Dei som jobbar i barnehagar og skular, bør ha kunnskap om kva som kjenneteiknar dei ulike gradene av utviklingshemming, og korleis dei best mogleg kan leggje til rette for kvart enkelt barn og kvar enkelt elev.
Kva er utviklingshemming?
Barn og elevar med utviklingshemming er ei samansett og mangfaldig gruppe. Det dei har til felles, er at utviklinga deira går saktare, og at dei mellom anna bruker betydeleg lengre tid enn jamaldrande på å lære kommunikasjon, språk, ferdigheiter og kunnskap.
Lærevanskar er den viktigaste fellesutfordringa for barn og elevar med utviklingshemming. Vanskane med å lære heng ofte saman med redusert kapasitet til å oppfatte, vurdere, bearbeide, lagre og handle målretta ut frå informasjon frå omgivnadene.
Om lag 1–3 prosent av befolkninga har ei utviklingshemming.
Diagnosesystemet vi bruker i Noreg, ICD-10, skil mellom fire grader eller nivå av utviklingshemming:
- lett eller mild grad
- moderat grad
- alvorleg grad
- djup grad
Om lag 85 prosent av alle barn og elevar med utviklingshemming har lett eller mild grad. I barnehagealder er sein språkutvikling ofte noko av det første som blir merkbart. I skulealder ser ein ofte lærevanskar og ei utvikling som skil seg frå jamaldrande, og det er behov for fleire repetisjonar.
Barn og elevar med moderat utviklingshemming har eit utviklingsnivå som inneber omfattande og langvarige behov for tilrettelegging. Dei er meir enn andre avhengige av konkrete og nære erfaringar for å lære, meistre og forstå. Både språkutviklinga og den motoriske utviklinga er som regel merkbart seinare enn hos dei fleste jamaldrande. I dei fleste tilfella blir dette tydeleg allereie dei første leveåra. Om lag 10 prosent av personar med utviklingshemming har moderat grad.
Alvorleg og djup utviklingshemming viser seg tydeleg allereie i dei første leveåra. Det krevst tett oppfølging gjennom heile livet.
Årsaker til utviklingshemming
Utviklingshemming er ein diagnose som blir stilt på bakgrunn av at barnet viser betydeleg forseinka utvikling samanlikna med jamaldra. Det betyr at barn og elevar som til dømes har Downs syndrom, òg kan få diagnosen utviklingshemming. Downs syndrom er då årsaka til utviklingshemminga.
Hos om lag 20 prosent av dei som får diagnosen utviklingshemming, finn ein inga sikker årsak. Det er likevel vanleg å undersøkje om det har skjedd noko i svangerskapet, under fødselen eller i den første perioden etter fødselen.
Utviklingshemming førekjem ofte saman med andre diagnosar, til dømes epilepsi, cerebral parese og nedsett syn og/eller høyrsel.
Les meir om utviklingshemming på Helsenorge
Korleis kjenne att og greie ut utviklingshemming?
For å kunne støtte barn og elevar med utviklingshemming på ein god måte er det viktig å fange opp behov og setje inn tiltak så tidleg som mogleg.
Når eit barn har moderat til djup grad av utviklingshemming, blir utviklingshemminga som regel avdekt tidleg, nokre gonger allereie ved fødselen.
Eit barn med lett grad av utviklingshemming kan derimot kome opp i skulealder før ein får mistanke om at noko ikkje stemmer. Når krava aukar, kan ein merke at utviklinga ikkje er som forventa.
Sein språkutvikling kan vere eit tidleg teikn på lett utviklingshemming. Det er likevel først aktuelt å vurdere utviklingshemming når barnet har utfordringar og hjelpebehov på fleire område. Etter kvart som barnet blir eldre, vil avstanden til jamaldrande ofte auke, og utfordringane bli meir tydelege.
For å få diagnosen utviklingshemming må barnet eller eleven vise betydeleg forseinka utvikling på fleire av desse områda:
- kognitiv utvikling
- kommunikasjon og språkutvikling
sosial fungering - sjølvhjelpsevne i daglege aktivitetar og gjeremål
Kartlegging og utgreiing
Foreldre som er bekymra for barnet sitt, kan ta kontakt med barnehagen, helsestasjonen, fastlegen, skulen eller PP-tenesta. Foreldra kjenner barnet best, og deira tankar og bekymringar om utviklinga er viktig å ta på alvor. Erfaringar og observasjonar som foreldra har gjort over tid, er sentral informasjon i ei utgreiing.
Barnehage og skule har gjennom observasjon og kartlegging eit godt grunnlag for å samanlikne barnet eller eleven med jamaldrande. Dersom de mistenkjer at eit barn kan ha utviklingshemming, kan de systematisk observere språkutvikling, sosial fungering og behov for hjelp i praktiske kvardagssituasjonar. Dersom barnet på fleire område ikkje fungerer på det nivået de kan forvente ut frå alder, bør de ta initiativ til ei utgreiing.
PP-tenesta bidreg med kompetanse og rettleiing til barnehagar, skular og foreldre. I tillegg greier dei ut barnet eller eleven vidare, til dømes gjennom observasjonar, screening og testing. PP-tenesta vurderer om barnet eller eleven har rett til spesialpedagogisk hjelp eller individuelt tilrettelagd opplæring.
Spesialisthelsetenesta, Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) eller habiliteringstenesta (HABU), greier ut og stiller diagnose ved mistanke om utviklingshemming. Fastlegen viser vidare til spesialisthelsetenesta.
Ved diagnostisering bruker ein framleis nemninga psykisk utviklingshemming.
Les meir: Gjenkjenne og kartleggje spesialpedagogiske behov.
Tilrettelegging for barn og elevar med utviklingshemming
God tilrettelegging kan bidra til at barn og elevar med utviklingshemming får utvikle seg, lære, trivast, oppleve god livskvalitet og delta i samfunn og fellesskap. Barn og elevar med utviklingshemming treng tilrettelegging for å få nytta læringspotensialet sitt best mogleg.
Kartlegging og utgreiing er ofte nødvendig for å vurdere behov for tilrettelegging og støtte.
For barn og elevar med alvorleg eller djup utviklingshemming er grunnleggjande kommunikasjon og fokus på her-og-no-situasjonar sentralt i tilrettelegginga.
For barn og elevar med lett eller moderat utviklingshemming er det stor variasjon i støttebehov. Mange av dei har gode føresetnader for å utvikle praktiske og kommunikative ferdigheiter, men dei treng ofte meir tid enn jamaldrande.
God kommunikasjon handlar om å skape kontakt, fellesskap og gjensidig forståing. Barn og elevar treng å kjenne seg verdsette og forståtte, uavhengig av om dei uttrykkjer seg gjennom kroppsspråk, åtferd, lydar, ord eller på andre måtar. Nokre vil ha nytte av symbolbasert alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
De bør òg sørgje for struktur og føreseielege rammer i kvardagen. Barn og elevar med utviklingshemming har ofte utfordringar med å bearbeide store mengder informasjon samtidig. Det er derfor viktig å dele informasjonen opp i mindre delar og kommunisere tydeleg. For mange vil visuell støtte og bruk av grafiske ASK-symbol vere til god hjelp for å skape struktur i hverdagen.
Inkludering og deltaking er viktig for livskvaliteten til barn og elevar, og for opplevinga av å høyre til i barnehage- og skulekvardagen. Dette kan de leggje til rette for ved at barn og elevar med utviklingshemming får:
- fysisk tilgang til fellesskap med andre barn og elevar
- høve til å bidra i fellesskapet
- høve til å gi uttrykk for eigne meiningar om aktivitetar og oppgåver
- delta i læringsaktivitetar
- delta i det sosiale fellesskapet
- eit sosialt og fagleg læringsutbytte
Både PP-tenesta og helsetenesta og kan gi rettleiing og støtte i arbeidet med tilrettelegging.
Individuelt tilrettelagt opplæring
Elevar som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til individuell tilrettelegging. Individuelt tilrettelagd opplæring er ei fagleg tilpassing som tek utgangspunkt i læreplanane. Læreplanene for fag gjelder også for elever som har individuelt tilrettelagt opplæring.
PP-tenesta skal vurdere kva slags opplæring som er til det beste for eleven. For nokre elevar kan det vere aktuelt å gjere avvik frå læreplanane og i staden tilrå læringsmål som handlar om praktiske ferdigheiter, kommunikasjon, nærleik og samhald, verdsetjing av sosial rolle, eigenomsorg og fysisk fungering.
Graden av utviklingshemming har stor betydning for kva behov barnet eller eleven har for spesialpedagogisk hjelp eller individuell tilrettelegging.
Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom ei utgreiing konkluderer med at dei har behov for det.