av kunst, gjenstandar og bygningar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom at elevane får varierte sanseerfaringar, bidra i praktisk utforsking og dele idear og opplevingar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i kunst og handverk. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i å fortelje gjennom bilete, forme i materiale og delta med eigne meiningar i skapande prosessar.