Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Barn og elevar som ikkje kan kommunisere ved hjelp av tale, har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
De som jobbar i barnehagar og skular, bør ha kunnskapar om og ferdigheiter i bruk av ASK. De må òg anerkjenne at å snakke med ASK er like viktig og like verdifullt som å uttrykkje seg med tale.
Når de jobbar med ASK, bidreg de til at barnet utviklar eit funksjonelt språk for livet.
Alternativ og supplerande kommunikasjon er å kommunisere ansikt til ansikt på andre måtar enn med tale. ASK kan vere
- ei erstatning for tale
- støtte til å utvikle tale
- eit supplement til låg eller utydeleg tale
ASK er barnet og eleven sitt språk, og deira måte å uttrykkje seg på.
Det er ulike årsaker til at barn og elevar har behov for ASK. Kva kommunikative, språklege, motoriske og kognitive ferdigheiter dei har, varierer veldig.
I dag reknar vi med at det er mellom 500 og 600 barn og elevar med behov for ASK i kvart alderskull.
Tre kommunikasjonsformer
ASK blir delt inn i tre kommunikasjonsformer.
Partnarfortolka kommunikasjon er når kommunikasjonspartnaren må tolke og svare på barna eller elevane sine kroppslege uttrykk i her-og-no-situasjonar.
Ikkje-hjelpt kommunikasjon er når barna eller elevane lagar ord sjølve gjennom bevisst bruk av lydar eller ved hjelp av eigen kropp. Dei kan til dømes bruke ja- og nei-lyd bevisst, og dei kan gjere gestar og handteikn eller peike på ulike måtar.
Hjelpt kommunikasjon er når barna eller elevane har orda tilgjengelege i ei fysisk form. Dei peikar på kommunikasjonsmiddel som inneheld grafiske symbol, eller dei skriv. Kommunikasjonsmidla kan til dømes vere
- papirbaserte løysingar som kommunikasjonsbøker, tematavler eller enkeltsymbol
- tekniske løysingar med talesyntese som gir barnet eller eleven ei stemme
For mange vil det vere nødvendig å veksle mellom ulike kommunikasjonsformer ut frå situasjonen, behova eller staden der de kommuniserer.
Nokre tilstandar som gjer at det kan vere behov for ASK, er:
- cerebral parese eller muskelsjukdommar
- ulike typar syndrom
- utviklingshemming
- multifunksjonshemming
- samansette sansetap
- autismespekterforstyrringar
- språkforstyrringar
- erverva hjerneskade
Nokre gonger veit de allereie før barnehage- og skulestart at eit barn eller ein elev vil ha behov for ASK. Då er det ofte allereie etablert eit samarbeid med PP-tenesta, ergo- og fysioterapeut, av og til òg med spesialisthelsetenesta.
For andre vil behovet for ASK bli tydeleg i løpet av barnehage- eller skulealderen, og for nokre først når dei er vaksne.
Når de som jobbar i barnehage eller skule, mistenkjer at eit barn eller ein elev har behov for ASK, må de i samarbeid med føresette ta kontakt med PP-tenesta. Mistanken kan til dømes vere basert på at barnet ikkje har utvikla dei språk- og kommunikasjonsferdigheitene de forventar når det er omtrent to år.
I nokre tilfelle vil de som jobbar i skulen, få elevar som anten ikkje har fått tilstrekkeleg hjelp frå barnehagen, eller som har fått behov for ASK på grunn av skade eller sjukdom.
Kartlegging og utgreiing
Barnehagen og skulen har ei viktig rolle i kartleggingsprosessen. De kjenner barna og elevane godt, og de har kunnskap om typisk kommunikasjons- og språkutvikling. Ut frå dette kan de vurdere korleis eit barn eller ein elev lærer og utviklar seg. Dette er viktig kunnskap når de skal setje inn tiltak.
PP-tenesta er sentral i kartlegginga og utgreiinga av barnet eller eleven. I nokre tilfelle treng PP-tenesta bistand frå NAV hjelpemiddelsentral. Statped kan òg hjelpe om ikkje PP-tenesta har nødvendig kompetanse på ASK.
Kartleggingsprosessen set søkjelys på både kompetanse og behov
- hos barnet eller eleven som treng ASK
- hos nærpersonar
- hos miljøet rundt barnet eller eleven
Finne ei eigna kommunikasjonsform
Målet med kartlegginga er å identifisere kommunikasjonsferdigheiter, styrkar og avgrensingar hos barnet eller eleven. Deretter kan de velje ei eigna kommunikasjonsform.
Ei eigna kommunikasjonsform
- varetek dei kommunikasjonsferdigheitene barnet eller eleven har no, og dei ferdigheitene hen kjem til å få i framtida
- gir barnet eller eleven utviklingsmoglegheiter
- gir forventa kommunikasjonsmoglegheiter og gjer at barnet eller eleven kjenner seg vel
Dersom behova endrar seg, og etter kvart som barnet eller eleven veks, må prosessen startast på nytt. For barn eller elevar som allereie bruker ASK, vil kartlegging gjere det lettare å vurdere om dagens tiltak er dei rette, eller om det er behov for oppfølging.
Les meir: Gjenkjenne og kartlegge spesialpedagogiske behov
Kommunikasjon og opplæring for barn og elevar med behov for ASK er ein prosess som strekkjer seg frå tidleg innsats og gjennom heile livet. Det er viktig at de utarbeider ein god plan for utvikling, opplæring og bruk av ASK.
Barna eller elevane treng tilrettelegging for å auke meistringa i kvardagen, i læringssituasjonar og i sosiale samanhengar.
Språk og kommunikasjonsferdigheiter blir utvikla i samspel med andre. Det er viktig at de gir eit barn eller ein elev som bruker ASK, moglegheit til samspel og deltaking i barnegruppa eller klassen. For å kunne vere gode kommunikasjonspartnarar må dei andre barna og elevane få opplæring i den kommunikasjonsforma barnet eller eleven bruker. Mange barn og elevar kan ha glede og nytte av den auka merksemda på språk og kommunikasjon som ASK kan føre med seg. Vennskap og kontakt med jamaldra er viktig for trivsel og identitet.
For at barnet eller eleven som bruker ASK, skal kunne kommunisere med dei andre barna eller elevane og skal ha best mogleg føresetnader for å delta, er det viktig at de har eit bevisst forhold til kvar i rommet de plasserer barnet eller eleven.
Å kommunisere via ASK kan ta lengre tid, særleg tidleg i læringsprosessen. De må vere tolmodige, slik at barnet eller eleven får nok tid til å seie det hen vil, på kommunikasjonsforma si. Dette bør de òg øve på saman med dei andre barna og elevane.
Barnehagen og skulen har i oppgåve å
- gi barna og elevane tilgang til dei orda dei treng for å uttrykkje seg og lære
- støtte utvikling av kommunikative og språklege ferdigheiter ved å gi barn og elevar spesifikk språklæring i ASK
- bruke handteikn og grafiske symbol i daglege samspel- og læringssituasjonar
- sørgje for at språkopplæring og fagleg opplæring er godt samansydde og tilpassa, og at naturlege situasjonar blir brukte til opplæring
- la barna og elevane ta del i aktivitetar der dei får utforske, leike og lære om bokstavar, bokstavlydar, ord, lesing og skriving
Barnehage- og skuleleiinga har i oppgåve å sikre at personalet
- har relasjonskompetanse, i tillegg til relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- samarbeider om å tilpasse språkopplæringa i ASK, arbeidet med fagområde og opplæringa i fag
- har kunnskap og ferdigheiter som gjer at dei kan tilpasse læremiddel, innhald, oppgåver og vurderingssituasjonar på mange måtar etter kva barnet eller eleven har behov for
Spesialundervisning
I dei fleste tilfelle trengst spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning for å gi opplæring i bruk av ASK, og for å leggje til rette for læring i aktivitetar og fag.
Les meir: Tilrettelegging for barn og elever med behov for ekstra støtte
Her finn de informasjon om rettar som gjeld berre for barn og elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Barn og elevar med behov for ASK kan òg ha andre rettar som ikkje er omtalte her.
Alternativ og supplerende kommunikasjon i barnehage og skole
Barn og elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon har rett til å få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i barnehagen og på skulen. Det same gjeld barn og elevar som har utfordringar med språkforståing.
Barn og elevar som bruker alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få ha med seg og bruke hjelpemiddel dei treng for å kommunisere. Dersom eit barn til dømes har behov for å bruke talemaskin for å kommunisere, skal barnet få ha med seg denne i barnehagen eller på skulen.
Alternativ og supplerande kommunikasjon kan vere ein del av det ordinære opplæringstilbodet. Det betyr at det ikkje alltid er nødvendig med vedtak om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning sjølv om eit barn eller ein elev har behov for ASK.
Rettane til ASK er regulerte i
- barnehagelova § 39
- opplæringslova § 2-16, for elevar i grunnskulen
- opplæringslova § 3 -13 for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar i videregående opplæring
- opplæringslova § 4A-13 for opplæring spesielt organisert for vaksne
Vedtak
I mange tilfelle vil barnet eller eleven trenge opplæring i bruk av alternative kommunikasjonsformer. Då må barnehagen eller skulen gjere vedtak om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.
Før det kan gjerast vedtak, må PP-tenesta gjere ei sakkunnig vurdering av kva behov barnet eller eleven har for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. Det er presisert i lovføresegnene om ASK at spesialundervisning eller spesialpedagogisk hjelp inkluderer nødvendig opplæring i bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon. Dette inneber både opplæring i å bruke utstyret barnet treng for å kommunisere, og opplæring i å kommunisere med eller utan utstyr.
Før PP-tenesta utarbeider ei sakkunnig vurdering, og før kommunen gjer vedtak, må foreldra samtykkje. Det er eigne saksbehandlingsreglar for vedtak om spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. Dei kan du lese meir om i rettleiarane våre.
- Spesialpedagogisk hjelp - om rettane før barnet har byrja på skulen
- Spesialundervisning - om rettane på skulen
- Rettleiaren Spesialundervisning for vaksne - om rettane til vaksne med rett til grunnskuleopplæring
Rettane til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning er regulerte i
- barnehagelova § 31 om spesialpedagogisk hjelp
- opplæringslova kapittel 5 om spesialundervisning
Det beste for barnet
Det er viktig å hugse på at det som er best for barnet, skal vere avgjerande for alle avgjerder som omhandlar barn. Barn har rett til å bli høyrde og til å få seie kva dei meiner.
Les meir: Barnekonvensjonen i saksbehandlinga
Overordna regelverk