Å gå på ein skole i nærmiljøet
Elevar har rett til å gå på den skolen som ligg nærast heimen, eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Du som er forelder eller er elev som har fylt 15 år, kan søkje skoleplass på ein annan offentleg skole enn den eleven soknar til.
(Opplæringslova § 8–1)
Utsett skolestart om barnet treng det
Dersom du er i tvil om barnet ditt er kome langt nok i utviklinga til å starte på skolen, bør du kontakte kommunen i god tid før skolestart. Det er kommunen som bestemmer om barnet skal utsetje skolestarten. Før kommunen tar avgjerda, må dei innhente ei sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og få samtykke frå deg som er forelder.
(Opplæringslova § 2–1)
Ei gratis grunnskoleopplæring
Grunnskoleopplæringa skal vere gratis for elevane og foreldra. Det betyr at skolen ikkje kan krevje betaling frå deg som forelder for undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskolar, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.
(Opplæringslova § 2–15)
Eit godt skolemiljø
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skolen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane. Elevane skal få ta del i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet med skolemiljøet. Når det gjeld retten til eit trygt og godt psykososialt skolemiljø, har skolen ei aktivitetsplikt med fem delplikter. Alle som arbeider ved skolen har ei plikt til å følgje med på om elevane har eit trygt og godt skolemiljø, og skal gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg. Alle som arbeider ved skolen har ei plikt til å varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Rektor skal varsle skoleeigaren i alvorlege tilfelle. Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, skal skolen snarast undersøkje saka. Når ein elev seier at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, eller undersøkingar viser dette, skal skolen så langt det finst eigna tiltak, sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Skolen skal lage ein skriftleg plan når det blir sett inn tiltak i ei sak. Dersom det er ein som arbeider ved skolen som krenkjer ein elev, har skolen ei skjerpa aktivitetsplikt. I slike tilfelle blir det stilt strengare krav til varsling og til fremdrifta i saka.
Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til statsforvaltaren etter at det er gått ei veke sidan saka er tatt opp med rektor.
Elevane har òg rett til eit trygt og godt fysisk skolemiljø. Dersom foreldra eller elevane ber om tiltak for å rette på det fysiske miljøet, skal skolen snarast behandle saka og fatte enkeltvedtak.
Skolen skal informere elevane og foreldra om retten til eit trygt og godt skolemiljø, om aktivitetsplikta og høvet til å melde saka til statsforvaltaren.
Sjå informasjon til foreldre om nytt regelverk i kapittel 9 A, som du kan finne her.
(Opplæringslova kapittel 9A)
Skyss når dei treng det
Elevar har rett til gratis skyss dersom
- dei går på 1. årstrinn og bur minst 2 km frå skolen
- dei går på 2.–10. årstrinn og bur minst 4 km frå skolen
- skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg, uavhengig av kor lang skolevegen er
- dei må reise med båt
Elevar med funksjonsnedsetjingar har rett til gratis skyss til og frå skolen og skolefritidsordninga (SFO), dersom dei trenger det, uavhengig av avstanden.
(Opplæringslova kapittel 7)
Fritak frå aktivitetar
Dersom du som forelder eller barnet ditt meiner at delar av opplæringa på skolen strir mot den religion eller det livssyn de har, skal eleven få fritak. De må melde frå skriftleg om dette til skolen. Eleven kan ikkje få fritak frå heile fag, men aktivitetar i fag.
Faget kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevane. Faget skal gi kunnskap og forståing, ikkje vere forkynnande eller gi opplæring i ein bestemt religion eller eit bestemt livssyn.
(Opplæringslova §§ 2–3a og 2–4)
Rådgiving
Eleven har rett til å få rådgiving som skal bidra til at han eller ho finn seg til rette i opplæringa. Rådgivaren eller sosiallæraren kan også hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle forhold på skolen. Eleven skal få nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval.
(Opplæringslova § 9–2 og forskrift til opplæringslova kapittel 22)
Leksehjelp i grunnskolen
Kommunen skal ha eit tilbod om gratis leksehjelp i grunnskolen. Kommunen kan fordele leksehjelpa fritt på 1.-10. årstrinn. Leksehjelpa er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa, og det er derfor frivillig om elevane ønskjer å delta. Leksehjelpa skal leggjast til rette slik at elevar med funksjonsnedsetjingar kan delta.
(Opplæringslova § 13–7a og forskrift til opplæringslova kapittel 1A)
Fysisk aktivitet på 5.-7. årstrinn
Elevar på 5.–7. årstrinn har rett til jamleg fysisk aktivitet i tillegg til kroppsøving. Formålet er å gi elevane ein meir variert og aktiv skoledag. Fysisk aktivitet er ein del av den obligatoriske grunnskoleopplæringa og skal inngå som ein del av skolekvardagen. Elevane skal aktiviserast, aktiviteten skal vere lystvekkjande og gi elevane ei moglegheit til å vere fysisk aktive uavhengig av funksjonsevne eller andre føresetnader.
(Opplæringslova § 2–3 og forskrift til opplæringslova § 1–1a)