Læreplan i naturfag (NAT1-03)

Utgått


Denne læreplanen er utgått.

Mer om gyldighet og innføring av ny læreplan

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I naturfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Munnlege ferdigheiter i naturfag er å lytte, tale og samtale for å beskrive, dele og utvikle kunnskap med naturfagleg innhald som er knytt til observasjonar og erfaringar. Det inneber å bruke naturfaglege omgrep for å formidle kunnskap og formulere spørsmål, argument og forklaringar. Det inneber òg å tilpasse uttrykksform, omgrep og døme til føremålet og mottakaren. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i naturfag går frå å kunne lytte og samtale om opplevingar og observasjonar til å kunne presentere og diskutere stadig meir komplekse emne. Det inneber meir og meir å kunne bruke naturfaglege omgrep til å uttrykkje forståing, til å ha eigne vurderingar og til å vere med i faglege diskusjonar.

Å kunne skrive i naturfag er å bruke naturfaglege tekstsjangrar til å formulere spørsmål og hypotesar, skrive planar og forklaringar, samanlikne og reflektere over informasjon og bruke kjelder på tenlege måtar. Det inneber òg å gjere greie for observasjonar og erfaringar, samanlikne informasjon, argumentere for synspunkt og rapportere frå feltarbeid, eksperiment og teknologiske utviklingsprosessar. Skriveprosessen, frå planlegging til bearbeiding og presentasjon av tekstar, krev naturfaglege omgrep, figurar og symbol tilpassa føremålet og mottakaren. Utviklinga av skriveferdigheiter i naturfag går frå å bruke enkle uttrykksformer til gradvis å ta i bruk meir presise naturfaglege omgrep, symbol, grafikk og argumentasjon. Det inneber å kunne skrive stadig meir komplekse tekstar som byggjer på kritisk og variert kjeldebruk tilpassa føremålet og mottakaren.

Å kunne lese i naturfag er å forstå og bruke naturfaglege omgrep, symbol, figurar og argument gjennom målretta arbeid med naturfaglege tekstar. Det inneber å kunne identifisere, tolke og bruke informasjon frå samansette tekstar i bøker, aviser, bruksrettleiingar, regelverk, brosjyrar og digitale kjelder. Lesing i naturfag inkluderer kritisk vurdering av korleis informasjon blir framstilt og nytta i argument, mellom anna ved å kunne skilje mellom data, gjetting, påstandar, hypotesar og konklusjonar. Utviklinga av leseferdigheit i naturfag går frå å finne og bruke uttrykt informasjon i enkle tekstar til å forstå tekstar med stadig fleire fagomgrep, symbol, figurar, tabellar og implisitt informasjon. Kravet til kritisk lesing og evne til å identifisere relevant informasjon og vurdere kor truverdige kjelder er, aukar frå å kunne bruke tilrettelagde kjelder til å kunne hente inn og samanlikne informasjon frå ulike kjelder og vurdere relevansen.

Å kunne rekne i naturfag er å hente inn, bearbeide og framstille talmateriale. Det inneber å bruke omgrep, måleinstrument, måleiningar, formlar og grafikk. Rekning i naturfag er òg å kunne samanlikne, vurdere og argumentere for at berekningar, resultat og framstillingar er gyldige. Utviklinga av rekneferdigheiter i naturfag går frå å bruke enkle metodar for oppteljing og klassifisering til å kunne vurdere val av metodar, omgrep, formlar og måleinstrument. Det inneber òg å kunne gjere gradvis meir avanserte framstillingar og vurderingar og bruke rekning i fagleg argumentasjon.

Digitale ferdigheiter i naturfag er å bruke digitale verktøy til å utforske, registrere, gjere berekningar, visualisere, dokumentere og publisere data frå eigne og andre sine studiar, forsøk og feltarbeid. Det inneber òg å bruke søkjeverktøy, meistre søkjestrategiar og kritisk vurdere kjelder og velje ut relevant informasjon om naturfaglege tema. Utviklinga av digitale ferdigheiter i naturfag går frå å kunne bruke digitale verktøy til å vise stadig meir sjølvstende og dømekraft i val og bruk av digitale kjelder, verktøy, medium og informasjon.

Side 4 Av 13

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!