Kunst og handverk (KHV01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 4. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- brukehandverktøy og samanføyingsteknikkar i tre, leire og tekstil på ein miljømedviten og trygg måte
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- prøve ut ulike idear og moglegheiter i gjenbruksmateriale og formidle til andre korleis ein i eigen kvardag kan bidra til å ta vare på natur og miljø
- gjennomførekunst- og designprosessar ved å søkje inspirasjon, utforske
Å gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
moglegheiter, gjere val og lage eigne produktÅ utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- undersøkje korleis tradisjonshandverk, inkludert samisk handverk, utnyttar eigenskapar i naturmateriale, og brukeerfaringar til å lage enkle bruksgjenstandar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- samtale om bruk, funksjon og materialval i ulike bygningar og lage skisser med forslag til ny arkitektur
- tolkeformer og symbol frå ulike kulturar og bruke
Å tolke er å byggje opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga byggjer ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.
desse i visuelle uttrykkÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- teikne form og djupn ved bruk av verkemiddel som overlapping og forminsking
- brukeenkle komposisjonsprinsipp i fotografi og digitale verktøy
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- utforskemangfald i motiv og visuelle uttrykk i kunst frå ulike verdsdelar og lage ein digital presentasjon
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- formidle og vise fram eige arbeid gjennom utstilling
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kunst og handverk på 3. og 4.trinn når dei prøver ut handverksteknikkar, digitale verktøy og visuelle uttrykk og tek del i skapande prosessar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei samtaler om kva kunst, gjenstandar og bygningar fortel om tankane og behova til menneske.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte praktiske oppgåver og ved at elevane får uttrykkje tankar og meiningar gjennom skapande prosessar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i kunst og handverk. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare, når det gjeld både prosess og produkt. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i idéutvikling, problemløysing i materiale, visuell formidling og samtale om handverk og kulturuttrykk.